Viser innlegg med etiketten chalk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten chalk. Vis alle innlegg

tirsdag 6. mai 2014

Hurra for Anders :)

.. som fylte 8 år 5.mai :)
Eg prøver å ikkje lage kort år etter år
til grandtantebarna mine,
for det vert gjerne litt mykje av det.
No er dei 4 born der, so det blir nok litt fullt.
So i år vart det eit slags *henge-på-vegge-bilde* 
Gratulerer med dagen-arket og stjernene,
 er frå Papirdesign og heiter Forventning.
Det grøne arket frå Papermania heiter Chronology,
det har eg embossa litt på kantane.
Bildet er ca 14 x 18 cm
Der var ei sterkt skinande lampe rett ovanfor meg, 
difor ser det grøne litt grellt ut.

(Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg entrar denne gruppa, men ..)
Eg deltek på denne utfordringa:
outlawz challenges - All about family

Takk for besøket :)
Legg gjerne att ein kommentar, so kjem eg innom deg óg :)
Ynskjer deg ein flotte dag, ute eller inne
Klem frå Frk. Bogstad.

søndag 20. april 2014

Dåpsbarnet Eiril ♥

I dag vart Eiril døypt i strålande flott påskeveir :)
Og tante meg har pånytt laga eit kort eg e nøgd med.
 Papir frå Lili of the Valley
~ Heartfelt ~ 
Stempelet e óg derifrå 
*Baby Christening*
Har brukt Promarkers: ice grey 1 & 2 +
tulip & sunflower på vindauget.
Baby pink på kjolen.
Leaf green på blada.
 Blomster frå Wild Orchid Crafts
Skeia har eg kjøpt på ei facebook-side.
Knappar på europris
Blonden frå Voss
- lagt i kaffi for å få rett farge.
 Tekst "Margot" på pc.
Sommarfuglane frå silh. sd
Personleg stempel.
Botnpapiret er bazzill Vanilla.

Deltek på 
ABC Challenge  - ‘J is for Just As You Like’

Håpar du har hatt ei fin påske. 
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 5. desember 2013

Damekort

..som eg fekk bestilling på for ei stund sidan.
Det e litt snodigt, men eg klare ikkje lage kort i goood tid frammaføre ...
Mønsterark frå Maja Design 
~ Chaite ~
Doily e frå silh.
Blomster frå woc
Bildet frå nett. Fann det i samlinga mi ;)
Har sverta sidene med dark rust.
Bord e ein MS punch.
Ingen 3d effekt denne gong
 "roter mot venstre"
E fancy når innsida tar opp fargar frå framsida :)

Om bilda e litt uklåre,
er det fordi dei e tekne med mobil.
Batteriet på kameraet va tomt ...

Ynsje deg ein god dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 17. mars 2013

Til Konfirmanten

Fekk bestilling på eit konfirmasjonskort.
Kunden måtte ha det snart, for det sku sendast til Island.
***
So då bar det til den lokale hobbybutikken 
for å kjøpe eit stempel som samsvara med 
det eg såg føre meg :)
Leitte etter konfirmasjonsarka, fann dei ikkje.
Var til Førde måndag, kjøpte bl.a Papirdesign-papir.
Dei har jo diverse *til konfirmanten* :)
Fann sjølvsagt att arka eg viste eg hadde, etter nokre dagar...
Her e resultatet:
Eit kort som er 23 x 13 cm
Det vart berre sånn ..
Skjortestempel frå kort & godt
 Har embossa *til konfirmanten*
Stempelet er kjøpt hjå Kreativ Hobby.
 Stjerna har eg lagd som stempel etter ein dies.
Har brukt Distress ink - faded jeans -
Latt det vere ein kvit kant rundt 
ogso limt oppå bazill -hershey-
Den står på 3D puter både frampå og inni.
pengelomme 
Kortet i heilhet; inni 
Mitt personlige stempel på baksida,
i samme stil som resten.
***
Eg er nøgd, kunden er nøgd
og 
alt e berre fint :)
Tjohei
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 5. november 2012

Omsider ...

Eg sit å funderar kvar ein dag 
over korleis eg ska gripe 
an julekortproduksjonen.
Det e toskete å sitje å lure på sånt. 
So no har eg tekje spranget  ;)

Denne bedårandes skapningen fann eg på ei av mine bloggrunder.
Var inn på nettsida og bestilte meg nokre die-cut card toppers.
*FERDIG FARGELAGDE*
Sidan eg er håplaus til det.
Endå ..

Arket er frå Papirdesign og heiter Vintertid.
Metallpynt/charmsa har eg kjøpt hjå Inka, so det e nuk K&G
Halvperlene kjøpte eg i lag med card toppers'ane,
dvs frå Hobby House.
Snøfnugg frå Panduro
embossa med clear emb.pulver
Bilde som ikkje vil snu seg
er irriterande. 
Men sånn ser kortet ut med blitz

Eg deltek på Anonyme Scrappere si 
utfordring # 53 - metallpynt/charms
-ta gjerne med embossingpulver på prosjektet-


So då e det vel berre å fortseje med resten av julekorta 
no når man e i siiiget ;)
Eg har so månge idéar inni hauda mitt, atte helledussan!!

Ynsje deg ein god kveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 28. august 2011

Ein anna vri på hjørne bokmerke

Forrige innlegg var eit enkelt bokmerke.
Her kjem ein anna vri. Fann den på Henrikkes kortkreasjoner
Denne her e nuk hakket beire, sidan der e "rygg" på den :)

Litt for enkelt pynta dette óg, men e ikkje heilt inne i det enno ..


       Eg har brukt:
  • Xcut punch - Lace trim
  • chalk rundt bildet - Chestnut Roan
  • chaklk rundt bokmerket - Creamy Brown
  • halvperler
  • Bilete har eg kjøpt på The Paper Shelter .
Ha ein flotte sundag :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥