søndag 18. september 2011

Haustjente - Authumgirl

Her er 2 andre kort eg har laga i dag.

Nokre gonger treng man faktisk ikkje so himla mykje pynt

Motiva er frå The paper shelter
Fargelagde digi stamps :)
I love them ♥

Tek den rosa og er med på utfordringane:

Det er altso kort, ikkje berre framside.
Men tok man bilde av det?

Nope ..

Happy Birthday dragon-boy

Sundag e den dagen i veka eg prisar mest.
For det er nemleg min  fridag til å gjere det eg vil.
Det har vore flott haustveir i dag, men eg har nydeleg utsikt,
so eg har sete inne å laga kort ;)



Motivet er frå The paper shelter . Heiter Dragon Birtday. Guteaktig synest eg
Og som nemt før, er eg ikkje noko flink til å fargelegge motiva mine,
so eg kjøper dei med glede; i fargar : D

Dies'n eg har brukt er Labels Two. *korleis har eg klart meg soo lenge utan?!?*

Med dette kortet deltek eg på følgjande utfordringar:

Utfordring #28 - gutte/herrekort - Happy Birtday dragon-boy

Håpar de alle får ei flotte veke :)

søndag 11. september 2011

Genialt.

Når eg leitar etter inspirasjon eller kun for å sjå andre ting,
dukkar det opp mange slike youtube videoar :)
Her e nokre:
magic card
box card
card purse
half window card

mandag 5. september 2011

Metall-tape

Var på besøk i Gro's hobbyhjørne og fann ein link til
Wenches papirverden og fann der ein link til ei anna side,
som hadde link til denne videoen om Metalltape 
(maange linkar)
Gro sin versjon synst eg va like so grei.
Og gu' kor tøfft! Men altfor tolmodskrevjande for meg.
 Det e ikkje meg heller. Men eg ville no nett dele med dokke ;)

søndag 28. august 2011

Bursdags-kort

Her kjem det siste kortet som eg har laga på denne kreative sundagen i august :)

(eg e ikkje noko flink å fargelegge, berre so det e sagt!
-dessutan gjekk dette veeldig fort føre seg)

Eg deltek på desse utfordringane:

Hovudbildet e sverta med chalk - Lavender
og
det fargerike arket har revne kantar.

*Hurra for deg som fyller ditt år*
(is a line from a norwegian birthday song)

Kommode-kort

I dag har eg vore kreativ de luxe : D
Det e fordi det har regna mest i heile dag og eg har
hatt mange prosjekt som skulle utprøvast.
Til dømes: Kommode-kort.
Det gjekk litt skeis, so dette vert eit kort eg beheld sjølv ..
Innsida på kortet må eg gjere ferdig sidan.

Here goes:

ståande

liggande

Eg har brukt tapet som ark.
Kjolen har eg fyst skjært ut i silhouette'n som mal
og deretter klipt ut med passande tapet farge.
Blomstane er ein punch.
Teksten e skreven i microsoft word
med skrift-typen Papyrus str 24.

Håpar de synest det va litt fint :)

Ein anna vri på hjørne bokmerke

Forrige innlegg var eit enkelt bokmerke.
Her kjem ein anna vri. Fann den på Henrikkes kortkreasjoner
Denne her e nuk hakket beire, sidan der e "rygg" på den :)

Litt for enkelt pynta dette óg, men e ikkje heilt inne i det enno ..


       Eg har brukt:
  • Xcut punch - Lace trim
  • chalk rundt bildet - Chestnut Roan
  • chaklk rundt bokmerket - Creamy Brown
  • halvperler
  • Bilete har eg kjøpt på The Paper Shelter .
Ha ein flotte sundag :)

lørdag 27. august 2011

Hjørne bokmerkje

Såg eit slikt flott hjørne bokmerkje og tenkte at sånt vil eg óg kunne lage.
Men dette vart veldigt enkelt pynta. Kanskje fordi eg skal rekke ei utfordring? ;)
Here goes :

med blitz

utan blitz

Eg har brukt
  • punch frå Xcut - Lace Trim
  • MS butterfly (den store)
  • Spellbinders, labels two - an' minste
  • halvperler
Utfordring eg deltar på:

mandag 15. august 2011

Bursdagskort i august

 Frå grantante til Marthe sin 3 års dag


 Frå oldebesta til Marthe



TOG-KORT
Mal til denne fann eg her
Bestillingskort frå ei bestemor til nytt barnebarn

Baksida på tog-kortet.


mandag 8. august 2011

Vår djupaste medkjensle ..

Forrige tysdag døydde ein nabo. Brått. I ein alder av 72 ..
Veldig trist. Vi forstår ikkje at det har skjedd. Han var jo frisk til det brått var slutt.
I morgon er det gravferd. Det vert ein tung dag.

Eg sit no å lagar kort frå meg & mine.
Her fant eg eit fint dikt som eg hadde inni kortet.


Framsida på kortet er skjært ut i Silhouette.
Tekst har eg skreve i Microsoft Works.

torsdag 28. juli 2011

Det er sommer, det er sol og det er alltid fint veir på sundagar!!

Den kreative sida mi ligg vistnuk i dvale i juli ..
Eg har prøvd å få i gong noko sundagane, men her i Breim e det alltid sol DEI dagane ..
Dvs tankane kretsar om foreståande prosjekt, men eg får liksom ikkje ro i kroppen til å gjennomføre ..

Og på måndag (25.07) kom ein lei grunn til at eg er adskilt frå den kreative hula eit par mnd fram i tid.
Lyn og torden gjorde at ei elv i nærleikjen, vaks seg altfor stor til elveleiet sitt.
Kjellaren min vart fylt med vatn. Papir for ca kroner 4000, vart so å seie gjønablautt.
No har eg tørka papira på badgolvet, men det e bulkete og rare.
Elles måtte vi skifte ut 2 frysara. Vatn opptil 25 cm på veggen e ikkje bra for verken frysar eller stikk-kontakter!!

Det e sjølvsagt ikkje noko i forhold til det som skjedde i Oslo/Utøya fredag 22 juli.
Huff og huff kor mykje skade ein manns verk kan gjere.
Men som nokon sa rett etterpå: Om èn mann kan vise så mye hat, tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise.

Andre sitat som har sett seg fast i minnet: ¨
Sveriges utanriksminister Carl Bildt - I dag er vi alle Nordmenn.                 Då felte eg ei tåre.
Og når AUF-leiar Eskil Pedersens sa: Han tok noen av de vakreste rosene våre, men han kan ikke stanse våren.

I dag fekk vi bekrefta at jenta frå Stryn og Ørsta omkom på Utøya.
Elles vil eg takke for at Torbjørn Vereide og Fred Ove Løtuft kom frå det med livet i behald, men har djupe sår i minnet. Håpar såra gror, men at dei aldri gløymer vennane sine ..

Elles må eg innrøme at eg har ikkje sett so mykje fjernsyn sidan laurdag. Det e for ille å ta inn over seg.
Eg e redd at når eg fyst byrjar gråte, vil det aldri sleppe taket ..

Ang. det kreative: eg kjem sterkt tilbake ; )
GOD SOMMAR inntil vidare :D

tirsdag 12. juli 2011

Big Shot

I går kjøpte eg meg Big Shot maskin i Førde.
For der e enkelte ting mi Silhouette sd ikkje kan.                      
  • prege papir
  • skjære i 220 g/m2 papir og oppover
Ogso kjøpte eg meg 2 dies.
Nellie Snellen: MFD 027 og MFD 018

Eg lure på om de vil kommentere og skrive kva dies de har, som de ikkje klarar dekan utan.
Då blir eg *happy* for eg skal ha fleire, eg veit berre ikkje kva slag enno ..

Ha ein fin dag :)


tirsdag 28. juni 2011

Promarker

Eg likar best å bruke bilder som e i svart/kvitt, sephia farga eller som ikkje treng farge.
Det er fordi eg e ganske håplaus på fargelegging.
Difor eig eg kun 3 Promarkers.
Tenkte no at DE kan hjelpe meg med å finne ut kva andre fargar eg treng,
som samsvarar med dei 3 eg har ;)

Dei heiter: Leaf Green, Fuchsia Pink og Bluebell


Sidan himmelen opnar seg for fullt denne veka og mitt
hovudarbeid består i å arbeide ute,
 spekulera eg på om eg skal til Førde ein dag.
På Kulør (litt Panduro) sel dei slike.

Elles finnst dei jo i nettbutikken Papir i hjertet , kr 29,- pr stk

Elles vil eg takke for koslege kommentarar. Det varmar ♥


søndag 26. juni 2011

Dåpskort til gut

Bestillingskort.
 Fann ut at det gjorde seg med ein raud blomst i alt det blå ;)



Mønsterark frå Maja Design - country life
                                              crea diem

MS sommarfugl-punch
 blomst frå kort & godt
charms: made with love
Tekst skreven ut i Vivaldi skrift
Bilde har eg funne på internet
Perlene e frå bl.a Panduro - Moments

fredag 24. juni 2011

Dikt til dåpen

Når eg lagar dåpskort, må eg ha tilgong på dikt som høver.
Dette er ikkje alltid like enkelt å finne. Her er 2 sider som har eit lite utvalg.
Tek gjerne i mot fleire ;)
Sakkalo & Mammanett

mandag 20. juni 2011

Dåpskort, jente

Ei veninde frå barndomen døypte si fystefødde i går.
Og i den anledning lagde eg dette kortet.

 Jenta sitt namn forsvinn i alt det rosa ..

søndag 19. juni 2011

Kort som eg ikkje har publisert tidlegare

  Konfirmasjonskort til gut som spelar i slagverkensamble

Prinsessekort. Utskjært i Silhouette
 

Korsett-kort til venninde
(vél nøye utvalgde fargar)
 Kort á la Audhild, FØR silhouette verda opna seg skikkeleg.

Bilde av storkenebb-blomen har eg fotografert sjølv.
 
 Telyskort til tante A

 Innflyttningskort til vennepar

 Jebbuskort


 Bestillingskort til 40 åring

 Bestillingskort konfirmasjon til *fresh* jente



Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥