Viser innlegg med etiketten juletag2017. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten juletag2017. Vis alle innlegg

torsdag 7. desember 2017

ArJo's adventskalender

Luke 7
Tag'n min viser at eg er opptekjen av kvifor vi feire jul.
Stjerna viste vegen dit Jesusbarnet vart fødd
og dei hellige tre kongar kom med gåver til han.

Bakgrunnen i lilla er eit gelliprint.
Lilla er min favorittfarge og den som høyrer med i adventstida.
Julestjerne og granbar går ikkje saman på orntli'
men på eit kort eller ein tag er det jo so flott  ♥

Engelen symbolisere at der e nokon som passe på meg.
Marius Müller har ein song som passer fint.
Men min engel har fin kjortel på ;)

Etter å ha sett desse julefilmane eg snakka om i går
er eg nøgd med at folk er oppriktig glade i
og vil det beste for kvarandre.
Helst ville eg sett det året rundt
♥♥♥

tirsdag 5. desember 2017

Tusen takk

til forsikringsselskapet vårt,
for at de tok oss på alvor då eg mista mange hobbyting
då flaumen råka den 24 juli 2017
Hobbyrom har vå på loftet sidan då.
Gamlerommet mitt vart kortmakar-verkstad
(ca 6 kvadrat fullstappa med ting)
og data'n har eg hatt i eit kaldt, kaldt soverom.

I dag kom der nokre monterte møblar.
Her eit bilde, då desse var komne i hus.
So skal eg sjølv gjer mitt beste på å skru saman 
ein kommode til og eit skrivebord 😯
Eg har ikkje verdas beste tolmod til sånt ..

Det kjem eit mykje fyldigare innlegg litt seinare i desember.
Med monterte møbler og innhald i hyller.
Elles er eg nesten ferdig med mini juletag'sa.
dvs eg har att GOD JUL framme og eit fint vers på baksida.

Kvifor gje seg med 40 stk i gull/raudt når ein var i siget 😃

Ogso skal eg prøve å publisere adventskalenderen min litt tidlegare på kvelden

mandag 4. desember 2017

Mini juletag's

Det å glede ein annan, det er den største gleda
So no held eg på med masseproduksjon av 
minijuletag's som skal delast ut på eit 
arrangement i heimkomunen på torsdag.
Det e so enkelt som det går an å bli
Slik såg den fyste ut.
Den skal få på seg eit God Jul, litt bling
og kanskje ein hyssing.
Får sjå kva eg rekk.

Kva synest du?

Takk for alle fine kommentarer ♥
Det e so kjekt å lese dei :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥