Viser innlegg med etiketten blonder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blonder. Vis alle innlegg

fredag 18. november 2016

Trust the magic ♥

13 - 15. november deltok eg blandt mange andre
på kurs med Anna Dabrowska alias Finnabair ♥
Dette er ei heil ny verd for meg.
Har prøvd på eiga hand, men vore heller misfornøgd med resultatet..
Men Finn ho putter noko her og limer fast der, 
so då får ein berre stole på at det ein gjer blir bra til slutt..
Her kjem steg for steg :
Man tager hvad man haver 
av bling & blang.
So limer ein det fast -
helst før ein ser at det ikkje passar saman ;)
Nokre metalldingsar må til óg ..
To lag med gesso
Eit med pensel, nr 2 vart spraya.
(ekstremt dårleg tolmod til tider)
Ein liten dæsj av Color Arte ↓
Teal Zircon
Celadon
Bashful Blue
 før eg spraya pittelitt vatn på
og pensla det utover. 
Etter ei runde med gesso, 
tørrpensla eg akrylmåling på enkelte stader.
Steampunk copper heiter den.
 So fram med stempla frå Prima/Finnabair
♥♥♥
Nokre restar frå kursa 
 og noko ein har funne heime.

Eg og Finnabair
med eit av lerret'a eg lagde på kurs.

Ei veldig kjekk helg ♥
Eg både kosa meg og va litt forkava & sint. 
Fordi somme parti i kursa var meir tidkrevjande 
og når ein ikkje har rett verkty med seg ....
"fres"
Men ALT i ALT var det berre lekkert !!

Håpar du tykte lerretet mitt va i nærleiken av flott :)
Ønsje deg uansett ein fin dag!

søndag 25. oktober 2015

Førdescrappen 23-25 oktober

Denne helga var det tid for den fyste Førdescrappen.
Nokre damer frå området tok ansvar og feia i hop treff.
Vi fekk kome med forslag til kurs, 
og enda opp med:
Mixed Media Layout
Mixed Media mini album
& silhouette kurs
med den fantastisk inspirerande Kirsten Hyde
og nybyrjar/vidarekomne Project Life med Linda Veberg Søgnen
Eg deltok på Mixed Media minialbum, 
der vi fekk prøve nokre teknikkar.
 Framsida skal målast kvit og sprayast.
Limt fast bling og måla svart og tørrmåla 
Spennande teknikk det her ;)
*
Og når dei hine var på andre kurs, 
lagde eg julekort.
Eg elskar denne dies'n frå Spellbinders

*
Ogso fekk vi ei utfordring 
Lag noko utav dette. Minst 5 forskjellige ting.
Ajaj tenkte eg ...
Men den som intet våger, osv ...
Ta-daa :) 
Motivet, sløyfe, dei blanke småtinga (2) og selen med ball.

Ein kjekk, kjekk laurdag ♥

søndag 15. februar 2015

Dåpskort på bestilling

Fekk bestilling på kort i onsdag e.m,
ferdig torsdag :)
Jajamensann, kan eg når eg vil ;) 
Papiret e frå Panduro, blomster frå Nille.
Skei kjøpt på facebook.
Motivet er Lili of the valley, fargelagt med Promarkers
Blonden kjøpt på
lokale hobbybutikk.
Eit fint vers inni
oversatt frå bokmål.
Personleg stempel.
Bilde av dåpskort til jente 
-laga i romjula.

Eg likar veldig godt den skeia til dåpskort.
Blomster frå woc, storyteller osv ..

Ønsje deg ei fin kreativ veke

torsdag 20. november 2014

Bursdagstag

E jo alltid nokon som har bursdag jo ...
Svosj-svosj ein onsdagsmorgon. 
 Laga på samma måte som tag'n til Birgitte.
Meeget oppegåande "bakside" ;)
 Roser frå Wild Orchid Crafts, Nille og Storyteller.
Den lilla perlepynten er frå lysmansjett kjøpt på Nille
Jutestjerna e klipt i 2, småstjerner e Wycinanka sitt produkt.
Enkelt og greit. 
Ønsje deg ein fine kveld
Klem frå meg :)




Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥