søndag 13. april 2014

Blogcandy for 2 personar ...

Eg føler meg verkeleg som ein 
TAPAR 
når eg legg ut candy og det kun e 2 som er interessert!!
So då blir det inga trekking, men eg sender likt til dei to som brydde seg.
Stensilane har eg kun eitt eksemplar av,
so eg lyt finne på noko der ..


søndag 6. april 2014

Gjenbruk

Eg tar vare på litt 'a kvart som enkelte andre hiv
so fort dei e ferdig m det som va inni. 
Til dømes bobleplast = det kan eg måle på å få artige dottar på prosjekta mine.
Papp med riller (til dømes om du bestiller frå Eurofoto) kan gje fin effekt.
Papp generellt tek eg vare på, for dei kring 1mm går greit gjennom Big Shot'n ;)
Dei på ca 2 mm gjer ikkje det ...
Dorullkjernar = kan bli flotte minialbum.
Saft som rødbetar har lógge i, gjev flott mellomrosa farge på kvitt papir.
For litt sidan sku eg lage meg smootie, 
men so var nokre av dei blåbæra eg sku bruke 
for opptint FØR eg la dei frysen - so det va berre ein klump. 
Då hadde eg vatn i posen,
over i ein bolle - la kvitt papir nedi og vips hadde eg fått blålilla papir :)
Sfnixøsjer lagar eg små skattekammer av.
~ Har til no gleda 2 sjeler med det ~
***
So der e mångt som kan nyttast meir enn det det er tenkt til  
Ynsje deg ein fin kveld
Takk for at de som kommenterar -gidd, eg set veldig pris på det ;)

Mvh Frk. Bogstad



torsdag 27. mars 2014

Blogcandy

Eg likar ikkje å kalle det blogcandy,
men det e einaste måten å tiltrekke seg deltakar på, såh!

Medan eg va sjukmeld - har eg lagt min elsk på eBay.
Herremin, kor mykje fine charms dei har i Hong Kong til ein billeg penge!!
Hamster'n vakna verkeleg til liv siste veka i februar.
No har eg altfor mykje, difor vil eg dele med ein av mine følgara.

Og eg har reglar:
1. Vær eller bli følgar.
2. Del bildet av candy i sidebaren din.
    Eller i eit inlegg om du tykkje det e enklare :)
3. Legg att ein kommentar i feltet neanfor
    (og ver vennleg å ha ein open profil so eg lett kan sjå bloggen din)
Candy varer til 10. april klokka 23.59
So kan eg trekkje den på jebbusen min
Diverse charms frå den veksande samlinga mi
Nokre ark frå Vibeke Spigseth - My art journal, Panduro-blokk,
      kutta i *sende-i-posten-storleik*
 Nokre gamle bokark
Taperull 3mm
6x6 inch mini bricks stensil + ein avklipt bit av ein chickenwire stensil

So håpar eg du likar noko av det eg har lagt fram.
***
Her i Breim blir våren nytt med beskjæringssaks og stige☺

Klem frå Frk. Bogstad

lørdag 1. mars 2014

Nytt grandtantebarn

Kortet er frå meg og mine foreldre til Eiril ♥
 Motiv frå Mo Manning - baby fairies, 
kjøpt på the hobby house
Mønsterpapir frå Lili of the valley -Antebellum
Dies frå Marianne design
Blomster frå woc
Swirl frå Magnolia
Tekst skreve ut på pc
Charms framleis ukjent ..
Eit noko uklårt nærbilde ..
 Skrivefelt
Det vart kanskje litt tomt,
men eg sku på besøk og hadde 2 timar på meg i forkant ;)

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

fredag 28. februar 2014

Bestillingskort

.. til ei som fyller 30 år.

Mønsterark frå Lili of the valley - Antebellum
Knappar har eg kjøpt på nett
Blomster frå Wild Orchid Crafts
Ramma kring bildet er Marianne design dies
og lånt av niesa mi :)
Nederste sommarfugl er puncha ut av never
-som eg fann kring eit tre oppi skogen ved hytta vår-
dei 2 hine er silhouette sd.
Swirl e magnolia.
Hjarte e charms frå ?
Har sverta kantane lett med Invild Blome sin Dark Rust chalk
 Litt om det som hende i 1984
 Skrivefelt
Her e meir fargane, men blitsen slo seg midt på bildet ..

Ønsje deg ein fine dag :)
Klem frå Frk. Bogstad

-som har komt seg mykje etter fallulukka frå hesten Myklunn-
No e det berre 4 veker att med jugurt til 
frukost & kvelds.
Og supa til middag.

søndag 23. februar 2014

Dorull-album ..

... til ei av mine beste veninder,
som hadde sin aller
fyste morsdag 9 februar ♥





Mønsterpapir frå K & company.
Ugla, tag-tabs og sommarfuglane har eg laga i silhouette sd.
Gjerdet e Magnolia dies
Blonden kjem frå nettbutikk
tekst skreve på pc,
likeins kalendaren.
Fuglane på fyste innside er ein 
Claudine Hellmuth stencil.
Omsider fekk eg nytta min Zutter bind-it-all ♥

Håpar du likte den :)
Klem frå Frk. Bogstad

ps. for å flate ut dorullkjernen
køyrde eg dei gjennom Big Shot'n ;)

søndag 16. februar 2014

Ein kortvarig hobby: HEST.

Eg likar hestar, men ilp av dei 23 siste dagane e eg ikkje like sikkert på om hest likar meg.
For 23 dagar sidan datt eg av hest som vart skremd av lyd -sprang fortare, men er slik laga at når der e ubalanse på ryggen dens- STOPPAR. So det vart ikkje so ilt liksom. dvs halebeinonde i 7-10 dagar e ikkje nåke særleg. Dette var i ridehall, med instruktør. Uten sal og stigbøyle, for vi hadde nett "turna".

I dag skulle eg på ridetur med hesten Myklunn. 
Ho va litt motvilleg i starten, men vi fekk no ein fin tur inn til fyste bakken på støylsvegen. 
Snakka litt med mamsen til eigar. 
Brått fann Myklunn at ho ville heim. Men litt raskare gange enn innover. Ogso kom ho på at å springe gjer at eg (hest) fortare kjem heim. Det var då ikkje eg (Frk. Bogstad) samd i. 
Og sidan pisk uheldigvis har vå bort i hesten, hjalp det ikkje med verken ptroo og/eller strame tøylar. 
Eg skjønte at dette blir ilt, lente meg framover og sklei/datt av hesten. (eg e jo ikkje supervan rytter helde  ) 
Fyste eg merka etter at eg datt av var at hesten røyste seg og sprang heim, so kjende eg at det verkte i venstre kjake. Deretter at høgre sko mangla og at klipsen på hjelmen va gått opp. Klarte å røyse meg, ringde eigar og tusla mot ho. Etterkvart vart det ilt i høgre fot, (ved seinare tilsyn, ser det ut som den e kraftig forstua) Ilt var det óg i eit ribbein og der eg landa på stompen/korsrygg. 
Va innom eigar og fekk lagt noko kaldt på kjaken, medan ho rensa såret på foten. So bars det til legevakt. Ho køyrde meg.
Deretter til Eid for å ta røngten, som vart omgjort til CT. Snakka med lege som sa at eg har 2 ørsmå brót; eit oppe til venstre (det kjenner ut som ei tann er knust) og eit nede til høgre. 
Mine aller fyste brot vart altso i kjeven. 
Sånn; det va min søndag. Litt annsleis enn eg hadde tenkt.
Drosjemann køyrde meg frå legevakt til Eid og innatt til bilen, so eg fekk med den heim.

Eg kan nuk ikkje tygge dei komandes dagane og lyt til tannlækjar når hevelsen har gått ned. 
Men alt i alt, det kunne gått verre!! 

Myklunn kunne ha trakka på meg og eg kunne ha brote noko som gror seeeint!!
Det positive e at sidan eg ikkje kan tygge (kun yugurt og supa på meg) tek eg kanskje av eit kilo eller to ;)

Heretter blir det kun * Mi kreative verd * og kajakk'ing på meg.

Ynsje deg ein mykje beire kveld enn min.
Ooo, i mrg blir det verre ...

Fredag 21. februar:
Ribbein: litt ilt, men ikkje brót eller forstua.
Høgre tå: kraftig forstått.
Korsrygg: blå, gul og sikkert andre fargar med tida.
Kjeve: ALLER verst i brót nede til høgre. Ilt so inni hampeskogen. Har fått kraftig smertestillande, men har ilt likevel.

Mvh Frk. Bogstad


onsdag 5. februar 2014

Eg e litt lei ..

.. den ryddinga no gitt.
So no tykkje eg det e på tide med kreativ verkstad,
so eg har lagt Scrappesyken (facebook-gruppe) sin mnd'lege utfordring inn på Silhouette'n.
Det er ein mal.
Har ein mnd på å gjennomføre og før det kan leggast ut.

Elles er eg lite kringom på bloggane no, for eg finn so mykje spennande på youtube :)
Har mange flotte komande kort, LO, AJ osv inni haude.

Ønsje deg ein fin kveld :)
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 28. januar 2014

Eg ryddar ..

.. kvar ein dag,
no når eg ikkje har meir fast arbeid enn 2-3 laurdagar i mnd'n.
Og eg har eindel å rydde i.

Eg e ein hamster
som likar å ha ting ;)

I dag er det *papir-som-e-klipt-i, men-kan-nyttast-meir*
-kassene som står for tur.
Tenkte å sere ut det som er julete og ha det i ei kasse.
Og det som går under anna, for seg.
Må nett ut å nyte sola fyst
Kald vind, men eg har tenkt å ve i røyrsle.

Ønsje deg ein flott dag.
Klem frå Frk. Bogstad

Lyt elles nemne at eg tenkjer mykje på dei som har 
myst heimane sine i brann
i natt og i dag :(
Uffameg ..

lørdag 11. januar 2014

Korthobby's utfordringsblogg fyller 1 år!

I den anledninga gjennomfører dei ein GIVEAWAY
Premien er diverse charms/metall frå nettbutikken korthobby.no
Har problem med å få lagt inn bilde.
Men det e berre å klikke på linken, so ser du da sjølv ;)
Du kan melde deg på inntil midnatt 24. februar
(eg trur det betyr til og med den 24.)
Trekkinga føregår fredag 28 febr. by Mr. Random ;)

fredag 10. januar 2014

Bursdagsgut

.. i familien.
Kasper Olai 3 år :)
Eg e fadder, difor "kjedeleg" pengegåve.
dvs eg fekk bytte 200-lappen med han, 
mot 20'ara, 10'ara og nokre 5'ara
som han kunne smette på sparegrisen frå kongleriket :)
mønsterpapir frå My mind's eye - trés jolie-
craft papir
 Har brukt bobleplast, klæsja på med måling og trykt ned på akvarellpapir. 
Ogso stansa ut med stjerne-dies
 Hurra for deg frå Norsk Stempelblad
har eg embossa med clear stempelpute og pulver.
Pengelomme og skrivefelt
Deltek på / perticipate in
Make it Monday - Anything goes
Hobby Cutz challenges - Anything goes
Crafty Hands - Anything goes
Challenges 4 everybody - challenge #37 Anything goes
Brown Sugar Challenge - challenge #76 Use chalk
(there is used chalk around the edges)
***
I hope I understood everybody's rules ;)
Have a great weekend
Frk. Bogstad


mandag 6. januar 2014

Dåpskort

.. til Olivia
Eg er so heldig som er fadder til den vesle jenta :)
Motivet har eg fargelagt med Promarkers.
Det og mønsterark
er frå Lili Of The Valley.
Pengelommen er enkel,
for det skulle jo få plass ned i criss cross kortet
Personleg stempel.

Deltek på / participate in
Make it Monday #173 ~ Anything goes
Nordsalten hobbyklubb ~ utfordr. #87-punch/dies
(har brukt spellbinders dies og ms punch)

Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 2. januar 2014

tirsdag 31. desember 2013

Julekort som kom fram til jul ;)

Pion design ark frå i fjor.
Dei e so varme og lune.
Ferdig fargelagd motiv -Anabelle-
 Min elskelige nisse, av Kjell Midthun
 Little elf Pipa
Bildmälarna 
 Denne bretteteknikken såg eg hjå Karis krok og laut prøve sjølv.
Resultatet vart eit julekort med desse nydelige to 
-til ei venninde som betyr noko heilt spesielt føre meg.
Og JA eg har fargelagd dei sjølv :D
Julekort med Maja design arka ~ vintage frost ~, which I ♥
 Her nokre gåvekort eg lagde på bestilling


So då var vel det meste frå 2013 lagt ut for sjåing.
Ynsje DEG ein fine kveld, so  *snakkast* me på nyåret.
Klem frå Frk. Bogstad

tirsdag 17. desember 2013

Julekort

... e litt stress, sjølv om eg likar å putle med det.
Gav meg sjølv frist til onsdag å bli ferdig,
so eg har fair chance til at dei kjem fram ;)
 Her e motiva eg brukte.
Christmas Elves frå Mo Manning
rot på pulten når man ska ta bildet e "flott" 
 Eg har IKKJE fargelagt dei sjølv
Arka eg har brukt e 
Papermania: at christmas time
dvs det kvite med raude prikkar på er utanom.
 bjeller kjøpt på den lokale hobbyshappa: Ronny Rør
Alven Finn e bedårandes ♥
***
 Eit anna kort som sneik seg med.
Ferdig farga av andre det óg, frå wild rose studio.
Ark frå Panduro si blokk
***
God FØRJULSVEKE
Klem frå Frk. Bogstad

søndag 15. desember 2013

Kreativt hjelp i andre

.. bloggar finn eg stadigt,
men nokon merkar seg spesielt ut.
Som til dømes i dag.
Slit med å få fart i julekortproduksjonen min
og har sett meg frist til onsdag 18
for eg har no tenkt å gjer andre ting enn
å berre sitte einsleg i kjellaren med julemusikken og papira  ;)
JA eg veit man kanskje ikkje bør skryte av nokon og ikkje andre,
men eg lyt få dele desse.

lagar dei nydelegaste kort med masse
blomster, blonder, tekstar og gesso.
Klæsj på ein romantisk måte.
Eg diggar bruken av ord.

lagar óg nydelige kort..
Eg får ro i sjela når eg ser posekorta,
tag'sa og alle dei fine motiva ho brukar,
i lag med blomster, blonde og charms.

skulle ønsje eg hadde anledning til å lage kort i lag med ho kvar dag.
Det ho gjer ser so enkelt ut.
Det fell på plass på 1-2-3
Motiv som enten e sjølvtusja eller ferdig fargelagd,
blonder, blomster & bling.
Eg ♥ deg og din produksjon :)

Vil takke ho for hyggelige inspel på mine inlegg.
Når tidspresset e over og stillheten senka seg,
skal eg delta på fleire utfordringar ;)
Ho brukar so skjønne motiv
og det poppar opp nesten dagleg eit kort.
Takk for din kreativitet :)
***
Takk for alle kommentarar på mine inlegg,
eg e takksam for at de e der ute
Ynsje DEG ein flott 3. søndag i advent.
Klem frå Frk. Bogstad

fredag 13. desember 2013

Damekort

 .. bestilt ein gong i november ;)
Viste korleis eg ville ha dette,
for eg kjenner dama som skal få det.

Tekst skrevet ut på pc
Blomster frå WOC
Diamond background frå Memory box
Bildet frå nettet
Ynsje deg ei GOD HELG :)
Frå frk. Bogstad

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥