Viser innlegg med etiketten martha stewart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten martha stewart. Vis alle innlegg

onsdag 1. mars 2017

Tidlig påske

hjå Hjerteboden i år ♥

Eg har laga eit kort med 
plass til ein kvikk lunsj
Friske, herlige fargar.

Mønsterarket er  
Homemade lemoncurd,
ark frå Maja Design.

torsdag 11. juni 2015

The paper shelter ~ Nurse ~

Kort på bestilling :)
Har fargelagt med promarkers
Før eg leverte det, var der komt på bling i dei "tome" hjørna óg.
Blomster frå Wild orchid crafts
swirl frå silhouette sd
Kort og godt stempel. M-210
Martha Steward punch
Maja Design mønsterark
♥
Kort på bestilling til ei som har avslutta praksis ved ein sjukeheim.


fredag 17. oktober 2014

Gratulerer med dagen, Inger Karin :)

Gåvepose med matchande tag :)
Alt eg får til når eg berre finn roa ;)
Produktliste:
Mønsterark: Vibeke Spigset - My art journal
 Motivet: ferdig fargelagt frå produsent
Blomster: Wild Orchid Craft
Punch: Martha Stewart
Dies: Tim Holtz/Sizzix
Anna pynt: Europris, SaCrafters, Nille
Orda: pc og teikna rundt
Har vå på kurs i telyskort i kveld, 
på Sandane Bademiljø.
Veldig kjekt :)
Kjem eit innlegg om det i mrg.

Tjohei frå Frk. Bogstad

psst: Inger Karin e bl.a eigar av Bademiljø/IK Hobby 
og kursleiar når det gjeld papirting.

onsdag 20. november 2013

Snerten berte

-kort/toffifee øsje, til ein ungkar på jobben som fyllte år :)
Følte litt på om eg tórde å gje får meg eit slikt kort, men
mottakar vart nøgd og tykkje eg e flinke ;)
***
 ***
Mønterark frå Maja Design
Ska vi ta en fika?
Marzipanbakelse 
 Spellbinders ~sprightly sprockets~
 Heimebretta rosett. Har brukt ein MS punch kring kantane.
 Ord skrevne på pc
Kenny K si Mae Western.
Tusja med promarkers
hud: Blush
hår: Sandstone 
det lilla: Lavender og Orchid 
hansker og våpen: Grey 1 & 2
 Personleg stempel
Kortet på avstand :)
Ønsje deg ein god kveld ☺
Takk for støttekommentarar på forrige innlegg
Eg e ikkje overbevist, men litt rolegare ;)

I hope my foreign readers understand my Norwegian, 
in google translate ;)
I participate on these challenges:
Deltek på desse utfordringane:
Little Red Wagon
*my accordion fold, is the flower with a button on.
Deep ocean challenge blog
Challenge # 65
*Green and Purple.

Helsing Frk. Bogstad

tirsdag 1. oktober 2013

Posekort i lilla

I dag fyller mi tante Annfrid 70 år
*HURRA*
 Posekort laga av laang nyinkjøpt pose 
som eg laut klippe til passande lengd ..
 Mønsterark frå papermania -lucy cromwell-
70 talet frå silhouette sd
Har brukt MS punch.
Diktet har eg funne rundtom ;)
 ille dårleg foto .... :(
Måtte jo bruke denne lommen til noko viktigt ;)

Wohoo, innlegg nr 2 for dagen.
Bra for meg :)
Hej då ☺

mandag 1. juli 2013

Bryllaupskort

I den travle sommartid har eg lite 
konsentrasjon til overs
for kortlaging.
Sjølv om eg sit kveldane å putlar litt :)
Men eg klarte i *siste sekund* å lirke or meg
bryllaupskort til dei to para som gifte seg 29 juni.
 Mønsterpapir er frå
Kort & Godt 
Fryd (beige)
♥borda er frå martha stewart
blomster og perlestrå
frå wild orchid crafts 
Bilda e frå eit ark eg har kjøpt på den 
lokale hobbybutikken, Ronny Rør ;)
Fann eit dikt
som eg har skreve om til nynorsk
Eg likar det best sånn ;)
 swirl frå Magnolia
Personleg stempel må vere med c ;)

Takk for fine kommentarar på forrige inlegg.
I LOVE IT ☺
God kveld i stuggu frå
Frk. Bogstad

torsdag 9. mai 2013

Til Konfirmanten

Då var årets konfirmantkort 
ferdig laga og utleverte.
Til Rasmus
 Bildet frå nett (Kim Anderson).
*Til konfirmanten* skreve på pc
Charms frå kort og godt
Hershey bazzill brun
Raud hyssing frå Tim Holtz
Enkel pengelomme med dikt/visdomsord 
Ei helsing på snei ;)

Til Arne
Stempel frå Stempelgleder
Mønsterark er frå Fabscraps
 En enkel pengelomme her óg
Helsing 
Bakside

Til Mari
Bildet vil ikkje snu seg :(
Sommarfugl frå Storyteller
Ramma e Spellbinders 
Swirl e Magnolia 
Har rufsa kantane litt,
men inga sverting ..
                                                            Jojo blomsten e stoff frå Tilda.
 Pengen har eg gøymt bak diktet ...
 Hjertepunch frå martha stewart.
Personleg stempel

Til Malin
 Blåturkis ark frå Authentique
Kjempefin arkserie :)
Blomsten e frå Nille
Rosa mønsterark frå fabscraps
Resten av kortet er som ovanfor :)
***
Takk for besøket, velkomen igjen :)
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 18. april 2013

Dåpskort til Storm

Ei barndomsveninde har fått sitt fyste barn
og her e kortet eg har laga i anledning DÅP.
♥
♥ 
Enkel pengelomme 
  Stjernene e
 utstansa frå ei gammal dongeri bukse
 Hjertepunch frå ms
Har omgjort diktet til Ingvar Moe
so det passa guten :)
Yo yo flower.
Eg kallar det for snurpe-blomst 
Sommarfugl frå silh. Knappar frå diverse 
Blonden har eg hatt leenge.
Motivet e frå Lili of the valley.
Personleg stempel.

Hej so lengje :)

lørdag 13. april 2013

Posekort

Eit 60 års kort til ei
kreativ dame som e aktiv innan:
hage
klesbutikk
bestemor-yrkjet
barneforening
m.m
Bildet e funne på nett
Swirlen frå Magnolia.
Arket e frå Maja Design
~ Ska vi ta en fika ~
Osteklut under bildet.
Og ein MS punch på posekanten
 Blonden e kjøpt på Panduro (og har leje i kaffi 1 time)
The lace is from Panduro. Has been in a cup of coffee for 1 hour.
Blomster frå woc. 
Blada har eg stått fø sjølv.
Prangande til tusan ;)
Mottakar va fornøgd og vi klemma fleire gonger ☺
Eit alternativ til 
mitt personlige stempel
***
Prøver meg på følgande utfordring: 
Little Red wagon - Lovely lace
Litt i grenseland føle eg , men men ....
***
Ynsje deg ei god helg :)
Eg skal kløyve ved,
beskjere frukt3,
skifte til sommardekk på mors bil
og
kanskje eg får litt innetid i mrg
når regnet kjem ☺
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥