Viser innlegg med etiketten ferdig fargelagd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferdig fargelagd. Vis alle innlegg

tirsdag 14. mars 2017

Dåpskort til Emma ♥

Ferdig fargelagt motiv
Wee stamps -arket heiter Posey, du finn liknande her.
Eg har brukt mønsterark frå Prima ♥
Det passa perfekt til fargane som var i motivet :)
Dies med små blomster heiter retroblomst
og er kutta ut av diverse bazzill.

Det som e litt moro
er at når eg fekk sjå nokre bilder frå dåpen,
hadde kaka nett dei same nusselige blomane ♥

søndag 5. juni 2016

Maritimt

Sumaren e komen og graset e grønt.
Løvetannen (e av-) blomstra og livet er skjønt ♥
***
Hjå Papirlosjen vil vi denne månaden sjå Maritime bidrag
Eg har brukt eit ferdig fargelagt motiv
frå The Hobby House
Mønsterarka er Maja Design 
~skärgårdsliv~ 
Ramma til høgre er frå Wycinanka

Kom an' bli med du óg då :)

Eg deltek på desse utfordringane:
 Hobbygarasjen - #38 juni/juli Alt er lov
Kort O Mania - #154 Alt er lov
Nordsalten Hobbyklubb - Maritimt

torsdag 19. mai 2016

Kort kit frå Scrapomania

På slutten av forrige månad 
fekk eg i hende eit kit frå Scrapomania.
***
No i det siste har det gått KUN i konfirmansjonskort,
gjere klart til konfirmasjon i kyrkja, 
+ talen min til dei håpefulle ♥
so eg har fatisk ikkje hatt anledning 
til å tenke på eller kretse rundt anna.

Men torsdag 19 va min tur til å ha 
inspirasjonsbidrag i Papirlosjen.
So då vart det 2 floger i ein smekk då.
Ein tag til brudeparet 
med ferdig fargelagt motiv 
 Sarte, vene fargar med glitter på.
 Eg likar ikkje so godt ordet kjærlighet,
KJÆRLEIK er mykje beire ♥
Men eg brukar no det eg får utdelt ... ;) 

søndag 8. juni 2014

Vimplar og dåpskort til Cevija ♥

So var tida koma til Cevija sin dåp.
Kjære Vera si jente :)
Eg tok på meg å lage heilt enkle vimplar, 
sidan eg har Silhouette sd maskin
som gjer mesteparten av jobben.
Utfordringa var å finne 5+5 ark som hadde matchande farge..
Eg fann 5+3+2 og det vart godkjent.
Gode greier :)
So va det kort i full fart
Hadde tenkt å lage noko anna, men jenta fyller snart 1 år, 
so satse på det går greit å bli ferdig til dess ... 
No har eg omsider bilda tilgjengeleg ;)
Mønsterark frå Inkido.
Nydeleg rosa/lilla farge :) 
 FERDIG FARGELAGD motiv frå the hobby house.
Bord frå Martha Stewart

Participating on these challenges:
Crafty Girls Challenges # 19 - Anything goes
Crafting by designs - Anything goes

GOD PINSEDAG til deg :)
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 21. mai 2014

Kort til liten gut

Va å handla med ei eldre dame hin dagen.
So skulle ho ha kort til sitt 2 årige barnebarn, 
men fann ikkje noko høveleg.
Då sa eg at eg kunne lage eit for ho :)
Motivet er FERDIG FARGELAGT
frå Lili of the Valley
Gratulerer med dagen er frå Papirdesign
Basepapiret er Fawn frå bazzill.

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

ps. Kunne sikkert lagt den inn på utfordringar, 
men den til outlaws challenge, va so møleg å finne fram i ..

tirsdag 17. desember 2013

Julekort

... e litt stress, sjølv om eg likar å putle med det.
Gav meg sjølv frist til onsdag å bli ferdig,
so eg har fair chance til at dei kjem fram ;)
 Her e motiva eg brukte.
Christmas Elves frå Mo Manning
rot på pulten når man ska ta bildet e "flott" 
 Eg har IKKJE fargelagt dei sjølv
Arka eg har brukt e 
Papermania: at christmas time
dvs det kvite med raude prikkar på er utanom.
 bjeller kjøpt på den lokale hobbyshappa: Ronny Rør
Alven Finn e bedårandes ♥
***
 Eit anna kort som sneik seg med.
Ferdig farga av andre det óg, frå wild rose studio.
Ark frå Panduro si blokk
***
God FØRJULSVEKE
Klem frå Frk. Bogstad

mandag 3. juni 2013

Bryllaupskort med LOTV motiv

Koffor ska det ta so lång tid å lage noko so enkelt...?
Motivet e ferdig fargelagt frå Lili Of The Valley, men buskhjarte va kvitt.
Og busker er ikkje kvite, so eg farga den grøn.
Mønsterarket passa til det grå i bildet. 
Og raud e farge nr 1 til Løøøøve' ;)
 Uklårt bildet, fordi eg sku skunde meg ..
***
inni kortet-bilda må eg vente med,
for dropbox'n min vil ikkje oppdatere seg 
****
Pengelommen vart provisorisk her óg ...
Med dikt som eg tykte høvde desse to ♥

Gratulere med overstått dag; Lene og Martin Inge.

Elles er ikkje dette tida for meg å vere inne å kreere. 
Eg likar meg best ute i lag med plenklipparen min :)

Hej då :)

mandag 10. desember 2012

Julemesser

Eg har deltekje på 2 julemesser i år. 
Ei i Runnevang (Rygg/Gloppen)
og 
ei i Sandalen (grend i Breim/Byrkjelo)

Til Runnevang va eg godt forbredt og hadde masse veksel. 
Selde 4 kort og 5 tags..
I Sandalen gav eg i grunn blaffen og vart *kvitt resten, + 2 kort som på underleg vis forsvann ..

Neste år skal eg ha litt meir toffifee-øsjer og lys m.m
For berre kort er ikkje så populært vistnuk!

 Ikkje so månge ..
men d tek likevel tid & energi å lage. 
Men litt kos e det jo.
 Joanna Sheen motiv
 NSS stempel og julestjerne frå Nille

 NSS stempel

 Tags/merkelapper

Ferdig fargelagde motiv frå
HobbyHouse og Lili of the valley 
Har prøvd meg med osteklut 
Og ein meeget uklårt kort, 
med nisse målt av Kjell E. Midthun

Nu er det natt for ein ivrig dagsarbeider :)
Klem frå Frk. Bogstad


fredag 9. november 2012

Mi eldste niese har nett fylt 35 år

.. og då må man lage skikkeleg kort.
Sidan ho óg er ei kreativ sjel ;)

Det vart Hopeful frå Hobby House
dei ferdig fargelagde som eg er so gla i :)

 Det vil ta mange timar før eg klare å fargelegge so bra.
Heimesnurra blomster.
Det blå bak bildet er frå ei 
dongeribukse eg har vokse or ;)
Blonden har bada i kaffi.
swirl frå Magnolia 
 pebbels kjøpt frå Heidis Hobbystuggu
(som diverre er lukket & låst)
 Hopeful

skrivefelt på *halv 8*

Kan nett hive den med på ei utfordring.
Kjekt med litt spenning i kvardagen ;)

Papiravisen har denne mnd:
Utfordring  # 17 med tema: Anything goes

Ha ein fine dag og
GOD HELG
Klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥