Viser innlegg med etiketten washitape. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten washitape. Vis alle innlegg

søndag 15. oktober 2017

Minialbum til verdas beste Vera ♥

Eg byrja i god tid med planlegging og tillaging.
Likevel vart pakken med album, 
tjukkelabbar og pærer sendt dagen før dagen.
Men PostenNorge elske jo meg, 
so pakken med sporing kom fram på 1 dag.
Det e jo imponerande 
Eg har brukt Maja Design ~ Enjoying outdoors,
herlige rosa/lillatoner,
nett som Vera ♥
 Framsida var utplukka den dagen eg såg dette mønsterarket
 Lomme med bursdagshelsing.
 Bilde frå Bergheim mot Eggenipa.
 Ein fin tekst inni, som betyr noko.
 Hurdalsrosa på Hagebakk
 Når du bur på bygda, må du ha ein fin stad å kvile deg.
 Den fyste innisida eg lagde til. ↑
 Var so flott mønster at eg ville ha enkel pynt.
 Hemmelig brev til bursdagsjenta
Ser teit ut med washitapen rundt, men men..
 Acetate-side ↑ ↓
Pynta slik at det skulle syne på 2 sider, på samma tid. 

Eg må jo sjølvsagt få vere med i albumet :)
 ♥klem stempel frå Kort & Godt
 Stempel frå Papirdesign.
 Laga med the Cinch frå We R Memory Keepers

 Note to self:
Neste gong må eg ha permane litt større
enn sjølve (papp)arka inni...
Bursdagspresang
Mamma har strikka tjukkelabbane.

søndag 1. januar 2017

Godt nytt år ♥

Vart so inspirert av eit kort eg fann på Instagram,
laga av bankmaus74,
at eg har laga fleire i forskjellige fargar ♥



Eg ynskjer deg alt godt for 2017.

tirsdag 31. mai 2016

12 tags of 2016 MAY

Eg føle at eg fekk ikkje heilt dreisen 
på denne mnd's utfordring frå Tim Holtz
Eg prøvde fyst med Finnabair stempel og rosa spray.
Vel ... det vart FOR rosa (det går faktisk an..)
Den andre med distress ink, det vart for forsiktig..
So sa eg no eller ikkje:
Eg e nøgd med resultatet ♥
***
Byrja med ein # 8 tag
Tok på washitape og stempla vespa'en
Modeling paste, stensil ~ flourish ~
 Har brukt diverse friske fargar frå distress paint
Blomster frå Wild Orchid Crafts
litt gesso rundtomkring

torsdag 17. mars 2016

Påsketag ♥

Skulle byrje å rydde,
fall i sprayfella og lagde ein påsketag.
Som eg deltek med i ArJo's tag og ATC kos
Man tager eit Canson akvarellpapir, 
sprayer med litt vatn.
So tek man utvalgde fargar i Dylusion
Squeezed orange, Pure sunshine & Lemon zest 
+ ein dusj av MicaPowder gold
(3-4 tuppar MP på skaftet på ei lita skei,
blanda med 40 ml vatn i ei lita sprayflaske)
So brukar eg varmepistol og duttar med papir om det har blitt dam.
Deretter finn eg fram stempel eg vil bruke (easter blueprint CMS144)
og Archival ink -svart.
***
*Hugs alltid å legg lokket på stempelputa, 
elles blir du svart på underarmen ;)
***
Elles har eg brukt washi tape,
bokstavar frå PanduroHobby,
stensil frå Finnabair,
blomster frå Wild Orchid Crafts og Storyteller,
hjerter frå Wycinanka.
Til å sverte kantane har eg brukt Distress ink - Ripe persimmon.

Eg ser so fram til denne påska,
skal rydde her og der / inne og ute
vere i lag med kjærasten min (3 bank i bordet)
ogso skal eg byrje på dei
25 tag'sa til Breims konfirmantane 
m.m

torsdag 23. juli 2015

Washitape-kort

Vart so inspirert av Camilla Halseth sitt kort 
i Ett Trykk 4/2015, at eg har laga nokre sjølv.
Skal ha dei for sal i lag med mange andre
under frilufthelga i Hyen som e komandes helg :)
Rosa variant med sommarfugl
Dies: Bo Bunny
Blå-grøn variant med tog
Dies: Marianne design
 Raud variant med hjarter
Dies: Marianne Design
2 like i rosa med forskjellig tekst
Tekst frå Papirdesign
( I ♥ them )

Washitap 'ane har eg kjøpt rundt-om-kring
søstrene Grene, Panduro

Håpar du har ein fin sommar, UANSETT veir ;)

fredag 17. april 2015

Dåpskort til Johan Kornelius ♥

 Mønsterpapir frå Papirdesign
Motiv frå LOTV og 
fargelagt med promarkers
 Salme 591 med små justeringar for å få plass ;)
Skrivefelt

torsdag 16. april 2015

Dåpskort til Aksel ♥

Fargelagt med Promarkers ♥
 Mønsterpapir frå Papirdesign
Utdrag frå salme nr. 591 
Skrivefelt med blonde-bordkant.

Ser at eg har gløymt å hatt på bling ....
Ønsje deg ein fine dag :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥