fredag 8. oktober 2010

Te-lys kort

I går var eg hjå mi kreative venninde, Hildegunn. Vi pla møtast 1-2 gongar i mnd for å ha ein
*lage kort kveld*. I går skulle ho lage te-lys kort. Eg vart so fasinert at eg gløymde heilt å gjer noko sjølv.

I dag hadde eg fri frå arbeid. Og endå so fint veir det var ute, klarte eg ikkje heilt lausrive meg frå benken ..
Eg lagde fyst eitt kort, men fann ut at sidan eg hadde brukt so kort tid, måtte eg ha gjort noko gale.
Det viste seg å vere rett. Papiret var feil og klaffane vart *koko*. Limpistolen min var heller ikkje heilt go'...

So byrja eg på nr. 2, men fekk ikkje det til då heller. So då klippa eg av klaffane.
So då får det vere opent i begge endar.
Ska sjå om eg får lagt inn bilde i morgon.
No står kveldsarbeid for døra.

God helg : *

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥