onsdag 18. januar 2012

Klem

Eg og Silhouette sd e eit godt team, når eg berre kjem i siget ;)
Her e eit 3 lags kort, som eg 
 - uffa meg - 
har brukt nokre timar på å pønske ut ..


Ramma er frå Die cuts Crafts
Teddien er frå stamp fairy
Teksten såg eg på eit kort
og skreiv ut på pc'n.



Har fargelagt teddien med fargeblyantar frå Jippi
kjøpt på Nille.

Klem frå Audhild ♥  

søndag 8. januar 2012

Mitt fyrste kort etter skisse :)

I dag har eg laga eit kort som eg er veldig nøgd med ♥ 
Her i veka såg eg ei skisse hjå sketches by carly som eg fall for.
Tenkte med ein gong på Kasper Olai's 1 års kort.
So i går sette eg i gong med å finne kva papir som passar saman.
Det er den illjaste prosessen tykkjer eg.

Her e skissa:


Og her e mitt bidrag til den. 
Ta-daa :)

Knappane er frå Basic Grey.¨
Arka er frå My Minds Eye (med stjerner)
Panduro-Halloween stripes (oransje stripete)
Maja Design (blå under)
Det med lyse prikkar på grønt, har ikkje noko spesifikt namn ..
1-talet har silhouette skjært ut.
Følte eg måtte ha nokre spreke fargar inni óg ;)
Deltek på følgjande utfordringar:
sketches by carly- sketch # 47
the pink elephant TPE129 -anything goes
Top Tip Tuesday - Challenge #67 Anything Goes

Så det så ;)


onsdag 4. januar 2012

Godt nytt ÅR :)

Etter ein fine julekveld, kom nokre veldig stille romjulsdagar ..
Orkanen Dagmar tok straum, nett og telefonsamband.
Og eg la ut på ei ruskete reise for å tilbringe dagane mellom
2. og 6. juledag i lag med kjærasten på Snåsa.
(neste gong eg skal dit, ska eg følgje buss!!).
No e kvardagen på plass på Hagebakk.
Eg har eit par dagar med postkøyring, og maaange dagar med
nettsurfing og slitasje på ledd i høgrehanda framfor meg ..
Og ein lengre tur til Snåsa om 3 veker :)
Ogso skal eg sjølvsagt lage kort til venner og bekjente.

Men aller fyrst:
GODT NYTT ÅR.
MÅTTE DET BLI EIT KREATIVT INNHALDSRIKT ÅR :D

2012klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥