onsdag 26. juni 2013

Dekorert ramme

For nokre år sidan kjøpte eg fleire slike rammer frå Panduro.
2 stk på eit "stativ"
 
 Sommaren 2011 fekk vi vatn i kjellaren og desse 
-blandt mykje anna- låg å duppa i ei kasse.
Men i dét eg sku hive ting tenkte eg at 
desse kan eg sikkert bruke til noko ;)
Dei e litt skakke, men ka gjer vel ikkje litt måling
***
 Rosene er frå WOC
 dei andre blommorna frå Nille.
Der har eg óg kjøpt blondebandet.
sommarfuglane frå silh. sd
♥pins frå little yellow bicycle.
***
Ferdig resultat !
 Bronsehjørnet e frå kort og godt.
Det va i ein pakke eg vann frå Nordsalten hobbyklubb eingong. 
Pebbelsen har eg fått gjennom gratis nedlasting, 
men nett no finn eg ikkje av kven, att ..
Eg brukar limpistol når eg limar på blomster og dill.
Då sit det fast!
 Tok å laga til sånn at den kan henge. 
Då e den likso *ut av vegen* ;)
Eg skulle so gjerne øngst at fleire ville kommentere innlegga mine. 
Eg e veldig avhengig av tilbakemeldingar.

Men eg DIGGAR dei eg får :)
Tusen takk
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 13. juni 2013

Sommarhagen - ein stor favoritt :)

Bidrag I til Sommarhagen
***
Katrine Anita's magiske verden har ei  utfordring gåande til 31. juli
Eg vil då skrive og vise ein av mine favorittar i hajen om sommaren.

Eg bur på eit småbruk, med uendelige mulighetar innan hage.
Men eg bur ikkje åleine og bestemmer heller ei,
so det vert med eit bédd her og eit der ..
***
Eg ELSKAR Hosta fortunei. 
Eg har eit heilt bedd med hosta.
dvs det er ikkje stort, det er omtrent 1 m2.
Der var 9 forskjellige, 
men vintrane dei to-tre siste åra har tatt nokre frå meg :(
Eg meinar eg har 5-6 att. 
Eg likar blada, blomsten klipper eg av!
 Grunnen til at eg likar denne planten, 
er at blada er dekorative og i fargetonen GRØN 
:D
Elles går det i slått om dagen. 
Lite papirkreativt som blir til her..
Ynsje deg ein fin kveld ☺
Klem frå Frk. Bogstad.

mandag 3. juni 2013

Bryllaupskort med LOTV motiv

Koffor ska det ta so lång tid å lage noko so enkelt...?
Motivet e ferdig fargelagt frå Lili Of The Valley, men buskhjarte va kvitt.
Og busker er ikkje kvite, so eg farga den grøn.
Mønsterarket passa til det grå i bildet. 
Og raud e farge nr 1 til Løøøøve' ;)
 Uklårt bildet, fordi eg sku skunde meg ..
***
inni kortet-bilda må eg vente med,
for dropbox'n min vil ikkje oppdatere seg 
****
Pengelommen vart provisorisk her óg ...
Med dikt som eg tykte høvde desse to ♥

Gratulere med overstått dag; Lene og Martin Inge.

Elles er ikkje dette tida for meg å vere inne å kreere. 
Eg likar meg best ute i lag med plenklipparen min :)

Hej då :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥