Viser innlegg med etiketten 3D. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 3D. Vis alle innlegg

onsdag 5. april 2017

Konfirmasjonstid

er rett rundt hjørnet.
I Breim har eg heldigvis god tid (!) endå,
i år er pinsedag 4 juni ♥

Papirlosjen har ny utfordring på gong;
Bildet eg har brukt har Victoria Gauksrud tekje.
Og eg har fått tillatelse til å bruke det :)

er eit digistempel frå 

Vi gledar oss til å sjå di løysing


Premien denne månaden er eit gåvekort frå Japan Photo

Eg blir so glad når eg ser Inger Lise
med kamera og fotobok på hovudsida deira.
Japan Photo er so mykje meir enn "berre" bilder.

torsdag 5. mai 2016

Fargelagt med Distress ink

Ny utfordring hjå Papirlosjen

 Denne månaden e det 
♥      BRYLLAUP      ♥
som er tema

Mitt bidrag kom nett i siste liten, 
fordi eg e ein slaur.
Hehe, nei det e mest fordi det e VÅR 
og mykje å vedlikehalde ute.
Uansett, mitt bidrag:
Distress ink:
Festive berries & Worn lipstick 
til dei små hjarta og blomane
Mowed lawn til blada og swirlane
Tattered rose til hjarte
Hickory smoke til banneret
Halvperler i midten på blomane
3Dputer for å løfte motivet

Eg e i grunn ganske nøgd ;)

Ønsje deg ein flott Kristi Himmelfart ♥

I am participating here:
All Dressed Up ~ Challenge 54 - anything goes

mandag 22. juni 2015

Fargerik tag :)

.. til ei tevling i ei facebook-gruppe.
Fekk no laga noko innimyllja raking av gras i slåtten min
Lyt vise dokkke eit bilde av slåttekaren min ;)
Mamma 84 år, ein reser på raking :)
Her e min tag til ArJo's tag og ATC kos
Grøn tag: Twisted citron underst, 
med Latticework stencil og Mowed lawn oppå.
So brukte eg Dot fade stencil og våtserviett 
til å lage nytt mønster.
( det syne ikkje so godt for det hamna vel under tag nr2 ..)
Ogso brukte eg latticework og Mustard seed for å få ein ekstra svong.
Tag 2: Broken china og Mermaid lagoon
+ stempel frå Norsk stempelblad 27B
So til sist blomster frå Wild orchid crafts og Storyteller.
Sommarfuglane er ein Ms punch
Banda er seam binding farga med distressInk i øngst farge :)
+ eit band frå Nille.
Ønsje deg ein fin fin sommardag

fredag 17. oktober 2014

Telyskort

blir det arrangert kurs i *kordan fargelegge med Promarkers, 
nybyrjarkurs i kortlaging og no sist lage telyskort*
Blir arrangert sykurs óg, men eg e papirjente ;)
Her e 6 av 7 telyskort
Her e mitt ↓
Ikkje heilt ferdig å pynte trur eg, 
men har ikkje hatt tid til å fundere på det.
Med og utan sløyfe,
som óg skal justerast til passeleg lengd.
Dette var eit kjekt kurs.
Dei hine eg har vå på, har eg kunna litt om i forkant.
Denne type kort va nytt for meg

God helg til deg :)
Mvh frk. Bogstad

tirsdag 7. oktober 2014

Bursdagskort :)

Eg forset med papir frå same familien
og 
ferdig fargelagt motiv frå produsent
 Produktliste:
Mønsterark: Maja Design
Motiv: The Hobby House
Papirblomster: Wild Orchid Crafts
Knopper og halvperler: Storyteller
Charms og roser på rad: Live and Love crafts
Osteklut
Spellbinders: Romantic rectangles
Skrivefelt
Uhyre enkelt ;) 
Pakka det lett inn i bobleplast 
og einaste valg pga storleik: clear bag.
Off she went, to Voss :)

Deltek på følgande utfordring:
StorytellerNorge # 24 - Alt er tillatt

Elles har eg hatt ei kjekk helg i Ålesund og Kristiansund ☺
Va innom Moa og handla på Scrapomania
Ein veldig nett og kjekk butikk.
Og kjøpte med meg mykje fint heim
*takkar for kommentarar* men ønsjer meg fleire.
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 1. mai 2014

Konfirmasjonskort til gut

For litt sidan fekk eg bestilling på 
konfirmasjonskort til ein gut som er intr. i klatring.
Det skulle vere ferdig til fyst i mai.
I dag tidleg var det melding på tlf: 
Er kortet ferdig? Selskapet er i dag!
Iiiik, fyst i mai, va visst fyste mai !!
Då va det å hive seg rundt å bli ferdig!
Heldigvis hadde eg tenkt ut ca korleis eg ville ha det.
Dette tok meg ein time å sette i hop :)
 Klatraren er frå silhouette sd,
på 3d puter.
Stempeltrykk er embossa,
mønsterpapir frå Vibeke Spigseth/Panduro
-the wall-

Deltek på utfordring
 Pengebeltet og traust dikt.
 Skrivefelt
 Innsida
 Den enkle versjon av signatur :)
 Bak -og framside
Kortet vart litt vel tjukt med alle sider "pynta".
***
Tusen takk for alle kjekke kommentarar på forrige innlegg ♥ 
Eg prøver innimellom/etter postkøyring og plenklipping
å besøke andre bloggar og legge att spor :)

Klem frå Frk. Bogstad

lørdag 1. mars 2014

Nytt grandtantebarn

Kortet er frå meg og mine foreldre til Eiril ♥
 Motiv frå Mo Manning - baby fairies, 
kjøpt på the hobby house
Mønsterpapir frå Lili of the valley -Antebellum
Dies frå Marianne design
Blomster frå woc
Swirl frå Magnolia
Tekst skreve ut på pc
Charms framleis ukjent ..
Eit noko uklårt nærbilde ..
 Skrivefelt
Det vart kanskje litt tomt,
men eg sku på besøk og hadde 2 timar på meg i forkant ;)

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 23. februar 2014

Dorull-album ..

... til ei av mine beste veninder,
som hadde sin aller
fyste morsdag 9 februar ♥





Mønsterpapir frå K & company.
Ugla, tag-tabs og sommarfuglane har eg laga i silhouette sd.
Gjerdet e Magnolia dies
Blonden kjem frå nettbutikk
tekst skreve på pc,
likeins kalendaren.
Fuglane på fyste innside er ein 
Claudine Hellmuth stencil.
Omsider fekk eg nytta min Zutter bind-it-all ♥

Håpar du likte den :)
Klem frå Frk. Bogstad

ps. for å flate ut dorullkjernen
køyrde eg dei gjennom Big Shot'n ;)

søndag 17. mars 2013

Til Konfirmanten

Fekk bestilling på eit konfirmasjonskort.
Kunden måtte ha det snart, for det sku sendast til Island.
***
So då bar det til den lokale hobbybutikken 
for å kjøpe eit stempel som samsvara med 
det eg såg føre meg :)
Leitte etter konfirmasjonsarka, fann dei ikkje.
Var til Førde måndag, kjøpte bl.a Papirdesign-papir.
Dei har jo diverse *til konfirmanten* :)
Fann sjølvsagt att arka eg viste eg hadde, etter nokre dagar...
Her e resultatet:
Eit kort som er 23 x 13 cm
Det vart berre sånn ..
Skjortestempel frå kort & godt
 Har embossa *til konfirmanten*
Stempelet er kjøpt hjå Kreativ Hobby.
 Stjerna har eg lagd som stempel etter ein dies.
Har brukt Distress ink - faded jeans -
Latt det vere ein kvit kant rundt 
ogso limt oppå bazill -hershey-
Den står på 3D puter både frampå og inni.
pengelomme 
Kortet i heilhet; inni 
Mitt personlige stempel på baksida,
i samme stil som resten.
***
Eg er nøgd, kunden er nøgd
og 
alt e berre fint :)
Tjohei
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 6. mars 2013

40 år og like ungdommeleg

Kom brått på i går kveld
at ei tidlegare klubb-venninde 
fyller 40 I DAG
(06.03)
Og ho fortenar eit kort.
So då heiv eg meg rundt.
Herlig dame/jente frå Norsk stempelblad,
band kjøpt på Nille
 swirl frå magnolia
blomster frå WOC
bakgrunns"papiret" er tapet!
3D puter
 Litt pønt må te, inni óg.
Enkelt .. 
Men enkelt er greit ;)
 Eg heng litt etter med rett årstal ;)
Ha ein fin kveld.
No skal eg til jubilanten og drikke kaffi :D
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 13. november 2012

Pappa 83 år i dag

..og min pappa elskar alt som er søtt.
Difor lagde eg eit sjokoladekort til han.
Mønsterpapir frå 
Ladybug and friends 
~ light a candle ~
3D Robin frå Papertole
 Pappa frå Silhouette sd
skrevet med *Wanted* skrift

Eg trudde fram til i går, at Marianne sin mal va laga for store plater, men neidå!!
So då matte eg forlenge og gu' hjelpe seg kor mykje papir som skulle til.
Både botn og panel.
So no har eg kjøpt 100 grams sjokoladar ;)

Ha ein flotte kveld.
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 15. august 2012

Bursdagskort

Ei veninde si eldste jente fylte 3 år 13.august
Og sidan dette er året for jebbuskort frå meg,
her e mitt til Johanna.
 Decoupage pad frå Pepper & Friend's
"3 talet frå Tim Holtz sin upon a time.
i ein pebbels.
 3D
 Pynte/mønsterark frå Panduro? inni
-og den grufulle handskrifta mi-
Mitt personlige stempel :)

Legg den til på følgande utfordringar/challenges
Challenge 123 - Gone Buggy
StampARTic - Bruk dies
(eg har brukt TH sin Upon a time (3 talet)
og ein rund dies på baksida)

 
A card for my friend's oldest girl, Johanna ♥

Hej då,

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥