tirsdag 25. september 2012

Inka's blogg

Inka's blogg fortenar eit besøk :)

Inger Karin er den som syter for at eg har nokre av dei arka eg treng til prosjekta mine. 
Halvperlene eg gløymde å bestille frå ein eller anna nettbutikk, 
die cuts eg ikkje finn andre stader
og kreativitetsblada eg ikkje får i posten.

Ho og mannen driv ein rørleggarbutikk. 
Fyst vart ein liten krok nytta til papir og diverse. 
No har ho utvida til eit større område der ho har mange produkt innan hobby. 
Mønsterark, 3d die cuts, Spellbinders, blomster, kort og godt, stempler og mykje meir.
Frå slutten på august har ho óg selt Panduro-varer :)
Eg handlar der mykje, ho e alltid blid og grei :)

So om du er på Sandane, synest eg du skal ta turen innom røyrleggjarbutikken til Ronny Husevåg.

Bloggen hennar er nett som mange andre bloggar, fylt med det finaste vi lagar ;)

Ha ein god kveld


1 kommentar:

  1. Alltid kjekt når vi får hjelp til å få tak i det vi ønsker oss :)

    SvarSlett

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥