mandag 23. juli 2012

Eit hjarte av roser

Eg har lenge tenkt på å lage meg eit hjarte av roser.
Dei e so flotte.
So bau anledninga seg.
Ei niese skal i bryllaup og rekk ikkje både lage kaka og kortet ;)
Og sidan eg var godt nøgd med pilot-hjarte, fekk ho det.

 Roser frå WOC
25mm - pink/ivory hybrid tea roses
20 mm - pale pink roses
15 mm ivory/pale pink open roses
buds - pink/ivory
 Sommarfuglar og grunnhjarte frå Silhouette sd.
Blonde kjøpt i ein butikk på Voss.

Mønsterpapir frå Panduro:
Funky L♥ve
Når kortet står, ser man sommarfuglane på baksida.

Eg e veldig nøgd med mitt fyste hjarte av roser :D

Gje meg gjerne tilbakemelding.
E kjekt å lese kva andre synest.
Ynsje deg ein flott kveld :)

Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 18. juli 2012

*Noe for gutta*

Etter montering av skjenk, har eg rydda.
 I ryddesjauen fann eg eit tillaga kort som det gjensto å montere.
So var eg bl.a innom Trykkpressa og fann ei utfordring som er *midt i blinken* :D
So her e mitt bidrag til Trykkpressa - juliutfordring  "Noe for gutta"


Ferdig fargelagd Cockatoo frå 
The Paper Shelter.
 Lerret-rest frå Eurofoto
ting som ligg på golvet, tar eg med heim
(etter å ha spurt om lov ;)
brads med skruehode mønster.
Genial for the man. 
har klipt ut topp og bunn for effekt.

Synest det mangla noko, so limte på ein charm

 Mønsterpapira er frå
My mind's eye - Lime Twist
Har sota kantane med creamy brown.

Ynsje deg ein god dag.
Mvh Frk. Bogstad


mandag 16. juli 2012

Å montere skjenk

Eg trur eg er eit hakk nærare døden.
Å montere skuffer og skap/skjenk tar knekken på tolmodet mitt og aukar trykket på pumpa.
Men no e ENDELEG alle deler sett ihop, skjenken er ferdig og eg må kvile ..

Neste steg er å flytte ting frå den noverande "pyntehylla" -som skal snuast, til 9skuffers-skjenken :)
Skal bli bra, men koffor må det ta soo långe tid?!

Elles får eg gjort for lite kort-ting og skuffande er det når få/ingen kommenterar på utlagt materiale. Eg tåler altso kritikk óg!
Hadde tenkt å ha ein candy, men synst sånt er unødvendigt å lage når folk forlet ein, rett etterpå ..
Kravstor? SO WHAT!!
Håpar verkeleg din dag er betre enn min. Om det er nokon i det heile tatt som les dette her.
Frk. Bogstad

lørdag 7. juli 2012

Bryllaupskort

Eit kort til eit par som gifte seg i dag
♥ 07.07.2012 ♥

Hjarte er frå Stempelglede sin Grunge Flourish Hearts
Med raud ink, blankt embossingpulver og ta-daa :)
Dies'n er S4-345
*Picot Edge Sircles*

Diktet er av Ingvar Mo.
Det kan hende eg har kutta ut nokre komma .......
Eg synst det passa best slik.
Embossa swirl inni kortet.
Enkelt og greit :)

God helg-klem frå Frk. Bogstad

onsdag 4. juli 2012

Rosett dilla!!

Som nemt tidlegare, ser eg mykje YouTube videoar om alt muleg innan scrapping o.l
Såg Tim Holtz sin video om rosettar og tenkte at dette likar eg!
Bestilte dies'n på bikuben og har køyrt den gjennom Big Shot sidan.
Den ser faktisk litt sleten ut .. Dies'n that is ;)

Eg har brukt mest Maja Design ark (som er litt tjukke) og 120 grams ark.
Trur til dømes kopi-papir fort går sønt/vert øydelagt.

Her e dei samla i ein boks:

Desse store har eg laga via Silhouette sd
 Lagde til ein kant på 1,5 cm (skulle vå 0,7) som eg har puncha med min MS cherish.
Den med lys midte vart for stram og den med brun midte vart for laus ..
Men eg lære långsmed ;)

Dei små (5,5 cm og 4 cm i diameter) er laga av dies'n til Tim Holtz ♥♥♥
Her brukt nederste kant på Maja Design ark :)

Dei HAPPY rosa, grøn, blå, gul osv -arka, kjem frå ein PaperPad 12" x12" kjøpt på Notabene eller Nille.
Eg meinar eg har kjøpt dei på Nille :)

Takk for kommentarar som vert lagde att.
Det e STAS :D

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥