torsdag 18. juli 2013

Marianne dies ♥

Amokk er mitt nye mellomnamn.
**
Eg er medlem på ei side på facebook
som heiter May Britt's scrappesalg.
For ein gongs skuld eller uheldigvis(?) kom eg fyst på 
desse herlige dies'ane frå Marianne design -som ho sku selge.
 Eg tøre ikkje nemne pris 
anna enn at det var under 1000,- for alle desse tilsaman. 
Eg har nuk gjort eit kupp ;)
***
Dei som ligg på den svarte matta
har eg frå før.
So ut i august eingong
(når eg e ferdig med den herlige ferien min)
skal eg ha kreativt snop her ;)
So det e berre å følgje med

Elles har eg sett ein del Dyan Reaveley-videoar på youtube
og fann ut at dette vil eg óg prøve.
(som om eg ikkje har nuk ....!!)
*jeg gremmes*
Prøvde meg på akvarellpapir hin dajen ...
DET funkar ikkje, difor følte eg at eg måtta ha meg ei skikkeleg bok ;)

So dette kom med posten i dag :D
Dylusion Art Journal bok
+ flossie og alfabet -stencil
 & white linen
Frå før har eg 12 spray'a, 3 stensilar og ein kvit penn :)
~ Let the games begin ~

Ha ein god dag.
Klem frå Frk. Bogstad


mandag 8. juli 2013

Ny dies: LR0269

Eg gjekk litt amokk hin dajen.
Hadde sett ein usedvanleg flott stensil på Scrapomania 
og va berre NØDDE Å HA DEN!
Og medan eg var i *nettbutikk-modus*
tok eg turen innom Unik Hobby.
Oh my gaad, kor månge flotte dies der va!!
Her er ein av dei:
 
 Marianne Design LR0269
***
Har vå innom diverse bloggar
og sett at det e lurt å sverte medan den ligg i diesen ;)
***
Her e kortet eg lagde med den:
Bilde funne på nett
blomster frå Nille
Det lyse blå arket frå Europris.
Sverten heiter *tumbled glass*

 Vakna ein morgen med eit dikt i haude.
Mottakar er ein kar på 76, og gartner (som eg) 
og eig BoGrønt på Sandane.
Men diktet held eg for meg sjølv ;)

Her e baksida.
Ynsje deg ei flott veke

mandag 1. juli 2013

Bryllaupskort

I den travle sommartid har eg lite 
konsentrasjon til overs
for kortlaging.
Sjølv om eg sit kveldane å putlar litt :)
Men eg klarte i *siste sekund* å lirke or meg
bryllaupskort til dei to para som gifte seg 29 juni.
 Mønsterpapir er frå
Kort & Godt 
Fryd (beige)
♥borda er frå martha stewart
blomster og perlestrå
frå wild orchid crafts 
Bilda e frå eit ark eg har kjøpt på den 
lokale hobbybutikken, Ronny Rør ;)
Fann eit dikt
som eg har skreve om til nynorsk
Eg likar det best sånn ;)
 swirl frå Magnolia
Personleg stempel må vere med c ;)

Takk for fine kommentarar på forrige inlegg.
I LOVE IT
God kveld i stuggu frå
Frk. Bogstad

onsdag 26. juni 2013

Dekorert ramme

For nokre år sidan kjøpte eg fleire slike rammer frå Panduro.
2 stk på eit "stativ"
 
 Sommaren 2011 fekk vi vatn i kjellaren og desse 
-blandt mykje anna- låg å duppa i ei kasse.
Men i dét eg sku hive ting tenkte eg at 
desse kan eg sikkert bruke til noko ;)
Dei e litt skakke, men ka gjer vel ikkje litt måling
***
 Rosene er frå WOC
 dei andre blommorna frå Nille.
Der har eg óg kjøpt blondebandet.
sommarfuglane frå silh. sd
♥pins frå little yellow bicycle.
***
Ferdig resultat !
 Bronsehjørnet e frå kort og godt.
Det va i ein pakke eg vann frå Nordsalten hobbyklubb eingong. 
Pebbelsen har eg fått gjennom gratis nedlasting, 
men nett no finn eg ikkje av kven, att ..
Eg brukar limpistol når eg limar på blomster og dill.
Då sit det fast!
 Tok å laga til sånn at den kan henge. 
Då e den likso *ut av vegen* ;)
Eg skulle so gjerne øngst at fleire ville kommentere innlegga mine. 
Eg e veldig avhengig av tilbakemeldingar.

Men eg DIGGAR dei eg får :)
Tusen takk
Klem frå Frk. Bogstad

torsdag 13. juni 2013

Sommarhagen - ein stor favoritt :)

Bidrag I til Sommarhagen
***
Katrine Anita's magiske verden har ei  utfordring gåande til 31. juli
Eg vil då skrive og vise ein av mine favorittar i hajen om sommaren.

Eg bur på eit småbruk, med uendelige mulighetar innan hage.
Men eg bur ikkje åleine og bestemmer heller ei,
so det vert med eit bédd her og eit der ..
***
Eg ELSKAR Hosta fortunei. 
Eg har eit heilt bedd med hosta.
dvs det er ikkje stort, det er omtrent 1 m2.
Der var 9 forskjellige, 
men vintrane dei to-tre siste åra har tatt nokre frå meg :(
Eg meinar eg har 5-6 att. 
Eg likar blada, blomsten klipper eg av!
 Grunnen til at eg likar denne planten, 
er at blada er dekorative og i fargetonen GRØN 
:D
Elles går det i slått om dagen. 
Lite papirkreativt som blir til her..
Ynsje deg ein fin kveld ☺
Klem frå Frk. Bogstad.

mandag 3. juni 2013

Bryllaupskort med LOTV motiv

Koffor ska det ta so lång tid å lage noko so enkelt...?
Motivet e ferdig fargelagt frå Lili Of The Valley, men buskhjarte va kvitt.
Og busker er ikkje kvite, so eg farga den grøn.
Mønsterarket passa til det grå i bildet. 
Og raud e farge nr 1 til Løøøøve' ;)
 Uklårt bildet, fordi eg sku skunde meg ..
***
inni kortet-bilda må eg vente med,
for dropbox'n min vil ikkje oppdatere seg 
****
Pengelommen vart provisorisk her óg ...
Med dikt som eg tykte høvde desse to ♥

Gratulere med overstått dag; Lene og Martin Inge.

Elles er ikkje dette tida for meg å vere inne å kreere. 
Eg likar meg best ute i lag med plenklipparen min :)

Hej då :)

fredag 17. mai 2013

Gratulerer me dajen, Noreg :)

I dag klokka 08 var det 12 varmegrader-
Og dess lengre på dagen man kom, dess høgre vart temperaturen.
20 gr i tolv tida, 25 gr nuh (16.30)

Her kjem 17. mai toget i Breim

4 unge damer fremst i toget,
på fjordhestar med fletta mán :) 
Breim kyrkje ♥ 
Ynsje deg ein flott kveld

torsdag 9. mai 2013

Til Konfirmanten

Då var årets konfirmantkort 
ferdig laga og utleverte.
Til Rasmus
 Bildet frå nett (Kim Anderson).
*Til konfirmanten* skreve på pc
Charms frå kort og godt
Hershey bazzill brun
Raud hyssing frå Tim Holtz
Enkel pengelomme med dikt/visdomsord 
Ei helsing på snei ;)

Til Arne
Stempel frå Stempelgleder
Mønsterark er frå Fabscraps
 En enkel pengelomme her óg
Helsing 
Bakside

Til Mari
Bildet vil ikkje snu seg :(
Sommarfugl frå Storyteller
Ramma e Spellbinders 
Swirl e Magnolia 
Har rufsa kantane litt,
men inga sverting ..
                                                            Jojo blomsten e stoff frå Tilda.
 Pengen har eg gøymt bak diktet ...
 Hjertepunch frå martha stewart.
Personleg stempel

Til Malin
 Blåturkis ark frå Authentique
Kjempefin arkserie :)
Blomsten e frå Nille
Rosa mønsterark frå fabscraps
Resten av kortet er som ovanfor :)
***
Takk for besøket, velkomen igjen :)
Klem frå Frk. Bogstad

onsdag 1. mai 2013

Brønnøya og litt Oslo ..

Har vå på austlandet sidan fredag.
Herleg å kome seg vekk frå alt heime.
Faktisk fyste gong eg har brukt meir pengar på 
bussbill. tur/retur enn shopping i Oslo.
Erre muli' lissom!!?
***
 Her e noko av det eg kjøpte:
 Eit lekkert smykke på Accessorize
 ♥
 Diverse blader frå den største Narvesen eg har sett!
 Ein Tilda stoffpakke på Panduro.
Kjøpte óg nokre småting på Søstrene Grene.
Denne hytta budde eg 4 netter i.
***
Medan dette e hovedhuset :)

No e det tid for å bjynde på konfirmasjonskorta. 
I år skal eg kun lage til dei som får pengar.
Hej då.
Klem frå Frk. Bogstad.

torsdag 18. april 2013

Dåpskort til Storm

Ei barndomsveninde har fått sitt fyste barn
og her e kortet eg har laga i anledning DÅP.
♥ 
Enkel pengelomme 
  Stjernene e
 utstansa frå ei gammal dongeri bukse
 Hjertepunch frå ms
Har omgjort diktet til Ingvar Moe
so det passa guten :)
Yo yo flower.
Eg kallar det for snurpe-blomst 
Sommarfugl frå silh. Knappar frå diverse 
Blonden har eg hatt leenge.
Motivet e frå Lili of the valley.
Personleg stempel.

Hej so lengje :)

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥