Viser innlegg med etiketten gull og raudt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gull og raudt. Vis alle innlegg

søndag 30. november 2014

Julekort

... i raudt og gull :)
Når eg har press på meg og ikkje anar korleis eg får løyst det,
oppsøkjer eg nye kontoar på Instagram.
I går kveld fann eg bankmaus78
Ho hadde ei heil vøle med 
nydelige -meir el mindre- enkle julekort. 
Eg la meg straks til som følgar 
Og om de lurer på korleis hennar kort såg ut
ta ein tur innom Instagram og leit ho opp ;)
Det var i turkis og sølv.
Gullpapir er kartong kjøpt på Søstrene Grene
Martha Stewart punch - hjertebord
God Jul er embossa
Eg deltek på følgande utfordring/
Participating this challenge:
Brown Sugar #122 - Anithing goes

Takk for at du stakk innom. 
Legg gjerne att ein kommentar.
Då blir eg so glad so glad
Ønsjer deg ei finfin veke ♥
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 17. desember 2013

Julekort

... e litt stress, sjølv om eg likar å putle med det.
Gav meg sjølv frist til onsdag å bli ferdig,
so eg har fair chance til at dei kjem fram ;)
 Her e motiva eg brukte.
Christmas Elves frå Mo Manning
rot på pulten når man ska ta bildet e "flott" 
 Eg har IKKJE fargelagt dei sjølv
Arka eg har brukt e 
Papermania: at christmas time
dvs det kvite med raude prikkar på er utanom.
 bjeller kjøpt på den lokale hobbyshappa: Ronny Rør
Alven Finn e bedårandes ♥
***
 Eit anna kort som sneik seg med.
Ferdig farga av andre det óg, frå wild rose studio.
Ark frå Panduro si blokk
***
God FØRJULSVEKE
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 11. desember 2013

Julekortvenn

.. og årets fyste julekort.
 *roter mot høgre*
Poinsettia frå spellbinders
Diamond background frå memory box
Stempelet e frå Kreativ hobby
Har embossa teksten med *gold
Mønsterark frå Kaisercraft
 Må ha med eit vers om tida ♥
 Innside med helsing og litt pønt.
Tekje utan blitz, men dog RETT VEG!

Ynsje deg ein fine kveld og kreativ veke.
Klem frå Frk. Bogstad


torsdag 1. august 2013

Bryllaupskort på bestilling

Fekk bestilling på eit bryllaupskort
til helga.
Og sjølv om eg i grunn hadde tenkt å gjer 
anna, desse dagane mellom ferieturar,
svarte eg JA.
***
Opplysningar om paret;
Friluftsfolk, har hund og liker Liverpool FC
EG likar fargar ;)
So då vart det L fc fargane i ein ny vri.
 ~ You'll never walk alone ~
skreve på pc med ny font; seven Swordsmen 
Charms frå making memories 
Roser og perlestrå frå woc 
Tørr-embossa 
Dies: fleur de lis squaresdies, 
Dikt som eg ser er gjengongar på mange kort.
 Skrivefelt
Og mitt personlige stempel.
***
Håpe DU får ein fine dag.
Eg ska til Kalvåg Kystfestival :)
Klem frå Frk. Bogstad

Eg e ikkje ein i huga fotballfan, MEN eg likar songjen ♥ 

lørdag 6. oktober 2012

Anonyme timeglas del 3 - Stjernekort

Frå noko man kan i del 2, til noko man aldri har gjort før, i del 3
~ av Anonyme scrappere sitt anonyme timeglas 
Tema:

Anonyme Timeglass Høst 2012 er

IKKE KVADRATISK eller REKTANGULÆRT
- du kan videre velge selv om du lager kort/LO/kreasjoner

Del 3: Farge

Gull eller Sølv eller Bronse
(i tillegg til andre farger så klart)

Eg har valg fargen: GULL

Eg har sett mange flotte stjernekort og tenkte at det kan eg prøve. 
No hadde eg heldigvis laga klart basen på førhand,
(har nokre sånne halvvegs-prosjekt liggande) 
so eg slapp å bale med det. 
Va no sovisst bal nuk å klippe til panela ..
*sukk*

So her e mitt bidrag: EIT STJERNEKORT

Det ser sprekare ut i verkelegheita,
for utan blits blir det mørkt og uklårt
og med blitz blir gull, svart ...

Fakerten ta bilder som ikkje vil snu seg ...
 Roser frå woc

Swirl frå Magnolia
kjøpt på Bokuben i Førde. 

 Stempel frå Kort og Godt
Embossa med gull pulver
Dies frå Spellbinders

Skrivefelt inni 
 Halvperler frå Storyteller

Nøgd i dag óg eg :D
Ha ein fine kveld
GOD HELG~klem frå Frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥