onsdag 18. juli 2012

*Noe for gutta*

Etter montering av skjenk, har eg rydda.
 I ryddesjauen fann eg eit tillaga kort som det gjensto å montere.
So var eg bl.a innom Trykkpressa og fann ei utfordring som er *midt i blinken* :D
So her e mitt bidrag til Trykkpressa - juliutfordring  "Noe for gutta"


Ferdig fargelagd Cockatoo frå 
The Paper Shelter.
 Lerret-rest frå Eurofoto
ting som ligg på golvet, tar eg med heim
(etter å ha spurt om lov ;)
brads med skruehode mønster.
Genial for the man. 
har klipt ut topp og bunn for effekt.

Synest det mangla noko, so limte på ein charm

 Mønsterpapira er frå
My mind's eye - Lime Twist
Har sota kantane med creamy brown.

Ynsje deg ein god dag.
Mvh Frk. Bogstad


mandag 16. juli 2012

Å montere skjenk

Eg trur eg er eit hakk nærare døden.
Å montere skuffer og skap/skjenk tar knekken på tolmodet mitt og aukar trykket på pumpa.
Men no e ENDELEG alle deler sett ihop, skjenken er ferdig og eg må kvile ..

Neste steg er å flytte ting frå den noverande "pyntehylla" -som skal snuast, til 9skuffers-skjenken :)
Skal bli bra, men koffor må det ta soo långe tid?!

Elles får eg gjort for lite kort-ting og skuffande er det når få/ingen kommenterar på utlagt materiale. Eg tåler altso kritikk óg!
Hadde tenkt å ha ein candy, men synst sånt er unødvendigt å lage når folk forlet ein, rett etterpå ..
Kravstor? SO WHAT!!
Håpar verkeleg din dag er betre enn min. Om det er nokon i det heile tatt som les dette her.
Frk. Bogstad

lørdag 7. juli 2012

Bryllaupskort

Eit kort til eit par som gifte seg i dag
♥ 07.07.2012 ♥

Hjarte er frå Stempelglede sin Grunge Flourish Hearts
Med raud ink, blankt embossingpulver og ta-daa :)
Dies'n er S4-345
*Picot Edge Sircles*

Diktet er av Ingvar Mo.
Det kan hende eg har kutta ut nokre komma .......
Eg synst det passa best slik.
Embossa swirl inni kortet.
Enkelt og greit :)

God helg-klem frå Frk. Bogstad

onsdag 4. juli 2012

Rosett dilla!!

Som nemt tidlegare, ser eg mykje YouTube videoar om alt muleg innan scrapping o.l
Såg Tim Holtz sin video om rosettar og tenkte at dette likar eg!
Bestilte dies'n på bikuben og har køyrt den gjennom Big Shot sidan.
Den ser faktisk litt sleten ut .. Dies'n that is ;)

Eg har brukt mest Maja Design ark (som er litt tjukke) og 120 grams ark.
Trur til dømes kopi-papir fort går sønt/vert øydelagt.

Her e dei samla i ein boks:

Desse store har eg laga via Silhouette sd
 Lagde til ein kant på 1,5 cm (skulle vå 0,7) som eg har puncha med min MS cherish.
Den med lys midte vart for stram og den med brun midte vart for laus ..
Men eg lære långsmed ;)

Dei små (5,5 cm og 4 cm i diameter) er laga av dies'n til Tim Holtz ♥♥♥
Her brukt nederste kant på Maja Design ark :)

Dei HAPPY rosa, grøn, blå, gul osv -arka, kjem frå ein PaperPad 12" x12" kjøpt på Notabene eller Nille.
Eg meinar eg har kjøpt dei på Nille :)

Takk for kommentarar som vert lagde att.
Det e STAS :D

tirsdag 26. juni 2012

Supercute *ikkjeheiltferdig* journal

Har vå masse inn på YouTube i det siste
(mi form for inspirasjonsdykk)
og fann bl.a denne:
Ho har brukt eit halvt 30x30 ark og pynta med masse dill/dall ;)

Men eg fekk ikkje til jamn rygg med eit ark,
so eg har brukt papp-plater og "rosett"-bretta rygg.
Ogso brukte eg aluminiumstape (frå Biltema) for å halde ting på plass :)

Deretter har eg limt på ark frå Panduro Design sin Cirkus (360838)
og eit band frå WOC, til å halde boka att.
Det står igjen å lime på arka som skal vere sjølve journalen, men sånt tek tid ;)
Ville nett vist dekan korleis, so långt

Framsida

 Inni
. Innlegget vil bli oppdatert når boka blir ferdig☺

Ha ein flotte dag.
Sommarklem frå Frk. Bogstad

torsdag 14. juni 2012

Bryllaupskort

Omsider ferdig med bestillings-bryllaupskortet:

 Hjartet er embossa med gullpudder på matt fotopapir.
Roser frå WOC,
tekst frå pc.
300 grams gull fotokartong.
Kvite halvperler.

Swirl  frå Stempelgleder sin *Grunge Flourish Hearts*
embossa med gullpudder den óg.
Diktet fann eg på Sakkalo sin blogg :)

 Hugsar ikkje kva papiret heiter, men kanskje det kjem frå Panduro?
Det var jaffal midt i blinken.

Elles har eg raka mest i heile dag!!
(frå 8.30 til 14)
Og kan legge meg med godt samvit ☺

Klem frå Frk. Bogstad

mandag 11. juni 2012

Stille ...

Grunnen til at det er so stille her på bloggen, er fordi det er sommar.
Eg har eit småbruk som må haldast ved like. Gras som skal slåast og tørke.
Sidan det er ulendt, er det ikkje gjort på ein dag eller to .. Vi brukar nemleg slåmaskin og tørkar graset på bakken. Ikkje noko hesjing i år.
Men innimyllja, når det er kveld, sit eg å puslar med ting.
No for tida prøve eg å lære meg å embosse. Har eit bryllaupskort som skal leverast onsdag. Og der skal vere eit embossa hjarte i gull.

Og sånn går no dagan ;)

YNSJE DEG EIN FLOTT SOMMAR ☺

torsdag 31. mai 2012

Mitt kamera

I haust/vinter kom Birgitte (niese) til meg og lurte på om eg ville kjøpe hennar Olympus E-500.
Eg trudde eg var ei Canon-dame, men Olympus fønkar fint for meg ;)
No e ikkje eg van med slike store kamera med tut, eg har tykt atte mitt Canon ixus 95IS e superdupert.
Det tykkje eg enno, men med Olympus kan eg ta bilder av det som er lenger vekke :)
Fint for meg som likar landskapsmotiv. Mini-digital-kameraet nyttar eg til nærbilder av blomster & dyr. Og bildetaking av korta mine.


Egentleg skulle vel eg hatt ei bok om; korleis stille kameraet riktig inn etter kva du skal ta bilde av.
Men eg tek bilder, går inn å lastar dei opp og ser at det vart bra.
Eg lærer nuk långsmed ;)

Deltek på Fabelaktig si Mai utfordring
vis meg ditt kamera
Spennande ☺
God kveld/ natt  frå Frk. Bogstad

mandag 28. mai 2012

Jebbuskortet til Ira

Forrige helg va eg altso i Herøy kommune. I Ira sin 50! års dag.
Her e kortet
3D motiv frå Docrafts
som eg har kjøpt på Ronny Rør avd hobby :) 
Hjørne -og langsmed punch frå Martha Stewart.
 Tekst på kalket transparant papir.

 Har tenkt lenge at eg ville bruke utklipt tekst.
Vart stiligt, ikkje sant ?

Lei av å pynte, limte på stjerner ;)
Med pengelomme.

 Mitt personlige stempel
(snudd, as always ..)

Jubilanten med rosa skjerf :)
Det e ei knallkjekke dame :D
Dei damene som sit rundt er med i eit kor som heiter Sirene.
Flinke damer :)
Og mannen med det flotte håret, e dirigenten.

ha ein fin 2.pinsedagsettermiddag.

Klem frå Frk. Bogstad

 

torsdag 24. mai 2012

Sol og flott veir = energi til å arbeide ute :)

Å kor flott veir vi  har :)
Dagane mine går i innearbeid på Eurofoto frå 08.30 til 14.30, so heim for kjapp matpause, ogso ut i hagane til folk å klippe plen. 2 plenar for dag. I'm lovin' it :D
Eg e blitt solbrend på "lastebil-armen" som Trond kallar det. So eg må nytte søndagen til å sitje høgrevendt mot soli ;)
Som de les, blir det ikkje mykje tid til kortlaging.
Men eg må lage eit kort til konfirmant-gut søndag, ogso har eg bestilling på 2 ganske ulike bryllaupskort til eingong i juni.
Eit romantisk i gul(l)t og kvitt, og det andre ikkje fullt so romantisk og altfor frie tøylar.
So eg har no å tenkje på medan eg klipper og høyre på radio i høyrselsvernet.

Elles var eg til Nerlandsøy (volda, nerlandsøy, runde, goksøyr og ørsta) forrige helg.
Legg ved nokre bilder derifrå :)

Høgre "framside" av Nerlandsøy ;)

 Eit gammalt naust med båt.

Runde

Goksøyr

 Kvalsvik. "Baksida" av Nerlandsøy.

God pinse ☺

Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 17. mai 2012

Gratulerer med dagen Noreg ♥

So var det endeleg 17. mai
Veiret e akkurat passeleg, for meg ;)
7 varmegrader og opphaldsveir.

Eg ynsje alle mine følgara m.fl, EIN FLOTT 17. MAI ☺

Heime på tunet.

Klem frå Frk. Bogstad

søndag 13. mai 2012

Til konfirmanten

Eit kort i aller siste sekund!!
Deltek på nordsalten hobbyklubb si
 Utfordring #53 - FLOWER POWER
 Veskekort til konfirmanten
Mønsterark frå Maja Design ~Crea Diem~
Blomster frå Wild Orchid Crafts

Til konfirmanten

I dag er det konfirmasjon i Breim.
Hjarteleg til lukke alt i hop ☺
Jah, gratulere til de som feirar andre stader óg, altso ;)

 Her e nokre av dei korta eg gav i frå meg i dag

Bildet av bil funne på nett. 
Skrivefelt vart limt oppå den brunstripa delen ;)
 Med pengelomme
♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥
 Jente varianten

 Med pengelomme
Skrivefelt oppå modellane.
(bilde ville ikkje snu seg ...)
********************************
Enkle kort
 Med framtidshelsing
Gratulasjonar på den sida som ikkje viser ;)

 Og enkelt gutekort

Ha ein flotte søndag :)
Her blæs og regnar det ..
Klem frå Frk. Bogstad

fredag 11. mai 2012

Bordkort til konfirmant

Omsider ferdig med oppdrag *37 stk bordkort til konfirmant*


 Finskoa har Silhouette sd ordna.
Rosa e 15 mm frå Storyteller
Dei rosa arka heiter Cupcake og ...?
Skal finne ut av d ein dag ..
 Eg fekk ikkje tid til å stille opp alle.
Skulle kanskje vore bling på, men ærleg tala, det orka eg ikkje bjønde med ..
...ogso blir det skeivt, ogso vil man ta av, ogso føl arket med, ogso må man lage nytt.
NEI TAKK!!
Mor til jenta var å henta dei i sta, 
so no sit eg å nyt at eg er ferdig med oppdraget og at det er fredag, med eit glas kvitvin ☺

I mrg skal det klippast plen om det vert opphaldsveir. Eg likar å klippe plen. So lenge høyrselsvernet har batteri og tek inn radiosignal ;) Då kooosar eg meg :D

God helg, alt i hop :)
Klem frå Frk. Bogstad.

mandag 7. mai 2012

Til Konfirmanten

Konfirmasjonskort til jente.
Ja, no nærmar det seg konfirmasjon i Breim kyrkje og andre stader kringom.
Dette kortet sende eg i dag til ei dame, som skal gje det vidare til eit barnebarn.
Eg e veldig nøgd med desse veskene ☺
Har som nemmt før *laga dei sjølv* , etter design på Silhouette Studios.

Mønsterarket er Maja Design  ~ crea diem ~ 
 Blomster frå Wild Orchid Crafts
Sommarfuglar utskjært av Silhouette.
Tekst frå pc.
Charms frå .... hmmmm?
Der står jaffal *made with love*

Personleg stempel var der óg, men bilde; Nope.

Hej då :)

Sjørøvarkort

Laurdag var grandnevøen min 6 år.
Og han likar sjørøvera. So då ville eg at kortet skulle vere i det temaet.

 Enkelt og greit. Beina og skallane er sjært ut av Silhouette.
Bildet fann eg på google.com
Har rispa og sota kantane.
På internett fann eg ei side som overset tekst til sjørøverspråk ;)

Elles e eg inne i god konfirmasjonskort-stim ☺

fredag 4. mai 2012

How do Mr. Linky works ????

I'm planning a new giveaway, but then I want to use Mr. Linky.
ANYONE PLEASE HELP ME????

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥