onsdag 13. desember 2017

Box in a card

Kitt Jorunn Hanssen
hadde lagt ut eit eksmplar av dette "kortet" 
på sida til Scrapomania for litt sidan.
Denne varianten av kort
høver veldig godt til kollegaer som har bursdag.

Eg har trålt Pinterest og YouTube etter tutorials
og jammen'te fann eg nokre til slutt 
Men eg enda opp med mine eigne mål.
Synest dei eg fann va so små ..

Håpar du får ein fin Sankta Lucia kveld    ♥

tirsdag 12. desember 2017

Frå loft til kjeller

No har eg omsider fått på plass 
fleire lagringsmøbel, 
slik at  innflytting av hobbyting 
er komt i gong.
Fekk hjelp av ei god venninde 
til å flytte skrivebordslampe
(heng frå taket)
pluss å bære ned ting frå loftet.
Der e mykje att enno,
men eg lyt få litt orden óg.
Kan ikkje berre flytte ned alt på ein gong 😲 😆
Slik ↑ har det sett ut på arbeidspulten min på loftet.
Ikkje stor plass akkurat,
når eg var vant med 3 meter å 40 benkeplate.

Har du god plass til hobbyen din?
 Ha ein strålandes fin kveld

mandag 11. desember 2017

Vinter og sne ♥

Endelig vart det koselig vinterveir ♥
Eg likar vinter, men då må veir og føre vere stabilt.
Eg har ikkje sansen for snø, regn, snø, mildveir, sørpe osv.
Gje meg litt snøv og -15 og eg veit at eg må ha på stilongs for å overleve.
Men her ikring blir det berre opptil minus 9.
Bildet vart tekje den 9. desember
so snøen har sokkje litt saman,
men det e heilt ok :)
Håpar du likar vinter og at du har det bra, der DU e

søndag 10. desember 2017

Lysmesse

I kveld er det lysmesse i Breim kyrkje.
Eg har vå nedom tidligare i dag, 
måka vekk snø og strødd sand.
Her ↓ eit bilde frå då.
Gledar meg til stille stund i kveld
 ♥
Ha ein flott 10. desemberkveld ☺

lørdag 9. desember 2017

Vaksen?

Må tru om eg e byrja å bli vaksen,
når eg klare å bite i hop tenna
og skru i hop det  %/)¤"# `skrivebordet,
uten å lage ripe i verken møbel eller golv??
Eg fekk det i alle fall til :)
So HURRA for meg
*klapp på skuldra*

Ha ein fin kveld :)

ps. Eg har ikkje bra statistikk når det kjem til montering av møbler...
Eg e soo utolmodig med sånt.

fredag 8. desember 2017

Lokal kunst

Eg fall for dette bildet
då eg var på julemarknad sist helg.
Det er laga av Solveig Lunde.
Det e midt i blinken på ein av veggane 
i det nyoppussa hobbyrommet :)

God helg ♥

torsdag 7. desember 2017

ArJo's adventskalender

Luke 7
Tag'n min viser at eg er opptekjen av kvifor vi feire jul.
Stjerna viste vegen dit Jesusbarnet vart fødd
og dei hellige tre kongar kom med gåver til han.

Bakgrunnen i lilla er eit gelliprint.
Lilla er min favorittfarge og den som høyrer med i adventstida.
Julestjerne og granbar går ikkje saman på orntli'
men på eit kort eller ein tag er det jo so flott  ♥

Engelen symbolisere at der e nokon som passe på meg.
Marius Müller har ein song som passer fint.
Men min engel har fin kjortel på ;)

Etter å ha sett desse julefilmane eg snakka om i går
er eg nøgd med at folk er oppriktig glade i
og vil det beste for kvarandre.
Helst ville eg sett det året rundt
♥♥♥

onsdag 6. desember 2017

Hallmark Christmas Movies

er bra underhaldning når eg sit 
å lagar julekort, tag's og gåver.
Eg følge ikkje so godt med,
men eg forstår kva dei seier.
Ogso gjentek historia seg i film etter film,
so eg går ikkje glipp av noko liksom 😉

Her er eit lite utvalg ♥

Kva høyrer/ser du på når du er i julemodus i hobbyhjørnet?

Ha ein flott 6. desemberkveld

tirsdag 5. desember 2017

Tusen takk

til forsikringsselskapet vårt,
for at de tok oss på alvor då eg mista mange hobbyting
då flaumen råka den 24 juli 2017
Hobbyrom har vå på loftet sidan då.
Gamlerommet mitt vart kortmakar-verkstad
(ca 6 kvadrat fullstappa med ting)
og data'n har eg hatt i eit kaldt, kaldt soverom.

I dag kom der nokre monterte møblar.
Her eit bilde, då desse var komne i hus.
So skal eg sjølv gjer mitt beste på å skru saman 
ein kommode til og eit skrivebord 😯
Eg har ikkje verdas beste tolmod til sånt ..

Det kjem eit mykje fyldigare innlegg litt seinare i desember.
Med monterte møbler og innhald i hyller.
Elles er eg nesten ferdig med mini juletag'sa.
dvs eg har att GOD JUL framme og eit fint vers på baksida.

Kvifor gje seg med 40 stk i gull/raudt når ein var i siget 😃

Ogso skal eg prøve å publisere adventskalenderen min litt tidlegare på kvelden

mandag 4. desember 2017

Mini juletag's

Det å glede ein annan, det er den største gleda
So no held eg på med masseproduksjon av 
minijuletag's som skal delast ut på eit 
arrangement i heimkomunen på torsdag.
Det e so enkelt som det går an å bli
Slik såg den fyste ut.
Den skal få på seg eit God Jul, litt bling
og kanskje ein hyssing.
Får sjå kva eg rekk.

Kva synest du?

Takk for alle fine kommentarer ♥
Det e so kjekt å lese dei :)

søndag 3. desember 2017

Enkle julekort

Når ein berre har eit fint motiv,
nydelige mønsterark og litt pynt,
og er ein smule opplagt
-går det fort an å lage enkle julekort.
Her ↓ har eg funne motivet på Pinterest
fått det framkalla på Eurofoto, i matt papir.
Mønsterark og granbar-dies frå Papirdesign.
Julestjerne frå Spellbinders.
Doily frå Cheery Lynn.
Tekst har eg ordna på pc.

Inni hadde eg matchande mønsterark
og eit julestempel frå Kort & Godt
+ skrivefelt.
Kommenter, å bli med i trekning om fin premie

Ønsker deg ein fin 3. desemberkveld :)
og hugs å slukk alle adventslys før du går til sengs.
 ♥
 ♥

lørdag 2. desember 2017

Julemarked




På årets julemarket selde eg 2 julekort,
6 pynta toffifee-esker
og nokre ting for mor og syster.
Så til neste år må eg hugse mindre julekort, 
meir slike ↓



Mønsterark og stempel er frå Papirdesign,
blomster Wild Orchid Crafts og Storyteller.
Lauv er ein dies frå Tim Holtz.

Ein fin kommentar under, 
gjev lodd i hatten :)

Ønsje deg ein fin 2. desemberkveld ♥

fredag 1. desember 2017

Adventskalender

Bridge card
Eg fann inspirasjon til kortet her.

Om du synest mitt var fint, 
set eg pris på ein vennlig kommentar.
Og i romjula trekk eg ut ein heldig person 
av forhåpentligvis alle dei 
som har kommentert under min adventskalender.
So kan vedkomande sjå i postkassen sin ein dag uti det nye året

Mønsterark er Maja Design ~ I wish frå 2011
Bordene er frå Cottage cutz og Marianne Design.

Nytt kort i morgon 
Ønsker deg ein fin 1. desemberkveld :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥