tirsdag 26. juni 2012

Supercute *ikkjeheiltferdig* journal

Har vå masse inn på YouTube i det siste
(mi form for inspirasjonsdykk)
og fann bl.a denne:
Ho har brukt eit halvt 30x30 ark og pynta med masse dill/dall ;)

Men eg fekk ikkje til jamn rygg med eit ark,
so eg har brukt papp-plater og "rosett"-bretta rygg.
Ogso brukte eg aluminiumstape (frå Biltema) for å halde ting på plass :)

Deretter har eg limt på ark frå Panduro Design sin Cirkus (360838)
og eit band frå WOC, til å halde boka att.
Det står igjen å lime på arka som skal vere sjølve journalen, men sånt tek tid ;)
Ville nett vist dekan korleis, so långt

Framsida

 Inni
. Innlegget vil bli oppdatert når boka blir ferdig

Ha ein flotte dag.
Sommarklem frå Frk. Bogstad

torsdag 14. juni 2012

Bryllaupskort

Omsider ferdig med bestillings-bryllaupskortet:

 Hjartet er embossa med gullpudder på matt fotopapir.
Roser frå WOC,
tekst frå pc.
300 grams gull fotokartong.
Kvite halvperler.

Swirl  frå Stempelgleder sin *Grunge Flourish Hearts*
embossa med gullpudder den óg.
Diktet fann eg på Sakkalo sin blogg :)

 Hugsar ikkje kva papiret heiter, men kanskje det kjem frå Panduro?
Det var jaffal midt i blinken.

Elles har eg raka mest i heile dag!!
(frå 8.30 til 14)
Og kan legge meg med godt samvit

Klem frå Frk. Bogstad

mandag 11. juni 2012

Stille ...

Grunnen til at det er so stille her på bloggen, er fordi det er sommar.
Eg har eit småbruk som må haldast ved like. Gras som skal slåast og tørke.
Sidan det er ulendt, er det ikkje gjort på ein dag eller to .. Vi brukar nemleg slåmaskin og tørkar graset på bakken. Ikkje noko hesjing i år.
Men innimyllja, når det er kveld, sit eg å puslar med ting.
No for tida prøve eg å lære meg å embosse. Har eit bryllaupskort som skal leverast onsdag. Og der skal vere eit embossa hjarte i gull.

Og sånn går no dagan ;)

YNSJE DEG EIN FLOTT SOMMAR

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥