Den kreative sida mi ligg vistnuk i dvale i juli ..
Eg har prøvd å få i gong noko sundagane, men her i Breim e det alltid sol DEI dagane ..
Dvs tankane kretsar om foreståande prosjekt, men eg får liksom ikkje ro i kroppen til å gjennomføre ..
Og på måndag (25.07) kom ein lei grunn til at eg er adskilt frå den kreative hula eit par mnd fram i tid.
Lyn og torden gjorde at ei elv i nærleikjen, vaks seg altfor stor til elveleiet sitt.
Kjellaren min vart fylt med vatn. Papir for ca kroner 4000, vart so å seie gjønablautt.
No har eg tørka papira på badgolvet, men det e bulkete og rare.
Elles måtte vi skifte ut 2 frysara. Vatn opptil 25 cm på veggen e ikkje bra for verken frysar eller stikk-kontakter!!
Det e sjølvsagt ikkje noko i forhold til det som skjedde i Oslo/Utøya fredag 22 juli.
Huff og huff kor mykje skade ein manns verk kan gjere.
Men som nokon sa rett etterpå: Om èn mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise.
Andre sitat som har sett seg fast i minnet: ¨
Sveriges utanriksminister Carl Bildt - I dag er vi alle Nordmenn. Då felte eg ei tåre.
Og når AUF-leiar Eskil Pedersens sa: Han tok noen av de vakreste rosene våre, men han kan ikke stanse våren.
I dag fekk vi bekrefta at jenta frå Stryn og Ørsta omkom på Utøya.
Elles vil eg takke for at Torbjørn Vereide og Fred Ove Løtuft kom frå det med livet i behald, men har djupe sår i minnet. Håpar såra gror, men at dei aldri gløymer vennane sine ..
Elles må eg innrøme at eg har ikkje sett so mykje fjernsyn sidan laurdag. Det e for ille å ta inn over seg.
Eg e redd at når eg fyst byrjar gråte, vil det aldri sleppe taket ..
Ang. det kreative: eg kjem sterkt tilbake ; )
GOD SOMMAR inntil vidare :D
Hei!
SvarSlettKjenne meg veldig igjen i det du skriver om Utøya <3 Tror det kommer til å være mange tunge stunder fremover. Vi får stå sammen i "mitt lille land"
Ha ei flott uke!
Klem