Viser innlegg med etiketten hobbyrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hobbyrom. Vis alle innlegg

tirsdag 12. desember 2017

Frå loft til kjeller

No har eg omsider fått på plass 
fleire lagringsmøbel, 
slik at  innflytting av hobbyting 
er komt i gong.
Fekk hjelp av ei god venninde 
til å flytte skrivebordslampe
(heng frå taket)
pluss å bære ned ting frå loftet.
Der e mykje att enno,
men eg lyt få litt orden óg.
Kan ikkje berre flytte ned alt på ein gong 😲 😆
Slik ↑ har det sett ut på arbeidspulten min på loftet.
Ikkje stor plass akkurat,
når eg var vant med 3 meter å 40 benkeplate.

Har du god plass til hobbyen din?
 Ha ein strålandes fin kveld

tirsdag 5. desember 2017

Tusen takk

til forsikringsselskapet vårt,
for at de tok oss på alvor då eg mista mange hobbyting
då flaumen råka den 24 juli 2017
Hobbyrom har vå på loftet sidan då.
Gamlerommet mitt vart kortmakar-verkstad
(ca 6 kvadrat fullstappa med ting)
og data'n har eg hatt i eit kaldt, kaldt soverom.

I dag kom der nokre monterte møblar.
Her eit bilde, då desse var komne i hus.
So skal eg sjølv gjer mitt beste på å skru saman 
ein kommode til og eit skrivebord 😯
Eg har ikkje verdas beste tolmod til sånt ..

Det kjem eit mykje fyldigare innlegg litt seinare i desember.
Med monterte møbler og innhald i hyller.
Elles er eg nesten ferdig med mini juletag'sa.
dvs eg har att GOD JUL framme og eit fint vers på baksida.

Kvifor gje seg med 40 stk i gull/raudt når ein var i siget 😃

Ogso skal eg prøve å publisere adventskalenderen min litt tidlegare på kvelden

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥