Viser innlegg med etiketten Panduro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Panduro. Vis alle innlegg

søndag 9. juli 2017

Lollipopkort

.. er ikkje heilt mi greie ...
Krampetrekning kallar eg denne ;)

Men deltek  likevel på 
Cuttlebug Mania ~ Lollipopcard (10.07)

Eg har brukt ein doily kjøpt på Panduro,
det samme er blonden.
Sløyfedie kjøpt på Ebay.
Rosetten er heimebretta med hjelp frå Tim Holtz die
Sugerøret eg har brukt har eg kjøpt på coop ;)

torsdag 17. mars 2016

Påsketag ♥

Skulle byrje å rydde,
fall i sprayfella og lagde ein påsketag.
Som eg deltek med i ArJo's tag og ATC kos
Man tager eit Canson akvarellpapir, 
sprayer med litt vatn.
So tek man utvalgde fargar i Dylusion
Squeezed orange, Pure sunshine & Lemon zest 
+ ein dusj av MicaPowder gold
(3-4 tuppar MP på skaftet på ei lita skei,
blanda med 40 ml vatn i ei lita sprayflaske)
So brukar eg varmepistol og duttar med papir om det har blitt dam.
Deretter finn eg fram stempel eg vil bruke (easter blueprint CMS144)
og Archival ink -svart.
***
*Hugs alltid å legg lokket på stempelputa, 
elles blir du svart på underarmen ;)
***
Elles har eg brukt washi tape,
bokstavar frå PanduroHobby,
stensil frå Finnabair,
blomster frå Wild Orchid Crafts og Storyteller,
hjerter frå Wycinanka.
Til å sverte kantane har eg brukt Distress ink - Ripe persimmon.

Eg ser so fram til denne påska,
skal rydde her og der / inne og ute
vere i lag med kjærasten min (3 bank i bordet)
ogso skal eg byrje på dei
25 tag'sa til Breims konfirmantane ☺
m.m

torsdag 10. mars 2016

Pynta hul bok

.. frå Søstrene Grene.
Skulle gjerne hatt 10 stk til, 
men dei hadde ikkje desse i Sogndal.
Kan hende eg lyt setje ut etterlysning ;)
Star dust -stickles på blomane
 Osteklut under alt for litt fylde.
 Sommarfuglane e heimefarga med Dylusions
 og stansa ut med punch.
 Namnet er skjært ut frå Silhouette sd 
4 stk limt i hop + at der er 3d puter under.
Bokstavane er frå Panduro hobby
Blomster er frå Wild Orchid og Storyteller 
 Lagde ein lomme til å ha bursdagshelsinga i.
Kort & Godt stempel
 Inni
Eit lita stripe som seier at det er
 Frk. Bogstad som har pynta denne
 ♥

Deltek på Scrappelyst si utfordring Stoff eller tråd
Eg har brukt osteklut og blonde

Ha ein fin dag / kveld  ♥

mandag 25. januar 2016

Dåpskort på bestilling

Til denne sjarmøren ♥
Arka er frå Maja Design
*Vinter Frost Basic
Skeia har eg kjøpt på eBay.
Båndet e farga med distress ink og mica powder
Ramma er frå Spellbinders
*decorative labels eight
Bling er frå Panduro

lørdag 7. november 2015

Farsdag og bursdag samme veka

Paps fyller 86 år komandes fredag.
Og sidan det er farsdag i morgon, 
har eg valgt å slå i hop presangen.
Han var ikkje begeistra for kortet i fjor
(som eg vistnuk ikkje har tatt bilde av helde)
for det var ein gammal tannlaus mann på
og eg trur han vart fornærma. 
Raring ..
Difor lyt han nøye seg med ei samansleja oppmuntring. 
Han får blomster óg altso ;)

Pappa likar sjokolade.
Eg har pakka den inn i papir/tapet
med pynt på :)
After Eight med omslag.
 Front, med knappelås
Tapét frå ei av dei maaange bøkene eg har fått i hende.
Blå bling frå Panduro.
Swirl er nydeleg grøn tapét ♥
Nov 2015 er bokstavar frå Panduro

tirsdag 20. oktober 2015

Bursdagskort

Motivet er frå Lili of the valley 
og
er ferdig fargelagt.
Hjørnedies er frå Joycrafts
 Dei der paljettane kunne eg spart meg ....
Blomster frå WOC og Storyteller
Bokstaver frå Panduro

Korta mine blir i grunnen ganske søte ;)

tirsdag 1. september 2015

12 tags of 2015 august

Alltid i siste liten.
Her er mitt bidrag til 12 tags of 2015 august
Ittno' hokuspokus denne gong helde...
♣♦♠
Tag fargelagd med 
Reeves -water soluble wax pastels- 
og vatn. Fønkar flott :)
Brukte ein av mine nyare dies:
Distressed windham collage.
I♥ it :)
Stempel frå Prima / Finnabair ☺
og swirl frå Panduro

torsdag 23. juli 2015

Washitape-kort

Vart so inspirert av Camilla Halseth sitt kort 
i Ett Trykk 4/2015, at eg har laga nokre sjølv.
Skal ha dei for sal i lag med mange andre
under frilufthelga i Hyen som e komandes helg :)
Rosa variant med sommarfugl
Dies: Bo Bunny
Blå-grøn variant med tog
Dies: Marianne design
 Raud variant med hjarter
Dies: Marianne Design
2 like i rosa med forskjellig tekst
Tekst frå Papirdesign
( I ♥ them )

Washitap 'ane har eg kjøpt rundt-om-kring
søstrene Grene, Panduro

Håpar du har ein fin sommar, UANSETT veir ;)

onsdag 13. mai 2015

Konfirmasjonskort på bestilling

Til konfirmant: gut
Med namn på båe.
Bilde er tekje av Victoria Gauksrud.
Har spurt om lov ;)
♥
Til konfirmant: jente
Har fått bling + namn.
2 stk á la dette. Med namn.
Eg va so glad fordi eg omsider va ferdig 
at eg gløymde ta bilde og signere ...

Motiva er ferdig fargelagde frå produsent ... 

Participating on this challenge: 
with the card just above.

Enkle og greie kort, 
men ting tek som kjent litt laang tid ;)

Konfirmasjonskort til Veslemøy

Laurdag 9 mai var det konfirmasjon på Moi
og den yngste niesa mi sto for tur.
Motiv er ferdig fargelagd frå produsent Kenny K
via the hobby house 
Blomster frå WOC, storyteller
Bokstaver frå Panduro
Participating on this challenge: 
I've used a cross.

 Stempel frå stempelglede
Pengelommen er nederst til venstre.
Mønsterarket var eit eg hadde i samlinga 
som har "mista" namnet sitt ...
Kjekk dag med
 god heimelaga mat i nyinnflytta hus ☺

mandag 23. mars 2015

Bursdagstag til Katrine :)

Mitt 3. eldste tantebarn fylte 35 år 22.mars :)
 Ho er ei aktiv, sporty, arbeidssom og kjekk jente.
Tidlegare kokk, no optiker i Oslo og rundomkring.
Bakgrunn er spraya med Dylusions 
Lemon zest, bubblegum pink og ein heimeblanda blå
(eg hugsar eg hadde white linen oppi ;))
Elles ser de so vidt i Tim Holtz stencilen Flourish
- den e berre heilt fantastisk fin azzo :)
Swirl frå Magnolia, blomster frå bla. WOC
Blingremser kjøpt på Panduro

lørdag 21. februar 2015

Bursdagstag til jente

Denne gong ørlite breiare tag.
Har spraya diverse Dylusions og Distress spray stain 
på akvarellpapir.
Nummerstensil er heimelaga med
silhouette sd. 
 Blomster frå woc
Ord frå ein dings kjøpt på Panduro
Seam binding -banda er spraya med
cut grass og fresh lime
bubblegum pink og picked raspberry

GOD HELG :)

ps: enig med deg Pia
eg har funne mi greie
♥

søndag 15. februar 2015

Dåpskort på bestilling

Fekk bestilling på kort i onsdag e.m,
ferdig torsdag :)
Jajamensann, kan eg når eg vil ;) 
Papiret e frå Panduro, blomster frå Nille.
Skei kjøpt på facebook.
Motivet er Lili of the valley, fargelagt med Promarkers
Blonden kjøpt på
lokale hobbybutikk.
Eit fint vers inni
oversatt frå bokmål.
Personleg stempel.
♥
Bilde av dåpskort til jente 
-laga i romjula.

Eg likar veldig godt den skeia til dåpskort.
Blomster frå woc, storyteller osv ..

Ønsje deg ei fin kreativ veke ☺

torsdag 5. februar 2015

Bursdagtag

Denne gong til ein gut eg set stor pris på.
Han va so nøgd med konfirmasjonskortet 
eg lagde for 3 år sidan, 
at slike gutar e vi snilde med i lang tid framover ;)
♥
Slik såg det ut etter å ha brukt 
chevron og stars stensilar frå Tim Holtz
og eit lag med serviett. 
Med gesso under.

Den turkise remsa kjøpe eg på Panduro ein gong i tida.
18 er stensil laga med silhouette sd ♥ 
Alt av bronse (elle ka det no e) er frå
Tim Holtz sin idea-ology

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥