lørdag 21. september 2013
Haustkort
Etiketter:
brunt,
easle card,
haust,
magnolia,
nille,
Promarker,
spellbinders,
staffelikort,
Tilda
søndag 8. september 2013
Fargelagd med Promarkers
Laurdagskveld er blitt noko litt sårt for meg.
Etter å ha køyrt lang postrute på dagen,
er det ikkje mykje eg har overskot til på kvelden.
So i staden for fest og moro eller familiekos som andre har,
sit eg einsleg nedi kjellaren min å puslar med diverse hobbyrelatert.
Ikkje det, eg trivst godt i mitt eige selskap,
men det e no litt stusseleg ..
***
I går var det å tusje med Promarker'sane mine
(som eg har kjøpt for leeeenge sidan - men ikkje hatt mot til å prøve)
***
For på torsdag va eg nemleg hjå Inger Karin
(kona til Ronny Rør)
og der tusja vi bl.a motiv.
Dvs eg sat vel mest å prata og stempla opp motiv eg ikkje eig sjølv ;)
Kjekt va det jaffal
og om tysdag kjem med nedbør og styggeveir,
skal eg tilbake ☺
Her e mitt resutat frå laurdagskveld/sundagsmorgen:
Damen til venstre har brun str.bukse ;)
- eller nåkka sånt.
Ho i midten har ikkje fått farge på skjørtet sitt,
for eg eig ikkje lilla-relaterte fargar :(
Endå.
Ho med buketten e nytusja, difor knallfargar.
***
Eg e ganske nøgd.
Dette er mine aller fyste publiserte sjølvfarga motiv :D
Ynsje DEG ein fine søndag.
Klem frå Frk. Bogstad
psst: i går kveld la eg in 2 bestillingar på Joanna Sheen,
tusjar og diverse anna moro.
fredag 6. september 2013
Kort til mann med personleg bilde.
Sjefen på postomdelinga vår, fyller 65 år neste veke.
Og i den anledning tok eg på meg kreering av kort :)
(hadde vore skikkeleg kjekt om det svartans bilde ville snu seg!!!)
Min måte å feste charms, når eg brukar bølgepapp.
Slik såg det ut før orda kom på.
Ramma er eit design på Silh. sd
Tala e óg frå silhouette, har lasta ned font'n frå internett.
Charms'a frå kort & godt.
innsida
(vil heller ei snu seg ....)
Nåken som har tips?
Eg har snudd dei utallige gongar i redigeringsprog. eg har ..
God helg :)
Klem frå Frk. Bogstad
Etiketter:
blått,
brunt,
charms,
Kort og Godt,
mannekort,
silhouette sd
søndag 18. august 2013
Cherish This - Memories for Life
Ein ny utfordringsblogg er fødd :)
Du finn den her
***
Medan vi ventar på fyrste utfordring
~ som gjeld både dei som lagar kort og LOar ~
serverar dei ein RAK.
Den blir større ettter kvert som følgarane vert fleire :)
Kom deg inn og spre ordet :D
Klem frå Frk. Bogstad
søndag 4. august 2013
Dåpskort på bestilling
For litt sidan fekk eg spm om eit dåpskort.
Har spekulert og tenkt på korleis eg ville ha det.
Løysinga vart som bryllaupskortet tidlegare i veka.
Her e bildet som fekk det til å losne: Berit's hobbyblogg
Ark og bling frå Panduro- baby blue
Diverse blomster frå WOC
Ramma e spellbinders.
Tekst skreve ut på pc
- Elementary Gotic -
Dikt
og skrivefelt.
Mitt personlige stempel :)
***
Ynsje deg ei god veke ☺
Eg reiser til Stavanger måndags mrg.
♥ Noregs vakraste by ♥
***
Klem frå Frk. Bogstad
Etiketter:
blått,
dikt til dåpen,
Dåpskort,
gut,
Panduro,
spellbinders,
WOC
torsdag 1. august 2013
Bryllaupskort på bestilling
Fekk bestilling på eit bryllaupskort
til helga.
Og sjølv om eg i grunn hadde tenkt å gjer
anna, desse dagane mellom ferieturar,
svarte eg JA.
***
Opplysningar om paret;
Friluftsfolk, har hund og liker Liverpool FC
EG likar fargar ;)
So då vart det L fc fargane i ein ny vri.
~ You'll never walk alone ~
skreve på pc med ny font; seven Swordsmen
Charms frå making memories
Roser og perlestrå frå woc
Tørr-embossa
Dies: fleur de lis squaresdies,
Dikt som eg ser er gjengongar på mange kort.
Skrivefelt
Og mitt personlige stempel.
***
Håpe DU får ein fine dag.
Eg ska til Kalvåg Kystfestival :)
Klem frå Frk. Bogstad ☺
Eg e ikkje ein i huga fotballfan, MEN eg likar songjen ♥
Etiketter:
bryllaup,
charms,
dies,
gull og raudt,
spellbinders,
tørr-embossing,
WOC
torsdag 18. juli 2013
Marianne dies ♥
Amokk er mitt nye mellomnamn.
**
Eg er medlem på ei side på facebook
som heiter May Britt's scrappesalg.
For ein gongs skuld eller uheldigvis(?) kom eg fyst på
desse herlige dies'ane frå Marianne design -som ho sku selge.
Eg tøre ikkje nemne pris
anna enn at det var under 1000,- for alle desse tilsaman.
Eg har nuk gjort eit kupp ;)
***
Dei som ligg på den svarte matta
har eg frå før.
So ut i august eingong
(når eg e ferdig med den herlige ferien min)
skal eg ha kreativt snop her ;)
So det e berre å følgje med ☺
Elles har eg sett ein del Dyan Reaveley-videoar på youtube
og fann ut at dette vil eg óg prøve.
(som om eg ikkje har nuk ....!!)
*jeg gremmes*
Prøvde meg på akvarellpapir hin dajen ...
DET funkar ikkje, difor følte eg at eg måtta ha meg ei skikkeleg bok ;)
So dette kom med posten i dag :D
Dylusion Art Journal bok
+ flossie og alfabet -stencil
& white linen
Frå før har eg 12 spray'a, 3 stensilar og ein kvit penn :)
~ Let the games begin ~
♥
Ha ein god dag.
Klem frå Frk. Bogstad
♥
Ha ein god dag.
Klem frå Frk. Bogstad
mandag 8. juli 2013
Ny dies: LR0269
Eg gjekk litt amokk hin dajen.
Hadde sett ein usedvanleg flott stensil på Scrapomania
og va berre NØDDE Å HA DEN!
Og medan eg var i *nettbutikk-modus*
tok eg turen innom Unik Hobby.
Oh my gaad, kor månge flotte dies der va!!
Her er ein av dei:
Marianne Design LR0269
***
Har vå innom diverse bloggar
og sett at det e lurt å sverte medan den ligg i diesen ;)
***
Her e kortet eg lagde med den:
Bilde funne på nett
blomster frå Nille
Det lyse blå arket frå Europris.
Sverten heiter *tumbled glass*
Vakna ein morgen med eit dikt i haude.
Mottakar er ein kar på 76, og gartner (som eg)
og eig BoGrønt på Sandane.
Men diktet held eg for meg sjølv ;)
Her e baksida.
Men diktet held eg for meg sjølv ;)
Her e baksida.
Ynsje deg ei flott veke ☺
mandag 1. juli 2013
Bryllaupskort
I den travle sommartid har eg lite
konsentrasjon til overs
for kortlaging.
Sjølv om eg sit kveldane å putlar litt :)
Men eg klarte i *siste sekund* å lirke or meg
bryllaupskort til dei to para som gifte seg 29 juni.
Mønsterpapir er frå
Kort & Godt
Fryd (beige)
♥borda er frå martha stewart
blomster og perlestrå
frå wild orchid crafts
Bilda e frå eit ark eg har kjøpt på den
lokale hobbybutikken, Ronny Rør ;)
Fann eit dikt
som eg har skreve om til nynorsk
Eg likar det best sånn ;)
swirl frå Magnolia
Personleg stempel må vere med c ;)
Takk for fine kommentarar på forrige inlegg.
I LOVE IT ☺
God kveld i stuggu frå
Frk. Bogstad
Etiketter:
bryllaup,
hjarter,
Kort og Godt,
magnolia,
martha stewart,
pengelomme,
swirl,
WOC
onsdag 26. juni 2013
Dekorert ramme
For nokre år sidan kjøpte eg fleire slike rammer frå Panduro.
2 stk på eit "stativ"
Sommaren 2011 fekk vi vatn i kjellaren og desse
-blandt mykje anna- låg å duppa i ei kasse.
Men i dét eg sku hive ting tenkte eg at
desse kan eg sikkert bruke til noko ;)
Dei e litt skakke, men ka gjer vel ikkje litt måling ☺
***
Rosene er frå WOC
dei andre blommorna frå Nille.
Der har eg óg kjøpt blondebandet.
sommarfuglane frå silh. sd
♥pins frå little yellow bicycle.
***
Ferdig resultat !
Bronsehjørnet e frå kort og godt.
Det va i ein pakke eg vann frå Nordsalten hobbyklubb eingong.
Pebbelsen har eg fått gjennom gratis nedlasting,
men nett no finn eg ikkje av kven, att ..
Eg brukar limpistol når eg limar på blomster og dill.
Då sit det fast!
Tok å laga til sånn at den kan henge.
Då e den likso *ut av vegen* ;)
Eg skulle so gjerne øngst at fleire ville kommentere innlegga mine.
Eg e veldig avhengig av tilbakemeldingar.
Men eg DIGGAR dei eg får :)
Tusen takk ☺
Klem frå Frk. Bogstad
Etiketter:
Kort og Godt,
nille,
Panduro,
pebbels,
silhouette sd,
WOC
torsdag 13. juni 2013
Sommarhagen - ein stor favoritt :)
Bidrag I til Sommarhagen
***
Katrine Anita's magiske verden har ei utfordring gåande til 31. juli
Eg vil då skrive og vise ein av mine favorittar i hajen om sommaren.
Eg bur på eit småbruk, med uendelige mulighetar innan hage.
Men eg bur ikkje åleine og bestemmer heller ei,
so det vert med eit bédd her og eit der ..
***
Eg ELSKAR Hosta fortunei.
Eg har eit heilt bedd med hosta.
dvs det er ikkje stort, det er omtrent 1 m2.
Der var 9 forskjellige,
men vintrane dei to-tre siste åra har tatt nokre frå meg :(
Eg meinar eg har 5-6 att.
Eg likar blada, blomsten klipper eg av!
Grunnen til at eg likar denne planten,
er at blada er dekorative og i fargetonen GRØN
:D
Elles går det i slått om dagen.
Lite papirkreativt som blir til her..
Ynsje deg ein fin kveld ☺
Klem frå Frk. Bogstad.
mandag 3. juni 2013
Bryllaupskort med LOTV motiv
Koffor ska det ta so lång tid å lage noko so enkelt...?
Motivet e ferdig fargelagt frå Lili Of The Valley, men buskhjarte va kvitt.
Og busker er ikkje kvite, so eg farga den grøn.
Mønsterarket passa til det grå i bildet.
Og raud e farge nr 1 til Løøøøve' ;)
Uklårt bildet, fordi eg sku skunde meg ..
***
inni kortet-bilda må eg vente med,
for dropbox'n min vil ikkje oppdatere seg
****
Pengelommen vart provisorisk her óg ...
Med dikt som eg tykte høvde desse to ♥
Gratulere med overstått dag; Lene og Martin Inge.
Elles er ikkje dette tida for meg å vere inne å kreere.
Eg likar meg best ute i lag med plenklipparen min :)
Hej då :)
fredag 17. mai 2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Mor, far og brørne mine ♥
Marie-syster mi og meg jula 1976
Picture perfect ♥





