torsdag 10. mars 2016

Pynta hul bok

.. frå Søstrene Grene.
Skulle gjerne hatt 10 stk til, 
men dei hadde ikkje desse i Sogndal.
Kan hende eg lyt setje ut etterlysning ;)
Star dust -stickles på blomane
 Osteklut under alt for litt fylde.
 Sommarfuglane e heimefarga med Dylusions
 og stansa ut med punch.
 Namnet er skjært ut frå Silhouette sd 
4 stk limt i hop + at der er 3d puter under.
Bokstavane er frå Panduro hobby
Blomster er frå Wild Orchid og Storyteller 
 Lagde ein lomme til å ha bursdagshelsinga i.
Kort & Godt stempel
 Inni
Eit lita stripe som seier at det er
 Frk. Bogstad som har pynta denne
 ♥

Deltek på Scrappelyst si utfordring Stoff eller tråd
Eg har brukt osteklut og blonde

Ha ein fin dag / kveld  ♥

lørdag 5. mars 2016

Trekanter

.. på min nye heimelaga stensil.
Silhouette sd er min venn 
Laga denne tag'n kun for å delta på 
Scrappelyst sin grublis for februar/mars
Enkelt og greit

Har brukt gesso gjennom stensil,
 so distress ink:
*Picked raspberry
*Mustard seed
*Salty ocean
Tørka av farge på trekantane
brukt svart penn rundt dei.
Papirdesign sine ord til deg e mykje brukt her hjå meg 
Deltek også på denne utfordringa:
Bastel traum - Bursdag

So håpar eg du får ein fin laursdagkveld ☺

All dressed up for spring with Wycinanka ;)

Det er klart for ny utfordring hjå Papirlosjen,
denne gong er det " Vår i lufta "

 Eg har brukt eit digi stempel frå All dressed up
Har fargelagt med Promarkers.
Ser eg har gløymt å legge skugge rundt motivet ..
4kløver er frå Wycinanka
-har farga dei med Distress ink.
Midten på blomane har fått bling på seg :)

Takk for alle fine kommentarar ♥

mandag 29. februar 2016

Du er unik ♥

Når eg no va i gong ...
ArJo's tag og ATC kos har ei utfordring på Facebook:
"Oppgåva lyder som følger: I februar feirer mange Valentins day 
og me vil sjå ATCer og tags inspirert av dette. 
Hovedfarge skal være rød og tema kjærlighet. 
I tillegg vil me sjå noko laga av bokark eller avispapir."

 Sommarfuglane er frå ei gammal bok
Å vere unik er jo ein slags kjærlighet ;)


Deltek på følgande utfordringer:
Nordsalten Hobbyklubb ~sommerfuggel i vinterland
ArJo's tag og ATC kos ~kjærleik og gammel bokside.

12 tags of 2016 februar

På tampen av dagen..

Deltek på Tim Holtz sin uhøgtidelige utfordring.
Den e der vel mest for å utvikle oss sjølve ;)

Ogso deltek eg på Papirplaneten
si utfordring som er KJÆRLIGHET
og Kort o Mania ~ Alt er lov

Eg e diverre litt kort med beskrivelse i dag.
Men de ser no ca kva eg har pusla med ;)


søndag 7. februar 2016

Mitt hjerte er ditt ..

.. ditt hjerte er mitt. 
Ein ATC på tampen av dagen.
Skulle jo ha levert den inn tidlegare i dag
til Papirlosjen si pågåande utfordring,
men tida flaug og eg gløymde di...
Men no er det i boks.

Deltek på ArJo's Tag og ATC kos 
kjærlighet -med meir.
Står i linken kva som skal til ;)

Lil Boo's xoxo ...

Denne mnd's utfordring hjå Papirlosjen
er det HJERTER som gjeld ;)
♥♥♥
Eg har brukt eit digi-stempel frå Lacy Sunshine
De lyt berre orsake fargelegginga. 
Det e fyste gong eg har fargelagt eit heilt motiv
med Ranger's Distress ink
og publisert det!!
 Mønsterark frå Docrafts ~ with love ~
Blomster frå Wild Orchid
swirl frå Magnolia 

Ønsje deg ein fin søndag og et krem med måte ☺

torsdag 4. februar 2016

Tipi kort

.. er min nye favorittmåte å lage kort på.
Og det e framsteg for kvert kort eg lagar ;)
 Eg har brukt ark frå Kort & Godt
~ Liljekonvall av Gro Tjeltveit ~
Favorittane min her e:
Ord frå *Pairdesign
*swirlen
*produsent av mønsterarka
*liljekonvall
Elles likar vi jenter bling ;)
Pynta alle sider
 Her skal eg ha mitt personlige stempel
 Inni ↑
utfolda ↓
Her kan DU delta.

tirsdag 26. januar 2016

Scrappekveld ..

.. på den lokale hobby -og bademiljøbutikken
Kjekt å sitje sånn å prate, høyre, 
sjå kva dei andre damene puslar med.

Eg skal på treff komandes helg; Flisnes grendahus.
Gu' kor eg gler meg ♥
Der blir det kursing i korleis lage album og kiste.
 Men i kveld lagde eg kort:
Deltek med lilla kort
på Scrappelyst sin


grublis for januar - Dilla på lilla

Participates with both cards at
Creative Card crew
105 Anything goes

Takk for hyggelige kommentarar
på tidlegare innlegg:)

mandag 25. januar 2016

Dåpskort på bestilling

Til denne sjarmøren ♥
Arka er frå Maja Design
*Vinter Frost Basic
Skeia har eg kjøpt på eBay.
Båndet e farga med distress ink og mica powder
Ramma er frå Spellbinders
*decorative labels eight
Bling er frå Panduro

onsdag 20. januar 2016

Good friends are like stars

..you don't always see them    
but you know they are there ♥

Eg hiv meg på Maja Design sin 
mood board januar 2016
Herlige fargar ♥
Mitt bidrag er noko prega av kveldens dårlige lys.


Eg har brukt kolleksjonen frå 
Vintage Frost Basic 2013

Ikkje det eg trur eg har nokon sjans på gevinst, 
men den som intet våger,
intet vinner.

torsdag 14. januar 2016

Rosa tag

På tampen av kvelden vil eg 
med denne tag'n
Har nytta:
tag # 8
Gesso
Paste og stensil Flourish frå Tim Holtz
Dylusion spray: Funky fuchsia, Pomegranate seed, Cherry pie
Mica powder Lipstick utblanda i vatn
Distress ink Wilted violet + doily stensil frå Prima
Washitape
Stempler frå bl.a Finnabair, Papirdesign
Huset har eg kjøpt av SaCrafters
Blomster frå Wild orchid Crafts
storyteller
Stickles -Frosted lace

Håpa eg e godkjent til å delta på Scrappiness si utfordring.
 ♥


Det vart litt sånn *eg tek litt av det og litt av det* ...
Men fargane e flotte, resultatet e som det vart ;)

søndag 10. januar 2016

Kort til konfirmanten

I dag bloggar eg for Papirlosjen
der vi har gåande ei utfordring som heiter FAVORITT

Eg har laga eit kort til konfirmanten
Har brukt mønsterark og bildet frå Kort og Godt
sin kolleksjon *Konfirmant mint *;)
Gratulerer som konfirmant, er også derifrå.
Dei har so mykje fint azzo ☺
Bandet er kjøpt på søstrene Grene
og basepapiret har nett samme farge.
Eg likar å bruke band, stjerner og 
dikt på korta til konfirmantane.
Der må liksom stå nokre visdomord på vegen ♥
Skrivefelt inni
Det kan enkelt lagast pengelomme på øverste flipp av kortet.
(den som ikkje syner her)
Kortet er 12 x 15,5 cm
Nett høveleg storleik
Ønsjer deg ein fin-fin søndag

tirsdag 5. januar 2016

DT Papirlosjen

Eg har lenge øngst å vere ein del av eit team. 
Inspirere andre med mitt kreative vesen
So i desember tok eg sjansen som bau seg.
Eg er med i Papirlosjen Design Team
Sponsor for januar er:
 Kort & Godt
tema er FAVORITTER.
Det høve jo godt sidan Kort & Godt 
er ein storfavoritt her hjå meg.
Elles elskar jo eg T!m Holtz 
sine Distress ink's/paint og stensilar.
Og fargane lilla & grønt ♥
 Oransje er med for å friske opp ;)
Har brukt Kort & Godt stempelplate M-261
Blomster frå Storyteller
Flourish og Harlequin stencil frå Tim Holtz
Distress stain: Mowed lawn
Distress Paint: 
lucky clover, evergreen bough og twisted citron
***
Nærbilde av bladgull på modelling-paste

lørdag 2. januar 2016

12 tags of 2016 ~ januar

I dag har T!m Holtz lagt ut ny utfordring
og eg kjende gnisten for denne oppgåva :)
So eg bjønde liksogodt med ein gong.
 ♥
Synst denne setninga seier sitt om Mr. Robot ;)

Ein papp tag #8
Aluminiums tape frå biltema
Embossingfolder frå Tim Holtz
(har lenge gått å sett på den, spekulert ....)
Sverta med Distress Paint:
frayed burlap og hickory smoke
(i mangel på black soot)
Robot frå stampers anonymous
(kjøpte den i haust, men opna den i dag)
***
Nevøen min har snart bursdag og eg trur 
han er i nett passeleg alder for ein robot.
 Har laga meg eit ønsje for 2016
der eg vil kreere noko kvar dag :D
Ein tag, eit kort, ein bakgrunn osv ....
I går lagde eg ei side i ei splitter ny dylusions art journal 
og i dag denne her.


torsdag 31. desember 2015

12 tags of 2015 - desember

Denne gongen byrja eg heldigvis med ein gong, 
for eg synest den såg so kjekk ut.

Basen er frå ei tapetbok, 
prøvde mange raudfargar av distress ink på ulike bakgrunnar 
før eg fann ei som synte gjennom.
Blada e stansa ut av forskjellige punchar eg har.
Sløyfa er ei fil frå Silhouette store
Eg skulle etter "oppskrifta" spruta litt kvitt på,
men har ein tendens å bli litt mykje d ..
So eg lot vere ..

GODT NYTT ÅR
til alle de som er innom
og legg att kommentarar :)

HÆPPI NJU JER!!

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥