Viser innlegg med etiketten doily. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten doily. Vis alle innlegg

søndag 9. juli 2017

Lollipopkort

.. er ikkje heilt mi greie ...
Krampetrekning kallar eg denne ;)

Men deltek  likevel på 
Cuttlebug Mania ~ Lollipopcard (10.07)

Eg har brukt ein doily kjøpt på Panduro,
det samme er blonden.
Sløyfedie kjøpt på Ebay.
Rosetten er heimebretta med hjelp frå Tim Holtz die
Sugerøret eg har brukt har eg kjøpt på coop ;)

tirsdag 18. april 2017

PL-side til grandtantebarn ♥

Eg har faktisk litt diverse utstyr
(lommar, kort og bilder) 
til framtidige Project Life sider ..
men eg har alltid hatt eit eller anna 
-annja som hasta meir ;)
Denne sida her, som eg deltek med på:
Project Life i Norge
byrja eg på når vi var på Scrapomaniatreff i Geiranger i fjor.
Det var den helga Ronja kom til verda ♥

Eg har brukt fargane i Linda sitt inspirasjonsbilde
For det tek opp fargane rosa, turkis, grønt og gyllent 
og alle dei finst jo på mi side.
 Stempel er frå Kort & Godt
***
Ferdig fargelagde motiv frå the hobby house, Wee-stamps.


Eg veit ikkje om det finst reglar som seier 
at det MÅ vere med ekte bilder, 
ikkje berre ferdig fargelagde.
Men eg står min prøve...
Eg likte den jaffal ;)

torsdag 30. mars 2017

Blomstrende posekort

Eg har alltid villa lage eit kort med
blomster som midtpunkt.
 Doily-dies frå Joy (trur eg..)
 Blad frå thinlits til Tim Holtz
Det kvite er paste og crackle medium.

Eg deltek i denne utfordringa/
I am participating this challenge:
scrapki-wyzwaniowo - numbers 
I've used a homemade stencil

søndag 7. august 2016

Bryllaupskort

på bestilling ♥
Fekk i hende bildet og at dei likar friluftsliv ...
Vel, ... godt eg har mykje charms og ark å velge i då ;)
Papirdesign sitt mønsterark: Låvevegg
Blomster frå Wild Orchid Crafts, storyteller m.fl
Charms frå live and love crafts
Neverhjarte frå Nille
Osteklut frå Singer, 
kjøpt på den lokale hobbybutikken her.
Innsida ↑
Doily'en er ein CheeryLynn dies
Alle rundingar er ein dies frå 
Lil' inker designs
kjøpt hjå Hjerteboden 

Deltek på følgande utfordringar:
Nordsalten Hobbyklubb # 143 - Love is in the air
Hobbygarasjen - bruk dies
Kort O' Mania # 157 - Alt er lov
Papirplaneten # 8 - Sommer
Card and Scrap # 122 - Alt er lov
Live & Love crafts # 50 - Happy Birthday / Anniversary!
and a wedding is the start of an anniversary ;)

Då får du ha ein flott AUGUST-månad ♥


tirsdag 26. januar 2016

Scrappekveld ..

.. på den lokale hobby -og bademiljøbutikken
Kjekt å sitje sånn å prate, høyre, 
sjå kva dei andre damene puslar med.

Eg skal på treff komandes helg; Flisnes grendahus.
Gu' kor eg gler meg ♥
Der blir det kursing i korleis lage album og kiste.
 Men i kveld lagde eg kort:
Deltek med lilla kort
på Scrappelyst sin


grublis for januar - Dilla på lilla

Participates with both cards at
Creative Card crew
105 Anything goes

Takk for hyggelige kommentarar
på tidlegare innlegg:)

søndag 25. oktober 2015

Førdescrappen 23-25 oktober

Denne helga var det tid for den fyste Førdescrappen.
Nokre damer frå området tok ansvar og feia i hop treff.
Vi fekk kome med forslag til kurs, 
og enda opp med:
Mixed Media Layout
Mixed Media mini album
& silhouette kurs
med den fantastisk inspirerande Kirsten Hyde
og nybyrjar/vidarekomne Project Life med Linda Veberg Søgnen
Eg deltok på Mixed Media minialbum, 
der vi fekk prøve nokre teknikkar.
 Framsida skal målast kvit og sprayast.
Limt fast bling og måla svart og tørrmåla 
Spennande teknikk det her ;)
*
Og når dei hine var på andre kurs, 
lagde eg julekort.
Eg elskar denne dies'n frå Spellbinders

*
Ogso fekk vi ei utfordring 
Lag noko utav dette. Minst 5 forskjellige ting.
Ajaj tenkte eg ...
Men den som intet våger, osv ...
Ta-daa :) 
Motivet, sløyfe, dei blanke småtinga (2) og selen med ball.

Ein kjekk, kjekk laurdag ♥

lørdag 19. oktober 2013

Rosa babykort

Eg fekk bestilling på kort til nyfødd jente.
Og det skulle vel gå bra; eg lige jo rosa
Hektisk veke dog, men vil man noko sterkt nok, går d bra
til slutt ...
Va ferdig 00.45 i går kveld.
***
Sov gruhenteleg godt i natt :)
Bilde frå nettet
Blonde og doily kjøpt på Ronny Rør
Swirl frå Magnolia
Mønsterark frå Imaginisce
~ Fairest of them all ~
Staffelikort
Blomster frå Wild Orchid Crafts
Tag har eg lånt med Inger Karin.
Dikt av Ingvar Moe.
Nydeleg dikt på nynorsk ♥
Bildene er tatt på badet, for der va det godt lys ;)
Ønskje deg ei GOD HELG
Klem frå Frk. Bogstad
- som vert umåteleg glad for at du gidd kommentere på innlegg
og grådigt skuffa vist ikkje ... -

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥