Viser innlegg med etiketten Tim Holtz dies. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tim Holtz dies. Vis alle innlegg

søndag 12. november 2017

Dåpskort til Erle

Fluffy hanging in there av Wee stamps.
Det er ferdig fargelagt motiv 
som eg har kjøpt frå the hobby house.
Mønsterark er Kort & Godt.
Me like roosa ♥
Magebelte til pengegåve,
skrivefelt i samme ramme
som den på framsida.
Vesle jente har i alle fall godt sovehjarte,
for det var stilt i kyrkja og under samkome etterpå.

Deltek på følgande utfordring:

Utfordring november ~ Fargepalett
(Palett #21 med lysare rosa enn burgunder, minus sommerfugl ..)

søndag 23. april 2017

Konfirmasjonskort ...

... frå i fjor.
Eg treng å finne att konfirmasjonskorta som eg har 
laga på bestilling, når eg leitar etter inspirasjon til nye.
Difor dette "mini" innlegget her: 


















Eg leite meg tussete på KVAR eg har sett dette motivet på eit mønsterark.
Eg trur produsent er Papirdesign, men kva heiter arket?
Kanskje DU vil hjelpe meg ..?

lørdag 1. april 2017

Bursdag i april

11. april er min ♥
Faktisk heiter mønsterarket det óg, 
Maja Design  ~ Vintage Spring Basics
 Lys rosa roser finn de i Hjerteboden.
 Roser generelt finn de her.
So håpar eg at akkurat du blir med
på Hjerteboden's april utfordring
Blomster er eit must ♥


torsdag 30. mars 2017

Blomstrende posekort

Eg har alltid villa lage eit kort med
blomster som midtpunkt.
 Doily-dies frå Joy (trur eg..)
 Blad frå thinlits til Tim Holtz
Det kvite er paste og crackle medium.

Eg deltek i denne utfordringa/
I am participating this challenge:
scrapki-wyzwaniowo - numbers 
I've used a homemade stencil

torsdag 9. februar 2017

Utfordringa hjå Papirlosjen ..

er musikk
Og det er jo relativt.

Eg valgte å bruke ein ny dies, 
som høver til ungdomen.
Mønsterarket er Maja Design 
Hodetelefon-dies frå det store utland
Den i raudt glitterpapir er thinlits frå Tim Holtz
Teksten fekk eg frå ei scrappevenninde :)

Helja 3-5 februar var eg på scrappetreff.
Ja eg var faktisk ein av 3 som arrangerte det ♥
Difor kom dette innlegget nuh!
Betre seint, enn aldri ;)



søndag 31. juli 2016

12 tags of 2016 JULY

It's the last day of the month and
that means 12 tags of 2016 JULY
A very easy tag from me.
It's summer.
Despite the weather, IT IS SUMMER
I don't make much during summertime..

Love, Audhild ♥

torsdag 30. juni 2016

12 tags of 2016 ~ JUNE

Last day of the month
and I just made my tag
♥ ♥ ♥
I LOVE the flourish stencil
I just bought the mini-stencil today ♥

fredag 17. oktober 2014

Gratulerer med dagen, Inger Karin :)

Gåvepose med matchande tag :)
Alt eg får til når eg berre finn roa ;)
Produktliste:
Mønsterark: Vibeke Spigset - My art journal
 Motivet: ferdig fargelagt frå produsent
Blomster: Wild Orchid Craft
Punch: Martha Stewart
Dies: Tim Holtz/Sizzix
Anna pynt: Europris, SaCrafters, Nille
Orda: pc og teikna rundt
Har vå på kurs i telyskort i kveld, 
på Sandane Bademiljø.
Veldig kjekt :)
Kjem eit innlegg om det i mrg.

Tjohei frå Frk. Bogstad

psst: Inger Karin e bl.a eigar av Bademiljø/IK Hobby 
og kursleiar når det gjeld papirting.

lørdag 23. november 2013

Pynta pose

til systra mi som forrige laurdag fylte år.
Her er kortet frå i fjor.
Litt i samma tralten denne gong ;)
Ark frå Maja Design
~ chaite ~
~ Lejas Café ~
Ord skrevne på pc 
Ramma frå spellbinders
Den ytterste måtte eg klippe til sjølv.
 Tim Holtz sin: sewing room dies
Ein liten tag med helsing og billett på baksida
Ogso eit quilteblad med mykje inspirasjon i.
Mitt personlige stempel

Ynsjer deg ein god laurdagskveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 3. januar 2013

Veslemøy 13 år

I dag fyller mi yngst niese 13 år.
Dette er ei jente som likar fotball og bloggar om livet og mote.
Ogso likar ho å lage kort.
 Eg vil jo so gjerne at bildet på kortet skal stemme 
overens med mottakar, so her har eg leita grundigt ;)
(Veslemøy likar chinchilla og har blondt hår, men hallo?!? )
Bildet frå nett, søkte på Anime. 
Sommarfuglar frå silh.sd, embossa.
Blomster frå woc.
Papir frå Maja Design 
Gamle boksider har eg kjøpt av
S. Halseth, via facebook.
 Upon a time - Tim Holtz
Charms frå Storyteller.

Legg kortet til på utfordring hjå Hjerteboden

Der er det óg ein blogghopp de kan delta på :)
Mange nydelige detaljerte kort dei har laga ♥ 

Ha ein flott dag.
Klem frå Frk. Bogstad

lørdag 17. november 2012

Sjokoladekort

I går hadde systra mi jebbus.
Ho er 21 år eldre enn meg, so kan de rekne sjølv ;)

Marie er sy(maskin)dame.
Ho syr bunader, kape'r, dåpskjolar, brudekjolar m.m
og
er den flinkaste EG veit til å quilte, applikere, finne fargar/mønstre som passar i hop.

Eg har lenge tenkt eg skulle bruke min Tim Holtz dies ~ mini sewing room set ~ å lage noko stiligt til ho.
Og sidan eg er inni ein *flow* av sjokoladekort-kreasjonar for tida, vart det ein kombinasjon.
So her e mitt resultat:
 Tekst skreve ut på pc
Blomsterperlene trur eg kjem frå Panduro
 Denne har eg hatt i haudet mitt leeenge :D
 Min syster likar best mørk sjokolade

 Charms frå kog
Blomster frå woc
 Symaskin-charms frå kog
Knappar frå basic grey
 Blonden trur eg eg har kjøpt på Voss
Embossa hjørne og sommarfugl 
Mitt personlige stempel, embossa
Punch frå MS
♥ it

Deltek på Anonyme Scrappere sin
Utfordring # 54 - pose eller sjokoladekort

Hej då :)
Klem frå Frk. Bogstad




Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥