tirsdag 28. juni 2011

Promarker

Eg likar best å bruke bilder som e i svart/kvitt, sephia farga eller som ikkje treng farge.
Det er fordi eg e ganske håplaus på fargelegging.
Difor eig eg kun 3 Promarkers.
Tenkte no at DE kan hjelpe meg med å finne ut kva andre fargar eg treng,
som samsvarar med dei 3 eg har ;)

Dei heiter: Leaf Green, Fuchsia Pink og Bluebell


Sidan himmelen opnar seg for fullt denne veka og mitt
hovudarbeid består i å arbeide ute,
 spekulera eg på om eg skal til Førde ein dag.
På Kulør (litt Panduro) sel dei slike.

Elles finnst dei jo i nettbutikken Papir i hjertet , kr 29,- pr stk

Elles vil eg takke for koslege kommentarar. Det varmar ♥


søndag 26. juni 2011

Dåpskort til gut

Bestillingskort.
 Fann ut at det gjorde seg med ein raud blomst i alt det blå ;)



Mønsterark frå Maja Design - country life
                                              crea diem

MS sommarfugl-punch
 blomst frå kort & godt
charms: made with love
Tekst skreven ut i Vivaldi skrift
Bilde har eg funne på internet
Perlene e frå bl.a Panduro - Moments

fredag 24. juni 2011

Dikt til dåpen

Når eg lagar dåpskort, må eg ha tilgong på dikt som høver.
Dette er ikkje alltid like enkelt å finne. Her er 2 sider som har eit lite utvalg.
Tek gjerne i mot fleire ;)
Sakkalo & Mammanett

mandag 20. juni 2011

Dåpskort, jente

Ei veninde frå barndomen døypte si fystefødde i går.
Og i den anledning lagde eg dette kortet.

 Jenta sitt namn forsvinn i alt det rosa ..

søndag 19. juni 2011

Kort som eg ikkje har publisert tidlegare

  Konfirmasjonskort til gut som spelar i slagverkensamble

Prinsessekort. Utskjært i Silhouette
 

Korsett-kort til venninde
(vél nøye utvalgde fargar)
 Kort á la Audhild, FØR silhouette verda opna seg skikkeleg.

Bilde av storkenebb-blomen har eg fotografert sjølv.
 
 Telyskort til tante A

 Innflyttningskort til vennepar

 Jebbuskort


 Bestillingskort til 40 åring

 Bestillingskort konfirmasjon til *fresh* jente



tirsdag 7. juni 2011

Diverse tutorials m.m ♥

Har via andre sider, funne http://stempeleinmaleins.blogspot.com/
Ei side der man finn mange nyttige tutorials m.m
Det e enklare om du les og finn det sjølv ;)

torsdag 2. juni 2011

Blomsterkort med Silhouette sd

I heile ettermiddag har eg sete å pusla og skjært ut
blomster med mi silhouette sd.
(det går so uendeleg treigt. 
Underlagsmatta og kniven må skiftast ut)
Men endeleg e kortet til 85 års jubilanten ferdigt!!

Den gule blomen vart noko prangande og passar
ikkje heilt attåt den lys/mørke lilla,
men eg va so leie heile prosjektet at eg gav opp ..


Bak helsinga er der ein tag.
På den står det kva som er gåva til jubilanten ; )

Eg e i grunnen fornøgd med resultatet.
Det e berre den gule blomsten som irritera litt ....

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥