Viser innlegg med etiketten papirdesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten papirdesign. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

4 utfordringer på ein gong :)

Å vinne er kjekt, 
men ikkje sjølve grunnen 
til at eg legg meg i selen 
og lagar kort til utfordringar.
Eg likar å få vise fram det eg kreerar 
og kanskje få litt ros ;)

Det er lenge sidan eg har vore med no, 
men so har eg lenge villa bruke 
dei spreke fargane til Papirdesign sine mønsterark,
pluss dies'n eg kjøpte på ebay til noko fjongt.

Eg deltek på følgande utfordringar:
Kreativ Scrapping, utfordring # 2 -Bretteteknikk
Nordsalten Hobbyklubb, utf. # 168 -Hjerter
Papirdesign, februarutfordring - Bruk stempel
Scrappelyst, grublis for februar - Fargepalett
(eg har brukt #18)

Kaffislabberas er eit velbrukt ord på mine kanter av landet ☺
Alle mønsterark kjem frå Papirdesign.
 Bretteteknikken kallast Joy Fold
 Utfalda 1 ↑
 Utfalda 2 ↓
Skrivefelt blir limt på når eg veit kven som skal få det ;)
Liggande 
Ståande frå sida

mandag 4. desember 2017

Mini juletag's

Det å glede ein annan, det er den største gleda
♥
So no held eg på med masseproduksjon av 
minijuletag's som skal delast ut på eit 
arrangement i heimkomunen på torsdag.
Det e so enkelt som det går an å bli ☺
Slik såg den fyste ut.
Den skal få på seg eit God Jul, litt bling
og kanskje ein hyssing.
Får sjå kva eg rekk.

Kva synest du?

Takk for alle fine kommentarer ♥
Det e so kjekt å lese dei :)

søndag 15. oktober 2017

Minialbum til verdas beste Vera ♥

Eg byrja i god tid med planlegging og tillaging.
Likevel vart pakken med album, 
tjukkelabbar og pærer sendt dagen før dagen.
Men PostenNorge elske jo meg, 
so pakken med sporing kom fram på 1 dag.
Det e jo imponerande 
♥
Eg har brukt Maja Design ~ Enjoying outdoors,
herlige rosa/lillatoner,
nett som Vera ♥
 Framsida var utplukka den dagen eg såg dette mønsterarket ♥
 Lomme med bursdagshelsing.
 Bilde frå Bergheim mot Eggenipa.
 Ein fin tekst inni, som betyr noko.
 Hurdalsrosa på Hagebakk
 Når du bur på bygda, må du ha ein fin stad å kvile deg.
 Den fyste innisida eg lagde til. ↑
 Var so flott mønster at eg ville ha enkel pynt.
 Hemmelig brev til bursdagsjenta
Ser teit ut med washitapen rundt, men men..
 Acetate-side ↑ ↓
Pynta slik at det skulle syne på 2 sider, på samma tid. 
♥

Eg må jo sjølvsagt få vere med i albumet :)
 ♥klem stempel frå Kort & Godt
 Stempel frå Papirdesign.
 Laga med the Cinch frå We R Memory Keepers

 Note to self:
Neste gong må eg ha permane litt større
enn sjølve (papp)arka inni...
Bursdagspresang ☺
Mamma har strikka tjukkelabbane.

mandag 1. mai 2017

17 mai, del to ♥

"Baksida" på min fyste heilsides PL
høver godt til 
Project Life i Norge si mai utfordring
JA vi elsker dette landet ♥
Ved kyrkja står der to bautaer ↑ ↓
over falne breimningar under 2 verdskrig. 
Desse vert markerte kvert år.
Vi har godt av å bli minte på kva som skjedde.
♥
♥
Eg er inspirert av fargane raudt & grønt og teksten.
Det er viktig å leve i nuet, men ikkje ta noko for gitt ...

Utklippsarket eg har brukt heiter Nasjonaldag og du finn det her
Elles er det Maja Design som har det rutete arket.

Project Life ~ 17. mai 2016

I dag er det klart for ny utfordring hjå Hjerteboden.
Vi vil sjå at de brukar flagg, vimpler og/eller banner
I høve PLiN sin 3 års dag vart eg inspirert til å byrje med Project Life. 
Eg har ein del lommar, ark og bilder til det,
men liksom aldri tørt meg utpå den vegen...
Utklippsark frå Papirdesign ~ Nasjonaldag
Kjempeflott at produsenter lager slike ark ♥
Då slepp ein leite seg galen på kort som passer i hop ;)

søndag 23. april 2017

Konfirmasjonskort ...

... frå i fjor.
Eg treng å finne att konfirmasjonskorta som eg har 
laga på bestilling, når eg leitar etter inspirasjon til nye.
Difor dette "mini" innlegget her: 


















Eg leite meg tussete på KVAR eg har sett dette motivet på eit mønsterark.
Eg trur produsent er Papirdesign, men kva heiter arket?
Kanskje DU vil hjelpe meg ..?

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥