Viser innlegg med etiketten nille. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nille. Vis alle innlegg

torsdag 9. mars 2017

Inspirasjonsbidrag

for Papirlosjen
der utfordringa er vinger
Star Stampz
Mønsterark er kjøpt på Nille
Kantpunch Martha Stewart
Magiske øyeblikk er klistermerker frå Papirdesign 
Pinnen fann eg ute i hajen i dag ☺

Håpar du finn inspirasjon og blir med
på utfordringa du óg.

lørdag 5. november 2016

Metallic hjå Papirlosjen

Ny månad, ny utfordring
Eg fann ein tag eg hadde byrja på,
men lagt til sides.
Denne er midt i blinken for 
Papirlosjen si november utfordring
som er

Motivet er Festival Lily
Har brukt:
Metal sheet frå Søstrene Grene
Treasure gold rundt kantane.
Blomster frå Wild Orchid crafts.
Bånd frå Nille
*
Slik såg tag'en ut før eg byrja ..
Spraya med Dylusions med mica powder attepå.

Takk for at du stakk innom ♥

søndag 7. august 2016

Bryllaupskort

på bestilling ♥
Fekk i hende bildet og at dei likar friluftsliv ...
Vel, ... godt eg har mykje charms og ark å velge i då ;)
Papirdesign sitt mønsterark: Låvevegg
Blomster frå Wild Orchid Crafts, storyteller m.fl
Charms frå live and love crafts
Neverhjarte frå Nille
Osteklut frå Singer, 
kjøpt på den lokale hobbybutikken her.
Innsida ↑
Doily'en er ein CheeryLynn dies
Alle rundingar er ein dies frå 
Lil' inker designs
kjøpt hjå Hjerteboden 

Deltek på følgande utfordringar:
Nordsalten Hobbyklubb # 143 - Love is in the air
Hobbygarasjen - bruk dies
Kort O' Mania # 157 - Alt er lov
Papirplaneten # 8 - Sommer
Card and Scrap # 122 - Alt er lov
Live & Love crafts # 50 - Happy Birthday / Anniversary!
and a wedding is the start of an anniversary ;)

Då får du ha ein flott AUGUST-månad ♥


mandag 22. juni 2015

Fargerik tag :)

.. til ei tevling i ei facebook-gruppe.
Fekk no laga noko innimyllja raking av gras i slåtten min
Lyt vise dokkke eit bilde av slåttekaren min ;)
Mamma 84 år, ein reser på raking :)
Her e min tag til ArJo's tag og ATC kos
Grøn tag: Twisted citron underst, 
med Latticework stencil og Mowed lawn oppå.
So brukte eg Dot fade stencil og våtserviett 
til å lage nytt mønster.
( det syne ikkje so godt for det hamna vel under tag nr2 ..)
Ogso brukte eg latticework og Mustard seed for å få ein ekstra svong.
Tag 2: Broken china og Mermaid lagoon
+ stempel frå Norsk stempelblad 27B
So til sist blomster frå Wild orchid crafts og Storyteller.
Sommarfuglane er ein Ms punch
Banda er seam binding farga med distressInk i øngst farge :)
+ eit band frå Nille.
Ønsje deg ein fin fin sommardag

fredag 20. februar 2015

Tag til grandniese

Når man har meir å rutte med innan utstyr og idear, 
enn pengar
-får jebbusbarn heimelaga tag i 1 års gåve ;)
Enkelt og greitt ☺
Kanskje litt for enkelt, men pytt pytt.
Har brukt dirtress ink: spun sugar og picked raspberry
*Gratulerer* er heimelaga stensil
Blomster frå woc
Svart tusj er promarker

GOD HELG :)

søndag 15. februar 2015

Dåpskort på bestilling

Fekk bestilling på kort i onsdag e.m,
ferdig torsdag :)
Jajamensann, kan eg når eg vil ;) 
Papiret e frå Panduro, blomster frå Nille.
Skei kjøpt på facebook.
Motivet er Lili of the valley, fargelagt med Promarkers
Blonden kjøpt på
lokale hobbybutikk.
Eit fint vers inni
oversatt frå bokmål.
Personleg stempel.
Bilde av dåpskort til jente 
-laga i romjula.

Eg likar veldig godt den skeia til dåpskort.
Blomster frå woc, storyteller osv ..

Ønsje deg ei fin kreativ veke

torsdag 5. februar 2015

Bursdagtag

Denne gong til ein gut eg set stor pris på.
Han va so nøgd med konfirmasjonskortet 
eg lagde for 3 år sidan, 
at slike gutar e vi snilde med i lang tid framover ;)
Slik såg det ut etter å ha brukt 
chevron og stars stensilar frå Tim Holtz
og eit lag med serviett. 
Med gesso under.

Den turkise remsa kjøpe eg på Panduro ein gong i tida.
18 er stensil laga med silhouette sd ♥ 
Alt av bronse (elle ka det no e) er frå
Tim Holtz sin idea-ology

torsdag 20. november 2014

Bursdagstag

E jo alltid nokon som har bursdag jo ...
Svosj-svosj ein onsdagsmorgon. 
 Laga på samma måte som tag'n til Birgitte.
Meeget oppegåande "bakside" ;)
 Roser frå Wild Orchid Crafts, Nille og Storyteller.
Den lilla perlepynten er frå lysmansjett kjøpt på Nille
Jutestjerna e klipt i 2, småstjerner e Wycinanka sitt produkt.
Enkelt og greit. 
Ønsje deg ein fine kveld
Klem frå meg :)




søndag 9. november 2014

Bursdagstag

8. november er Birgitte sin dag :)
Vi deler interessa for papir, pynt og stæsj.
Ho lagar mest LO'ar av borna sine, 
eg held meg til kort & tag's.
♥♥♥
Ogso gjev vi kvarandre inspirasjon 


Ei jute stjerne frå Papermania
eg har klipt i to delar 
Tag har eg laga sjølv -klipt utav ca 250 gr papir
Brukt decopagelim og limt på ein serviett.
Hatt stencil/paste på
ogso pynta med forskjelligt :)
Ei fjør eg fann, blomster eg har 
laga klart til andre prosjekt.
Orda har eg printa frå pc og teikna 
rundt etter at eg limte dei på.

Kanskje du fann litt inspirasjon i denne?

fredag 17. oktober 2014

Gratulerer med dagen, Inger Karin :)

Gåvepose med matchande tag :)
Alt eg får til når eg berre finn roa ;)
Produktliste:
Mønsterark: Vibeke Spigset - My art journal
 Motivet: ferdig fargelagt frå produsent
Blomster: Wild Orchid Craft
Punch: Martha Stewart
Dies: Tim Holtz/Sizzix
Anna pynt: Europris, SaCrafters, Nille
Orda: pc og teikna rundt
Har vå på kurs i telyskort i kveld, 
på Sandane Bademiljø.
Veldig kjekt :)
Kjem eit innlegg om det i mrg.

Tjohei frå Frk. Bogstad

psst: Inger Karin e bl.a eigar av Bademiljø/IK Hobby 
og kursleiar når det gjeld papirting.

onsdag 1. oktober 2014

Bursdagskort til mitt kjære eldste fadderbarn ♥

Jenta blir 22 år 2. oktober :)
Det e so rart, for eg e jo framleis berre 23 ;)
~ inni mitt hode ~
Eg e veldig inspirert av Ida Kristin
 Eg har ein tendens til å klæsje blomstane tett saman ...
Difor laut eg klippe av ein.
Skrivefelt inni
Litt knapt med tid som vanleg,
 so eg skreiv rett på den kvite delen ;)

Produktliste: 
Bazzill 
Mønsterark fra Maja Design
Papirblomster fra Wild Orchid Crafts
Knopper frå Storyteller
Halvperler fra Storyteller
Charms frå eBay/Kina
Osteklut
Stempel: Norsk Stempelblad AS 27B
Dies fra Spellbinders: Floral ovals

Deltek på følgande utfordring:
StorytellerNorge #24 - Alt er tillatt

Takk for at du tok turen innom
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 21. september 2014

Bursdagskort til 60 åring

Hadde den æra over å bli invitert i 60 års lag :)
Jubilaten fekk ei kasse med epler og pærer frå Hagebakk.
Og eit heimelaga kort
Haustleg preg på kort og fargar.
Man må nytte september ;) 
Fotoapparatet er frå SaCrafters.
Nyinkjøpt stempel frå Kort og Godt
Skulle egentleg få det oppstempla av ei venninde, 
men ho hadde blingsa på KVA stempel ;)
Du hendelse ka forskjell med og utan lys. 
Ingen av dei e skikkelige ... :/

Litt fleire kommentarar på innlegga mine hadde vå kjekt.
Men berre om det meinar det.
Helsing frk. Bogstad

mandag 12. mai 2014

Til konfirmanten Mathea

Dette fantastiske bildet fann eg på 
facebookgruppa the digistamp shack :)
Tenkte med ein gong at dette ER Mathea ♥
eller kva som helst stileg jente-konfirmant.
Mønsterpapir frå Lili of the valley
~ Shabby shack ~
Nydelige ark, er veldig glad i å bruke dei :) 

Eg deltek på utfordringane:
Eg har embossa det blå arket med notestempel kjøpt på fb
og brukt G-nøkkel charms frå hong kong kjøpt på eBay.
Scrappin All Over - lag på lag
Kort O Mania - alt er lov
♥ ♥ ♥
 
Blomster frå Nille og woc 
Stjernene frå eit stempelsett frå Papirdesign
 Sidan eg ikkje hadde blå bling-halvperler
klipte eg or nokre frå eit band kjøpt hjå Panduro
JA, ogso har eg tusja motivet sjølv
med mine elskelige Promarkers ♥

Eg e strålande nøgd ;)
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 25. november 2013

Dekorert ramme

... til ei venninde si 2 åringe jente.
 
Mønstrete ark frå Papermania
~ boysenberry ~
Rosetten er papir frå Nille -sweet baby- 
el no' sånt.
Har sverta kantane med dark rust.
Organzabånd so ramma kan henge på veggen.
Frå denne sida skal man ha i bildet. 
Papp både her & der. 
Sjølve ramma har eg kjøpt på Panduro,
reve av bakre del,
 funne underlag og kant sjølv.
Om de ser, har eg brukt undersida av papiret til midte på rosetten 
Sommarfuglar frå Silhouette sd'n.
Swirl frå magnolia.
***
E mykje kjekkare å kome inn på sida mi,
når der ligg ein (eller fleir) kommentar (ar) å ventar ;)
***
Ønsje deg ein fine dag
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥