torsdag 29. mai 2014

Til konfirmanten :)

Ja so va dagen komen til konfirmasjon i Breim.
Og som alltid er ikkje eg i rute ...
Det har vå so nydeleg veir her i det siste,
mange plenar å slå og mykje å gjort heime. 
I tillegg til postbud-arbeidet.
Og når eg då set meg ned er eg fullstendig pudding 
og klare ikkje tenkje ein tanke ut.
So då fann eg ut når eg vakna i dag tidleg klokka 06
(sidan eg har steje opp på det tidspkt 
dei to forrige dagane for å slå hajen min med slåmaskina)
-at eg lagar eit kort til han som har vå naboen min lengst! 
Dvs sonen hass ;)
 Eg va innom scrapping.no og der såg eg eit fantastisk flott konf.kort 
som Ronja77 hadde laga. 
Eg tok min frihet til å lifte framsida av kortet :)
Fall fullstendig for gears-ramma på framsida og stjernene.

Det slo meg nett no klokka 17.40 at eg gløymde å ha på 
Til konfirmanten -stempelet oppe ..
Jaja...
*sukk*
 Vegen blir til mens du går -opplegg ;)
Pengelomme
 Nynorska eit dikt eg såg ein plass
Charms med verktøyskrin, kjøpt på eBay. 
Gears kjøpt der også.
Stempel frå Staz ~ motor ~
Embossa med klar stempelpute og pulveret var klart 
på brun bazzill.
Begge mønsterpapira er frå Papirdesign ♥

Participating these challenges:
Come and Get it challenge  - Lots of layers
challenge #41 - Anything goes
Craftitude - challenge #64 - Use a die 
(I've used Spellbinders S5-048)
TPE 252 - Anything goes
Crafting from the heart - Anything goes
Creative fingers challenge - Anything goes
7kids challenge blog - Anything goes
Hobbygarasjen - maiutfordr. #14 - bruk dies'r



Ønsje deg ein flott kveld i dette nydelige veiret :-D
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 21. mai 2014

Kort til liten gut

Va å handla med ei eldre dame hin dagen.
So skulle ho ha kort til sitt 2 årige barnebarn, 
men fann ikkje noko høveleg.
Då sa eg at eg kunne lage eit for ho :)
Motivet er FERDIG FARGELAGT
frå Lili of the Valley
Gratulerer med dagen er frå Papirdesign
Basepapiret er Fawn frå bazzill.

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

ps. Kunne sikkert lagt den inn på utfordringar, 
men den til outlaws challenge, va so møleg å finne fram i ..

mandag 12. mai 2014

Til konfirmanten Mathea

Dette fantastiske bildet fann eg på 
facebookgruppa the digistamp shack :)
Tenkte med ein gong at dette ER Mathea ♥
eller kva som helst stileg jente-konfirmant.
Mønsterpapir frå Lili of the valley
~ Shabby shack ~
Nydelige ark, er veldig glad i å bruke dei :) 

Eg deltek på utfordringane:
Eg har embossa det blå arket med notestempel kjøpt på fb
og brukt G-nøkkel charms frå hong kong kjøpt på eBay.
Scrappin All Over - lag på lag
Kort O Mania - alt er lov
♥ ♥ ♥
 
Blomster frå Nille og woc 
Stjernene frå eit stempelsett frå Papirdesign
 Sidan eg ikkje hadde blå bling-halvperler
klipte eg or nokre frå eit band kjøpt hjå Panduro
JA, ogso har eg tusja motivet sjølv
med mine elskelige Promarkers ♥

Eg e strålande nøgd ;)
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 6. mai 2014

Hurra for Anders :)

.. som fylte 8 år 5.mai :)
Eg prøver å ikkje lage kort år etter år
til grandtantebarna mine,
for det vert gjerne litt mykje av det.
No er dei 4 born der, so det blir nok litt fullt.
So i år vart det eit slags *henge-på-vegge-bilde* 
Gratulerer med dagen-arket og stjernene,
 er frå Papirdesign og heiter Forventning.
Det grøne arket frå Papermania heiter Chronology,
det har eg embossa litt på kantane.
Bildet er ca 14 x 18 cm
Der var ei sterkt skinande lampe rett ovanfor meg, 
difor ser det grøne litt grellt ut.

(Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg entrar denne gruppa, men ..)
Eg deltek på denne utfordringa:
outlawz challenges - All about family

Takk for besøket :)
Legg gjerne att ein kommentar, so kjem eg innom deg óg :)
Ynskjer deg ein flotte dag, ute eller inne
Klem frå Frk. Bogstad.

søndag 4. mai 2014

Kjøpegalskap

.. i staden for fråding kring munnen,
får eg bankande hjarte og stjerner i augo :)

Unik Hobby skal diverre gje seg.
Eg forstår godt dei vil finne på anna, dei som har holdt på sidan 2006.
I den anledning, sel dei unna mellom 20-70% på diverse varer.
Eg har HAMSTRA stempel.
Fordi dei e so skjønne ♥
(Eg hadde fleire i handlekorga, 
men dei vart diverre utselt før eg kom til kassa ..)

Og ein anna stad fekk eg tak i Manila tags # 8 til ein bra pris.
Eg kjøper hjå norske butikkar so långt det let seg gjere,
men eg kjøper ikkje 20 tags til kr 59,-
når eg veit dei kostar under halvparten t dømes i uk.
***
Kjøpte óg eit dylusions -further around the edge- stempel
so då lyt eg hive meg uti det og lage nokre tags.
Akkurat på det området er Bodil og PiaBau inspiratorarar.
Tim Holtz óg sjølvsagt, men han e jo orakelet innan tags ;)

Ha ein god sundag, kos deg med hobbyen :)
Klem frå Frk. Bogstad ☺

torsdag 1. mai 2014

Konfirmasjonskort til gut

For litt sidan fekk eg bestilling på 
konfirmasjonskort til ein gut som er intr. i klatring.
Det skulle vere ferdig til fyst i mai.
I dag tidleg var det melding på tlf: 
Er kortet ferdig? Selskapet er i dag!
Iiiik, fyst i mai, va visst fyste mai !!
Då va det å hive seg rundt å bli ferdig!
Heldigvis hadde eg tenkt ut ca korleis eg ville ha det.
Dette tok meg ein time å sette i hop :)
 Klatraren er frå silhouette sd,
på 3d puter.
Stempeltrykk er embossa,
mønsterpapir frå Vibeke Spigseth/Panduro
-the wall-

Deltek på utfordring
 Pengebeltet og traust dikt.
 Skrivefelt
 Innsida
 Den enkle versjon av signatur :)
 Bak -og framside
Kortet vart litt vel tjukt med alle sider "pynta".
***
Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg ♥ 
Eg prøver innimellom/etter postkøyring og plenklipping
å besøke andre bloggar og legge att spor :)

Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥