søndag 29. mai 2011

*bobler av glede*

Eg deltok no i veka, på mi fyste utfordring i Trykkpressa.
(faktisk fyste deltaking på noko som helst innan papir-"kunst")
Det var som de kanskje har sett (lenger ned på sida) *lag eit bokmerke*

Og til mi STOOOORE overrasking har Mr. Random, trokke mitt namn på lista!!!!
Yeeeeeehaw!
No e eg so fornøgde at eg veit ikkje om eg får sove ...
But I'll do my best ;)

*bobler av glede*

fredag 27. mai 2011

Når man leitar på dei rette plassane ..

... finn man som regel noko man kan bruke : )
Eg fann dette finurlege bildet på abc-søk når søkeordet var:
mid age woman.
Kortet er ei helsing til eit syskenbarn som e 2 år frå 60
Ho e ganske ungdommeleg og hadde du gjetta
hadde alderen blitt kring 50 ..
Teksten er skrevet av eit stempel eg såg på eit kort.
Den stempla teksten er frå Norsk Stempelblad as sine clearstamps.
Sommarfuglen ein MS punch.
Grøn og gml.rosa blomst frå Kort & Godt
Mønster-papiret er Maya Design

Pynt etter behov inni kortet.
Det e forresten Silhouette sd som har skjært ut ramma.

onsdag 25. mai 2011

Bokmerke til Twilight-bøker

Eg e blitt kjær i Edward Cullen i filmen Twilight.
Ein fiksjonsfigur har kapra hjarte mitt!
So no har eg laga meg eit bokmerke til mine komandes Twilight bøker,
so denne forelskinga kan vare ei stund :)

Ta - daa
Med hempe fordi eg har ikkje hjarte til å lage hol .. 
 Utstansa stjerner limt på 3d-puter for effekt
 Bokstavar skrevet ut av Silhouette sd, med skrift-typen AR ESSENCE
  Bilete henta frå internett-sidene til Twilight
 E'kje han berre heilt nydeleg :)
(litt skummel og, men han e jo berre fiktiv)
Tett på ..

Tek også denne med på Trykkpressa si utfordring,
 som framleis e *lag eit bokmerke*
 :)

mandag 23. mai 2011

Bokmerker

Eg har den siste veka -innimellom arbeid og sånt-, spekulert på bokmerker.
Det skal vere fint, flott og praktisk!
Ikkje lag på lag. Det ska jo vere inne i ei bok, ikkje henge på veggen..
Det vart litt mykje lilla og eg synest der manglar *nåke*,
men det får gå for denne gongen ...

Pynten i venstre hjørne oppe, den grøne greina (som eg har "nerva" med blyant)
 og blomstrane har Silhouette sd'n min skjært ut.
Kantane på blomstrane har eg sverta med
Color Box Chalk - Lavender.
Sommarfuglen e ein punch frå Martha Stuart.
Banda har eg kjøpt på ein butikk på Voss ; )
Halvperlene e frå Panduro.
Versegod : )
Her med kvitprikka rosa band

Her, utan band
(eg synest det vart finast med ;)

Tett på (vistnuk litt uklart og ..)


Synst det va stilegt å ha ein sommarfugl av bokpapir, til eit bokmerkje ; )

Med dette deltek eg på Trykkpressa si utfordring, som denne gongen e *lag eit bokmerke*,
nordsalten hobbyklubb som har perler,
og
anonyme scrappere sin TRE (3)

Mine 3 e:
3 perler
3 blomster

Dette e mi fyste utfordring-deltaking.
*skrekkblandet fryd*

Legg gjerne att ein kommentar, so eg får vite kva DU synst : )


torsdag 5. mai 2011

Uniiik

Som nemnt før, surfar eg mykje for å finne inspirasjon.
I dag datt eg innom denne bloggen. Denne jenta set so stor pris på sine
tilhengarar, at ho kver månad trekk ut ein vinnar som får en oppmerksomhet i posten..
Wow ! Og det e ikkje småtteri ho gjev frå seg ..
Eg e herved beundrar : )

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥