Å kor flott veir vi har :)
Dagane mine går i innearbeid på Eurofoto frå 08.30 til 14.30, so heim for kjapp matpause, ogso ut i hagane til folk å klippe plen. 2 plenar for dag. I'm lovin' it :D
Eg e blitt solbrend på "lastebil-armen" som Trond kallar det. So eg må nytte søndagen til å sitje høgrevendt mot soli ;)
Som de les, blir det ikkje mykje tid til kortlaging.
Men eg må lage eit kort til konfirmant-gut søndag, ogso har eg bestilling på 2 ganske ulike bryllaupskort til eingong i juni.
Eit romantisk i gul(l)t og kvitt, og det andre ikkje fullt so romantisk og altfor frie tøylar.
So eg har no å tenkje på medan eg klipper og høyre på radio i høyrselsvernet.
Elles var eg til Nerlandsøy (volda, nerlandsøy, runde, goksøyr og ørsta) forrige helg.
Legg ved nokre bilder derifrå :)
Høgre "framside" av Nerlandsøy ;)
Eit gammalt naust med båt.
Runde
Goksøyr
Kvalsvik. "Baksida" av Nerlandsøy.
God pinse ☺
Klem frå Frk. Bogstad
Sol og flott sommervær er bare herlig:)
SvarSlettNydelige bilder...god pinse til deg også!
Klem Laila.