Viser innlegg med etiketten the hobby house. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten the hobby house. Vis alle innlegg

tirsdag 18. april 2017

PL-side til grandtantebarn ♥

Eg har faktisk litt diverse utstyr
(lommar, kort og bilder) 
til framtidige Project Life sider ..
men eg har alltid hatt eit eller anna 
-annja som hasta meir ;)
Denne sida her, som eg deltek med på:
Project Life i Norge
byrja eg på når vi var på Scrapomaniatreff i Geiranger i fjor.
Det var den helga Ronja kom til verda ♥

Eg har brukt fargane i Linda sitt inspirasjonsbilde
For det tek opp fargane rosa, turkis, grønt og gyllent 
og alle dei finst jo på mi side.
 Stempel er frå Kort & Godt
***
Ferdig fargelagde motiv frå the hobby house, Wee-stamps.


Eg veit ikkje om det finst reglar som seier 
at det MÅ vere med ekte bilder, 
ikkje berre ferdig fargelagde.
Men eg står min prøve...
Eg likte den jaffal ;)

tirsdag 14. mars 2017

Dåpskort til Emma ♥

Ferdig fargelagt motiv
Wee stamps -arket heiter Posey, du finn liknande her.
Eg har brukt mønsterark frå Prima ♥
Det passa perfekt til fargane som var i motivet :)
Dies med små blomster heiter retroblomst
og er kutta ut av diverse bazzill.

Det som e litt moro
er at når eg fekk sjå nokre bilder frå dåpen,
hadde kaka nett dei same nusselige blomane ♥

torsdag 14. juli 2016

Papirdesign ♥

.. har so mange flotte papir, dies og stempel.
Når eg lagar konfirmasjonskort om våren, 
er det nettopp Papirdesign eg nyttar.
Inne hjå Scrappiness denne månaden (15 juni til 15 juli
har utfordringa vore ALT ER LOV, 
så lenge det er nytta PD produkt og at det er lag-på-lag :)
So då var det å dukke ned i restehaugen og lage noko fint ;)
 Eg e veldig svak for The Hobby House sine card toppers.
Sytalaus å sleppe å fargelegge motiva sjølv.
Her har eg brukt Wee Stamps: Beau & Bashful 
Mønsterark og det rosa basearket er frå Papirdesign
Den firkanta "sydde" kanten er dies frå Die-namics
som eg har kjøpt på Bikuben ♥

Eg deltek på følgande utfordringar:
Scrappiness # 17 Papirdesign
Hobbygarasjen # 38 Alt er lov
Kort O Mania # 156 Sommer
Live and love crafts # 49 Sprinkles of summer
Papirdesign Juliutfordring Alt er lov
Card and Scrap # 121 Alt er lov
Papirplaneten # 8 Sommer
Kreativ Scrapping # 6 & 7 Sommer & Sol
♥ ♥ ♥
GOD SOMMAR !

søndag 19. juni 2016

Maritim tag for Papirlosjen

Når eg brukar sprayane mine (dylusions),
lagar eg gjerne fleire tag's enn kva eg gjer ferdig der og då.
Desse har eg i nett høveleg avstand frå arbeidspulten min. 
***
I dag strakte eg meg bort og fanga ein som stod med ryggen til, 
og gjett om eg vart glad når eg snudde den.
Den var spraya i blågrønt, nett passeleg til motivet 
eg hadde funne til denne utfordringa ♥
Eller Inspirasjonsbidraget for Papirlosjen 
Alt eg trong gjere for å få tag'n slik eg ville,
var å bruke ein stencil og
Distress ink - Mermaid lagoon.
Motivet er frå Wee stamps og er 
ferdig fargelagt frå produsent.
Veeldig sytalaust på denne årstid ;)
 Sløyfa på toppen er seam binding 
farga med distress ink.
Hjarta frå Wycinanka med
glitter frå Wink of Stella
Blomstrane frå 
Wild orchid carfts,
Storyteller
og ein pose med restar ;) 

So håpar eg du fekk litt inspirasjon og vil vere med.

søndag 5. juni 2016

Maritimt

Sumaren e komen og graset e grønt.
Løvetannen (e av-) blomstra og livet er skjønt ♥
***
Hjå Papirlosjen vil vi denne månaden sjå Maritime bidrag
Eg har brukt eit ferdig fargelagt motiv
frå The Hobby House
Mønsterarka er Maja Design 
~skärgårdsliv~ 
Ramma til høgre er frå Wycinanka

Kom an' bli med du óg då :)

Eg deltek på desse utfordringane:
 Hobbygarasjen - #38 juni/juli Alt er lov
Kort O Mania - #154 Alt er lov
Nordsalten Hobbyklubb - Maritimt

tirsdag 11. august 2015

Bursdagskort til Marthe :)


 Motivet er ferdig fargelagd og er frå 
The hobby House ~Sylvia Zet~ 
Blomster frå Wild Orchid Crafts
 Sommarfuglar er dies frå Kort & Godt
+ ein charm
Ståande på min arbeidsbenk.

onsdag 13. mai 2015

Konfirmasjonskort på bestilling

Til konfirmant: gut
Med namn på båe.
Bilde er tekje av Victoria Gauksrud.
Har spurt om lov ;)
Til konfirmant: jente
Har fått bling + namn.
2 stk á la dette. Med namn.
Eg va so glad fordi eg omsider va ferdig 
at eg gløymde ta bilde og signere ...

Motiva er ferdig fargelagde frå produsent ... 

Participating on this challenge: 
with the card just above.

Enkle og greie kort, 
men ting tek som kjent litt laang tid ;)

Konfirmasjonskort til Veslemøy

Laurdag 9 mai var det konfirmasjon på Moi
og den yngste niesa mi sto for tur.
Motiv er ferdig fargelagd frå produsent Kenny K
via the hobby house 
Blomster frå WOC, storyteller
Bokstaver frå Panduro
Participating on this challenge: 
I've used a cross.

 Stempel frå stempelglede
Pengelommen er nederst til venstre.
Mønsterarket var eit eg hadde i samlinga 
som har "mista" namnet sitt ...
Kjekk dag med
 god heimelaga mat i nyinnflytta hus ☺

tirsdag 7. oktober 2014

Bursdagskort :)

Eg forset med papir frå same familien
og 
ferdig fargelagt motiv frå produsent
 Produktliste:
Mønsterark: Maja Design
Motiv: The Hobby House
Papirblomster: Wild Orchid Crafts
Knopper og halvperler: Storyteller
Charms og roser på rad: Live and Love crafts
Osteklut
Spellbinders: Romantic rectangles
Skrivefelt
Uhyre enkelt ;) 
Pakka det lett inn i bobleplast 
og einaste valg pga storleik: clear bag.
Off she went, to Voss :)

Deltek på følgande utfordring:
StorytellerNorge # 24 - Alt er tillatt

Elles har eg hatt ei kjekk helg i Ålesund og Kristiansund ☺
Va innom Moa og handla på Scrapomania
Ein veldig nett og kjekk butikk.
Og kjøpte med meg mykje fint heim
*takkar for kommentarar* men ønsjer meg fleire.
Klem frå Frk. Bogstad

fredag 12. september 2014

Nybyrjarkurs i kort

Vi var seks damer på kurset, 
holdt i lokala til Bademiljø på Sandane. 
Kona til Ronny Rør har eigen hobbykrok der
Her e mine kort:
Felleskortet er det blå med tekst på.
Her er kort laga av 5 damer

Dette va so øje kjekt at eg skal melde meg på fleire kurs ;)

onsdag 3. september 2014

Til Elise

Fekk i oppdrag å lage eit kort til ei konfirmantjente.
Einaste kunden "krevde" 
var at namnet skulle vere på framsida.
Mønsterpapir frå Lili of the Valley
- det samme som i forrige innlegg -
"Elise" og sommarfuglar er frå Silhouette sd
Swirl frå magnolia
 Stempel frå Kort & Godt
Den grønbrune papirstrimla skal vise kunde at *her* er pengelomme :)
 Skrivefelt inni
Personleg stempel

Takk for at du las dette :)
Kanskje er du vén og legg att ein kommentar óg? Det varmar
Ønskjer deg ein fin kveld/dag osv ;)
Klem frå frk. Bogstad

søndag 24. august 2014

Bursdagskort - Birthday card

Fann ei fin skisse inne på Mojo Monday
Her e mitt bidrag
Gjekk litt amok med den blad punchen gitt ..
Went a bit crazy with the leaf punch .. 
Kan sei at eg har følgt skissa vél bokstavelig ..
I have followed the sketch to the letter ..
 Mønsterarka er frå Kort & Godt
*Hurra* er klipt or eit ark frå Pion Design
Dies frå spellbinders.

Deltek på denne utfordringa
Participating on this challenge
Mojo Monday 359  - sketch challenge

I wish you a nice -last week of August ♥

Klem frå frk. Bogstad

søndag 8. juni 2014

Vimplar og dåpskort til Cevija ♥

So var tida koma til Cevija sin dåp.
Kjære Vera si jente :)
Eg tok på meg å lage heilt enkle vimplar, 
sidan eg har Silhouette sd maskin
som gjer mesteparten av jobben.
Utfordringa var å finne 5+5 ark som hadde matchande farge..
Eg fann 5+3+2 og det vart godkjent.
Gode greier :)
So va det kort i full fart
Hadde tenkt å lage noko anna, men jenta fyller snart 1 år, 
so satse på det går greit å bli ferdig til dess ... 
No har eg omsider bilda tilgjengeleg ;)
Mønsterark frå Inkido.
Nydeleg rosa/lilla farge :) 
 FERDIG FARGELAGD motiv frå the hobby house.
Bord frå Martha Stewart

Participating on these challenges:
Crafty Girls Challenges # 19 - Anything goes
Crafting by designs - Anything goes

GOD PINSEDAG til deg :)
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 3. oktober 2013

Maritime gutar og nokre søte jenter

Fridagane mine e sjeldne,
so dei e veldig kjærkomne. 
Då e det kjekt at eg kan bruke dei i lag med 
Inger Karin, for ho deler mi intr. for kortlaging  :)
***
Tida går altfor fort når man sit slik å
pratar, klipp & lime 
og kjiker over bordet for å sjå kva den andre lagar
5 timar flaug!!

Dagens fangst:
 

litt vél enkelt dette då, men kanskje der kjem ei stjerne el 2 seinare ..
The Hobby House sine
ferdig fargelagde motiv
~ sailor crew ~

og desse to korta frå 
~ sweet blossom ~


Måtte du ha ein fine dag vidare.
Klem frå Frk. Bogstad


Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥