søndag 30. september 2012

blogg kommentarer

Eg var nett innom ein blogg der noko vart heilt bedårandes skjønt på kortet, medan noko anna var fælt!! 
Har eg då lov å skrive det til vedkomande? Eller skal man kun kommentere det som man synst er fint og flott?
EG vil jo gjerne vete kva flokken av bloggdamer der ute, meinar om mine kort. Om det er bra eller dårleg. 

Kan de vere so snilde å svare meg på dette :)

Frk. Bogstad

tirsdag 25. september 2012

Inka's blogg

Inka's blogg fortenar eit besøk :)

Inger Karin er den som syter for at eg har nokre av dei arka eg treng til prosjekta mine. 
Halvperlene eg gløymde å bestille frå ein eller anna nettbutikk, 
die cuts eg ikkje finn andre stader
og kreativitetsblada eg ikkje får i posten.

Ho og mannen driv ein rørleggarbutikk. 
Fyst vart ein liten krok nytta til papir og diverse. 
No har ho utvida til eit større område der ho har mange produkt innan hobby. 
Mønsterark, 3d die cuts, Spellbinders, blomster, kort og godt, stempler og mykje meir.
Frå slutten på august har ho óg selt Panduro-varer :)
Eg handlar der mykje, ho e alltid blid og grei :)

So om du er på Sandane, synest eg du skal ta turen innom røyrleggjarbutikken til Ronny Husevåg.

Bloggen hennar er nett som mange andre bloggar, fylt med det finaste vi lagar ;)

Ha ein god kveld


Huge giveaway hjå Inger Harding



Utdrag av bloggen hennar::

I'm celebrating the launch of my new paper line for Squigglefly
with a huge Giveaway to one of you!
In addition to that, I also will draw 4 winners
for a smaller Giveaway!
The Giveaway also contains 2 surprises which I cannot show you
until my new papers are released.
Hope this will be a nice surprise! :o)


og eit flott kort ho har laga vert ogso gjett vekk


Meld deg på, innan 30 september :)

torsdag 13. september 2012

Pion Design e *klemme på* papir ♥

Hei :)
No har endeleg Pion Design papira min komt i posten ♥
Der e ei blanding av Silent Nightventer på nissen og t.o.m vårleg innslag.
Men nett no har eg ikkje den rette roa i kroppen til å lage kort i det heile.
Arbeidsdagane e fylt med masse ståing, pakking, scanning og bøying,
so når kvelden kjem sit eg helst heilt i ro og surfar på nett.
Eller søv 1,5 timers middagslurar.
Og sånn går no dagan. Snart e det jul ♥
Før du veit ordet av det, er det det ;)

I morgon reiser eg til Bergen. Skal på veninde-helgebesøk.
Skal ikkje på Panduro, for eg handla på nettet i går. Opptil 70% salget.
Men om sjansen byr seg, fer eg innom Hobbykjellaren.
Men dette e fyst og fremst ei slappe av helg, ikkje gå i butikkar og bruk opp pengane sine -helg..
No er eg nøydd å selje masse kort (for å kome i balanse), so eg ser so fram til eg kan setje meg ned og kose med Pion papira og lage nydelige julekort ♥
Eingong over helja ;)

So tudelidu mine bloggvener, ha ei strålandes helg i ruskeveir-land og nyt! timane på hobbyrommet

Klem frå Frk. Bogstad

søndag 2. september 2012

Vinnar av blogcandy

Ja so var det søndag 2 september og eg har nett funne ein vinnar til candyen min.
Denne gongen treiv eg det
 fyste arket eg såg,
skreiv alle namna på,
klipte ut,
bretta og heiv dei på golvet.
So bøygde eg meg ned og
famla med augo att,
etter den lappen som skulle bli
candyens vinnar.
*********
So it finally is sundag the second,
and I've found a winner for my candy.
This time I grabbed the first sheet I saw,
wrote all the names on,
cut out, folded and threw them on the floor.
So I bent down and groped with eyes closed
 after the patch that would be candy winner.
(google translate, I ♥ it  ;))

And there it stood;
TA TAM TA TAM TA TAM TA DAM
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*
*

So må det seiast at inka har ikkje lagt candybildet mitt, til i sidebaren sin
Det e fordi eg ikkje har fortalt ho korleis og at eg e einaste følgar.
~  til no ~
(og då va det liksom ikkje vitsen)
....
Håpar de godtek den.
******
So it must be said that Inka has not added my candypicture in the sidebar.
It s because I have not told her how and that I am the only follower.
...
Hope you accept that.
*******

Men so har det seg faktisk sånn,
at eg har eit til eksemplar av
Bird Song paper pad
(hamstra når HH la ned ...)
so eg trekkjer eit nytt namn som vinnar til den.
*******
But I actually have another copy
of the Bird Song paper pad
(stock up when HH let down ...)
so I will draw a new name as the winner.

Hold on ...

I have to write the names down again. Hihi ...
Sorry ..
*
*
*
*
*
Same procedure as last time.
*
*
*
*
*



HURRA!!

Please send me your full name and adress to:

Now I feel for a cocoa♥
 Have a great evening.
Hugs and kisses from Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥