onsdag 8. august 2012

Eg e her :)

Det gjer godt å kome vekk litt :)
Då føler eg at eg set meir pris på det eg har heime.

Fyst var eg til Ørsta, for å helse på eit syskenbarn med barn som var heimom en tur, so til  Nerlandsøy for å hente denne:

og fekk nydeleg gode vafler hjå Ira :)
+ ein god prat.

So var eg nokre slaraffendagar heime, før eg sette snuten mot Voss.
Budde der hjå besteforeldre til ein tidlegare kjærast
(jaddå, det e litt rart, men det går bra ;)
Dei e so søte atte.
For å ikkje bli for rastlaus tok eg toget til Bergen laurdag 4.8
og der va eg innom:

 Hobby-kjelleren fann eg ved ein tilfeldighet
 impulsive bilder ..
der va øje mykje flott
På Torgalmenningen var det mange forskjellige aktivitetar for alle aldrar


 og heeeilt frå indianarland:

 Masse masse folk på Torgalmenningen


 
Ein mann som sto heilt i ro ..
.... heilt til han fekk mynt i koppen
Ja eg kvopp litt ..

Og for fyste gong i mitt liv:
 åt eg sushi.
Konklusjon: dyrt og eg har smakt beire.

Sjølv om denne
maki med fritert scampi var god.
Såh, der va min ferie :)
Godt å kome heim

Mvh Frk. Bogstad

2 kommentarer:

  1. So søte dissa besteforeldra var! Fin ferietur du har hatt, gjere godt å komme seg vekk litt. Skal vi lage Sushi neste gong du er på besøk? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jah kanskje det :) Laks og kveite var godt, men aldri meir rå tunfisk! *frysningar*

      Slett

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥