fredag 28. februar 2014

Bestillingskort

.. til ei som fyller 30 år.

Mønsterark frå Lili of the valley - Antebellum
Knappar har eg kjøpt på nett
Blomster frå Wild Orchid Crafts
Ramma kring bildet er Marianne design dies
og lånt av niesa mi :)
Nederste sommarfugl er puncha ut av never
-som eg fann kring eit tre oppi skogen ved hytta vår-
dei 2 hine er silhouette sd.
Swirl e magnolia.
Hjarte e charms frå ?
Har sverta kantane lett med Invild Blome sin Dark Rust chalk
 Litt om det som hende i 1984
 Skrivefelt
Her e meir fargane, men blitsen slo seg midt på bildet ..

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

-som har komt seg mykje etter fallulukka frå hesten Myklunn-
No e det berre 4 veker att med jugurt til 
frukost & kvelds.
Og supa til middag.

søndag 23. februar 2014

Dorull-album ..

... til ei av mine beste veninder,
som hadde sin aller
fyste morsdag 9 februar ♥





Mønsterpapir frå K & company.
Ugla, tag-tabs og sommarfuglane har eg laga i silhouette sd.
Gjerdet e Magnolia dies
Blonden kjem frå nettbutikk
tekst skreve på pc,
likeins kalendaren.
Fuglane på fyste innside er ein 
Claudine Hellmuth stencil.
Omsider fekk eg nytta min Zutter bind-it-all ♥

Håpar du likte den :)
Klem frå Frk. Bogstad

ps. for å flate ut dorullkjernen
køyrde eg dei gjennom Big Shot'n ;)

søndag 16. februar 2014

Ein kortvarig hobby: HEST.

Eg likar hestar, men ilp av dei 23 siste dagane e eg ikkje like sikkert på om hest likar meg.
For 23 dagar sidan datt eg av hest som vart skremd av lyd -sprang fortare, men er slik laga at når der e ubalanse på ryggen dens- STOPPAR. So det vart ikkje so ilt liksom. dvs halebeinonde i 7-10 dagar e ikkje nåke særleg. Dette var i ridehall, med instruktør. Uten sal og stigbøyle, for vi hadde nett "turna".

I dag skulle eg på ridetur med hesten Myklunn. 
Ho va litt motvilleg i starten, men vi fekk no ein fin tur inn til fyste bakken på støylsvegen. 
Snakka litt med mamsen til eigar. 
Brått fann Myklunn at ho ville heim. Men litt raskare gange enn innover. Ogso kom ho på at å springe gjer at eg (hest) fortare kjem heim. Det var då ikkje eg (Frk. Bogstad) samd i. 
Og sidan pisk uheldigvis har vå bort i hesten, hjalp det ikkje med verken ptroo og/eller strame tøylar. 
Eg skjønte at dette blir ilt, lente meg framover og sklei/datt av hesten. (eg e jo ikkje supervan rytter helde  ) 
Fyste eg merka etter at eg datt av var at hesten røyste seg og sprang heim, so kjende eg at det verkte i venstre kjake. Deretter at høgre sko mangla og at klipsen på hjelmen va gått opp. Klarte å røyse meg, ringde eigar og tusla mot ho. Etterkvart vart det ilt i høgre fot, (ved seinare tilsyn, ser det ut som den e kraftig forstua) Ilt var det óg i eit ribbein og der eg landa på stompen/korsrygg. 
Va innom eigar og fekk lagt noko kaldt på kjaken, medan ho rensa såret på foten. So bars det til legevakt. Ho køyrde meg.
Deretter til Eid for å ta røngten, som vart omgjort til CT. Snakka med lege som sa at eg har 2 ørsmå brót; eit oppe til venstre (det kjenner ut som ei tann er knust) og eit nede til høgre. 
Mine aller fyste brot vart altso i kjeven. 
Sånn; det va min søndag. Litt annsleis enn eg hadde tenkt.
Drosjemann køyrde meg frå legevakt til Eid og innatt til bilen, so eg fekk med den heim.

Eg kan nuk ikkje tygge dei komandes dagane og lyt til tannlækjar når hevelsen har gått ned. 
Men alt i alt, det kunne gått verre!! 

Myklunn kunne ha trakka på meg og eg kunne ha brote noko som gror seeeint!!
Det positive e at sidan eg ikkje kan tygge (kun yugurt og supa på meg) tek eg kanskje av eit kilo eller to ;)

Heretter blir det kun * Mi kreative verd * og kajakk'ing på meg.

Ynsje deg ein mykje beire kveld enn min.
Ooo, i mrg blir det verre ...

Fredag 21. februar:
Ribbein: litt ilt, men ikkje brót eller forstua.
Høgre tå: kraftig forstått.
Korsrygg: blå, gul og sikkert andre fargar med tida.
Kjeve: ALLER verst i brót nede til høgre. Ilt so inni hampeskogen. Har fått kraftig smertestillande, men har ilt likevel.

Mvh Frk. Bogstad


onsdag 5. februar 2014

Eg e litt lei ..

.. den ryddinga no gitt.
So no tykkje eg det e på tide med kreativ verkstad,
so eg har lagt Scrappesyken (facebook-gruppe) sin mnd'lege utfordring inn på Silhouette'n.
Det er ein mal.
Har ein mnd på å gjennomføre og før det kan leggast ut.

Elles er eg lite kringom på bloggane no, for eg finn so mykje spennande på youtube :)
Har mange flotte komande kort, LO, AJ osv inni haude.

Ønsje deg ein fin kveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥