Viser innlegg med etiketten ord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ord. Vis alle innlegg

lørdag 1. april 2017

Bursdag i april

11. april er min ♥
Faktisk heiter mønsterarket det óg, 
Maja Design  ~ Vintage Spring Basics
 Lys rosa roser finn de i Hjerteboden.
 Roser generelt finn de her.
So håpar eg at akkurat du blir med
på Hjerteboden's april utfordring
Blomster er eit must ♥


torsdag 30. mars 2017

Blomstrende posekort

Eg har alltid villa lage eit kort med
blomster som midtpunkt.
 Doily-dies frå Joy (trur eg..)
 Blad frå thinlits til Tim Holtz
Det kvite er paste og crackle medium.

Eg deltek i denne utfordringa/
I am participating this challenge:
scrapki-wyzwaniowo - numbers 
I've used a homemade stencil

torsdag 9. mars 2017

Inspirasjonsbidrag

for Papirlosjen
der utfordringa er vinger
Star Stampz
Mønsterark er kjøpt på Nille
Kantpunch Martha Stewart
Magiske øyeblikk er klistermerker frå Papirdesign 
Pinnen fann eg ute i hajen i dag ☺

Håpar du finn inspirasjon og blir med
på utfordringa du óg.

mandag 27. februar 2017

Heart in my ART

Desse Art Alchemy acryl-målingane e berre so lekre.
Har mest lyst å måle alt eg 
ser -svart og tørrbørste over ..
Har laga nokre ATC'ar til ArJo's Tag & ATC kos
 Nært på ↓
Har brukt royal red & fresh orange.
 Slik såg dei ut før eg hadde på eit strøk svart gesso.
Håpar du likar dei og vil prøve ut sjølv :)

Eg deltek også i Scrappelyst si utfordring ~ Hjerter

lørdag 14. januar 2017

Mixed media tag & ATC

På facebook er der ei gruppe som heiter
ArJo's Tag & ATC kos.
Av og til har dei steg for steg oppgåver -der og då.

I januar skal man finne eit ord man vil framheve i 2017.
Eg bidrog med desse:
Artist Trading Card (som eg har gitt vekk)
Tag

Har brukt gesso, stencil & mod.paste.
Mica pulver + vatn
Tingeling er fil på silhouette store
Bling frå Kort & Godt
Stempel er Finnabair's
Trust the magic ♥

onsdag 21. september 2016

25 års bryllaupsdag

 Til min bror og svigerinne
Bling og liten blomst frå Storyteller 
 Dei nydelige mønsterarka er
Maja Design ~
Vintage romance
Har lagt til bilder av 
før, under og etter 
at rammene vart limt på inni.




 Baksida der eg skriv signaturen min :)

Takk for titten ♥

søndag 10. juli 2016

Inspirasjosbidrag for Papirlosjen

 # 8 Alt er lov
♥ ♥ ♥
Hr. sart Blå hund og Fru. sart Rosa katt
er skjært ut med Silhouette sd.
Ramma er ein spellbinders dies.
Arka er Maja Design 
*Vintage Romance 
~ Walk with me
Har nytta fram -og baksida ♥
Har brukt 3D puter for å få motivet opp-i-frå det blomstrete arket.

Eg er nuk litt sær i påkoming av motiv/bilder 
til mine bryllaupskort på bestilling.
Nokre gonger er det rosehjarte, 
andre eit flott normalt motiv eller slik som dette:
Noko man ikkje såg kome, liksom ;)

torsdag 30. juni 2016

ATC for a challenge at facebook

I surf the youtube daily for inspiration. 
Somethimes there is nothing ... 
Other times -like today, I found this.
Cat Hand is fantastic ♥
Here is my ATC's
inspired by her.
 Washitape
Finnabair ~ butterfly cling stamp
Norsk stempelblad - swirl
Words are made in my wordPad

tirsdag 31. mai 2016

12 tags of 2016 MAY

Eg føle at eg fekk ikkje heilt dreisen 
på denne mnd's utfordring frå Tim Holtz
Eg prøvde fyst med Finnabair stempel og rosa spray.
Vel ... det vart FOR rosa (det går faktisk an..)
Den andre med distress ink, det vart for forsiktig..
So sa eg no eller ikkje:
Eg e nøgd med resultatet ♥
***
Byrja med ein # 8 tag
Tok på washitape og stempla vespa'en
Modeling paste, stensil ~ flourish ~
 Har brukt diverse friske fargar frå distress paint
Blomster frå Wild Orchid Crafts
litt gesso rundtomkring

torsdag 14. april 2016

Konfirmant som diggar :

fotball !!!
*bombe* det då ;)
Denne gongen passa det best med papira
*Hell og lukke 
*Forventning 
frå Papirdesign
Charms kjøpt på eBay
 Bilda e printa ut på Japan Photo avd. Eurofoto
som ligg rett nedi høgget her.
Mange flotte ord øvst i borda på mønsterarka.

Inspirasjonsbidrag for Papirlosjen
utfordring konfirmasjon /ungdom

søndag 13. mars 2016

Polarpus møter humla

... for fyste gong
Vi i Papirlosjen har gåande ei utfordring som heiter 
Pusane mine er fødd i september 2014,
so våren vart fyst då dei slapp ut i lengre periodar.
 Og då skal ALT utforskast nærare.
Blinkskot ;)

Mønsterark frå My Minds Eye og Maja Design
Hjerter frå Wycinanka
Storleik på kortet: 15 x 19,5 cm

Ønsjer deg ein fin søndagskveld 

torsdag 30. juli 2015

12 tags of 2015 july

Ein ny månad er snart omme og det er dags for 12 tags of 2015 
(alltid i siste liten her vettu')
Tim Holtz har laga ein tag om 4 juli og USA
då tenkte eg at 17.mai og Noreg var på sin plass
 Serviett er eg har spart på. 
Bildet er ein #selfie tekje på #nasjonaldagen vår.
Setningane og orda printa ut frå eigen pc.
Banda har eg kjøpt på Nille oppigjøna åra.

mandag 23. mars 2015

Bursdagstag til Katrine :)

Mitt 3. eldste tantebarn fylte 35 år 22.mars :)
 Ho er ei aktiv, sporty, arbeidssom og kjekk jente.
Tidlegare kokk, no optiker i Oslo og rundomkring.
Bakgrunn er spraya med Dylusions 
Lemon zest, bubblegum pink og ein heimeblanda blå
(eg hugsar eg hadde white linen oppi ;))
Elles ser de so vidt i Tim Holtz stencilen Flourish
- den e berre heilt fantastisk fin azzo :)
Swirl frå Magnolia, blomster frå bla. WOC
Blingremser kjøpt på Panduro

søndag 9. november 2014

Bursdagstag

8. november er Birgitte sin dag :)
Vi deler interessa for papir, pynt og stæsj.
Ho lagar mest LO'ar av borna sine, 
eg held meg til kort & tag's.
♥♥♥
Ogso gjev vi kvarandre inspirasjon 


Ei jute stjerne frå Papermania
eg har klipt i to delar 
Tag har eg laga sjølv -klipt utav ca 250 gr papir
Brukt decopagelim og limt på ein serviett.
Hatt stencil/paste på
ogso pynta med forskjelligt :)
Ei fjør eg fann, blomster eg har 
laga klart til andre prosjekt.
Orda har eg printa frå pc og teikna 
rundt etter at eg limte dei på.

Kanskje du fann litt inspirasjon i denne?

Staffelikort med årskalender

I går var eg i 70 års kalas til ei kusine.
Funderte lenge på eg skulle gje,
for eg gjev ikkje blomster ;)
Eg fann eit bilde av Hagebakk-utsikta
Ho vart nemleg fødd her i min barndomsheim.
Mønsterpapir frå Studio Light
 Blomster frå Wild Orchid Crafts og Storyteller
Livskunst av Per Kvalvik
 Kalenderen er eit ark frå Papirdesign
som heiter Stille natt
PD14937
Ønsje deg ein god søndag :)
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥