Eg likar best å bruke bilder som e i svart/kvitt, sephia farga eller som ikkje treng farge.
Det er fordi eg e ganske håplaus på fargelegging.
Difor eig eg kun 3 Promarkers.
Tenkte no at DE kan hjelpe meg med å finne ut kva andre fargar eg treng,
som samsvarar med dei 3 eg har ;)
Dei heiter: Leaf Green, Fuchsia Pink og Bluebell
Sidan himmelen opnar seg for fullt denne veka og mitt
hovudarbeid består i å arbeide ute,
spekulera eg på om eg skal til Førde ein dag.
På Kulør (litt Panduro) sel dei slike.
Elles finnst dei jo i nettbutikken Papir i hjertet , kr 29,- pr stk
Elles vil eg takke for koslege kommentarar. Det varmar ♥