tirsdag 12. juli 2011

Big Shot

I går kjøpte eg meg Big Shot maskin i Førde.
For der e enkelte ting mi Silhouette sd ikkje kan.                      
  • prege papir
  • skjære i 220 g/m2 papir og oppover
Ogso kjøpte eg meg 2 dies.
Nellie Snellen: MFD 027 og MFD 018

Eg lure på om de vil kommentere og skrive kva dies de har, som de ikkje klarar dekan utan.
Då blir eg *happy* for eg skal ha fleire, eg veit berre ikkje kva slag enno ..

Ha ein fin dag :)


tirsdag 28. juni 2011

Promarker

Eg likar best å bruke bilder som e i svart/kvitt, sephia farga eller som ikkje treng farge.
Det er fordi eg e ganske håplaus på fargelegging.
Difor eig eg kun 3 Promarkers.
Tenkte no at DE kan hjelpe meg med å finne ut kva andre fargar eg treng,
som samsvarar med dei 3 eg har ;)

Dei heiter: Leaf Green, Fuchsia Pink og Bluebell


Sidan himmelen opnar seg for fullt denne veka og mitt
hovudarbeid består i å arbeide ute,
 spekulera eg på om eg skal til Førde ein dag.
På Kulør (litt Panduro) sel dei slike.

Elles finnst dei jo i nettbutikken Papir i hjertet , kr 29,- pr stk

Elles vil eg takke for koslege kommentarar. Det varmar ♥


søndag 26. juni 2011

Dåpskort til gut

Bestillingskort.
 Fann ut at det gjorde seg med ein raud blomst i alt det blå ;)



Mønsterark frå Maja Design - country life
                                              crea diem

MS sommarfugl-punch
 blomst frå kort & godt
charms: made with love
Tekst skreven ut i Vivaldi skrift
Bilde har eg funne på internet
Perlene e frå bl.a Panduro - Moments

fredag 24. juni 2011

Dikt til dåpen

Når eg lagar dåpskort, må eg ha tilgong på dikt som høver.
Dette er ikkje alltid like enkelt å finne. Her er 2 sider som har eit lite utvalg.
Tek gjerne i mot fleire ;)
Sakkalo & Mammanett

mandag 20. juni 2011

Dåpskort, jente

Ei veninde frå barndomen døypte si fystefødde i går.
Og i den anledning lagde eg dette kortet.

 Jenta sitt namn forsvinn i alt det rosa ..

søndag 19. juni 2011

Kort som eg ikkje har publisert tidlegare

  Konfirmasjonskort til gut som spelar i slagverkensamble

Prinsessekort. Utskjært i Silhouette
 

Korsett-kort til venninde
(vél nøye utvalgde fargar)
 Kort á la Audhild, FØR silhouette verda opna seg skikkeleg.

Bilde av storkenebb-blomen har eg fotografert sjølv.
 
 Telyskort til tante A

 Innflyttningskort til vennepar

 Jebbuskort


 Bestillingskort til 40 åring

 Bestillingskort konfirmasjon til *fresh* jente



tirsdag 7. juni 2011

Diverse tutorials m.m ♥

Har via andre sider, funne http://stempeleinmaleins.blogspot.com/
Ei side der man finn mange nyttige tutorials m.m
Det e enklare om du les og finn det sjølv ;)

torsdag 2. juni 2011

Blomsterkort med Silhouette sd

I heile ettermiddag har eg sete å pusla og skjært ut
blomster med mi silhouette sd.
(det går so uendeleg treigt. 
Underlagsmatta og kniven må skiftast ut)
Men endeleg e kortet til 85 års jubilanten ferdigt!!

Den gule blomen vart noko prangande og passar
ikkje heilt attåt den lys/mørke lilla,
men eg va so leie heile prosjektet at eg gav opp ..


Bak helsinga er der ein tag.
På den står det kva som er gåva til jubilanten ; )

Eg e i grunnen fornøgd med resultatet.
Det e berre den gule blomsten som irritera litt ....

søndag 29. mai 2011

*bobler av glede*

Eg deltok no i veka, på mi fyste utfordring i Trykkpressa.
(faktisk fyste deltaking på noko som helst innan papir-"kunst")
Det var som de kanskje har sett (lenger ned på sida) *lag eit bokmerke*

Og til mi STOOOORE overrasking har Mr. Random, trokke mitt namn på lista!!!!
Yeeeeeehaw!
No e eg so fornøgde at eg veit ikkje om eg får sove ...
But I'll do my best ;)

*bobler av glede*

fredag 27. mai 2011

Når man leitar på dei rette plassane ..

... finn man som regel noko man kan bruke : )
Eg fann dette finurlege bildet på abc-søk når søkeordet var:
mid age woman.
Kortet er ei helsing til eit syskenbarn som e 2 år frå 60
Ho e ganske ungdommeleg og hadde du gjetta
hadde alderen blitt kring 50 ..
Teksten er skrevet av eit stempel eg såg på eit kort.
Den stempla teksten er frå Norsk Stempelblad as sine clearstamps.
Sommarfuglen ein MS punch.
Grøn og gml.rosa blomst frå Kort & Godt
Mønster-papiret er Maya Design

Pynt etter behov inni kortet.
Det e forresten Silhouette sd som har skjært ut ramma.

onsdag 25. mai 2011

Bokmerke til Twilight-bøker

Eg e blitt kjær i Edward Cullen i filmen Twilight.
Ein fiksjonsfigur har kapra hjarte mitt!
So no har eg laga meg eit bokmerke til mine komandes Twilight bøker,
so denne forelskinga kan vare ei stund :)

Ta - daa
Med hempe fordi eg har ikkje hjarte til å lage hol .. 
 Utstansa stjerner limt på 3d-puter for effekt
 Bokstavar skrevet ut av Silhouette sd, med skrift-typen AR ESSENCE
  Bilete henta frå internett-sidene til Twilight
 E'kje han berre heilt nydeleg :)
(litt skummel og, men han e jo berre fiktiv)
Tett på ..

Tek også denne med på Trykkpressa si utfordring,
 som framleis e *lag eit bokmerke*
 :)

mandag 23. mai 2011

Bokmerker

Eg har den siste veka -innimellom arbeid og sånt-, spekulert på bokmerker.
Det skal vere fint, flott og praktisk!
Ikkje lag på lag. Det ska jo vere inne i ei bok, ikkje henge på veggen..
Det vart litt mykje lilla og eg synest der manglar *nåke*,
men det får gå for denne gongen ...

Pynten i venstre hjørne oppe, den grøne greina (som eg har "nerva" med blyant)
 og blomstrane har Silhouette sd'n min skjært ut.
Kantane på blomstrane har eg sverta med
Color Box Chalk - Lavender.
Sommarfuglen e ein punch frå Martha Stuart.
Banda har eg kjøpt på ein butikk på Voss ; )
Halvperlene e frå Panduro.
Versegod : )
Her med kvitprikka rosa band

Her, utan band
(eg synest det vart finast med ;)

Tett på (vistnuk litt uklart og ..)


Synst det va stilegt å ha ein sommarfugl av bokpapir, til eit bokmerkje ; )

Med dette deltek eg på Trykkpressa si utfordring, som denne gongen e *lag eit bokmerke*,
nordsalten hobbyklubb som har perler,
og
anonyme scrappere sin TRE (3)

Mine 3 e:
3 perler
3 blomster

Dette e mi fyste utfordring-deltaking.
*skrekkblandet fryd*

Legg gjerne att ein kommentar, so eg får vite kva DU synst : )


torsdag 5. mai 2011

Uniiik

Som nemnt før, surfar eg mykje for å finne inspirasjon.
I dag datt eg innom denne bloggen. Denne jenta set so stor pris på sine
tilhengarar, at ho kver månad trekk ut ein vinnar som får en oppmerksomhet i posten..
Wow ! Og det e ikkje småtteri ho gjev frå seg ..
Eg e herved beundrar : )

søndag 24. april 2011

Vinflaske-kort

Som nemt i forrige innlegg, freista det meir å lage vinflaske-kort til ei niese, enn samleband-konf.kort.
So då vart det slik at eg gjorde det ; )
Søkte på nett for å finne ein mal eg likte, men "alle" eg fann hadde feil fasong.
So fann eg eit eg likte, som du finn her. Ogso va det å setje i gong : )
  Malen eg fann måtte eg justere litt på.
Eg tykte den va for smal og for kort.
So mitt e:
 8 cm breidt (16cm totalt) og 13 cm lang (19,3 cm inkludert hempa)


Framside: før pynting


etter pynting

og på flaska

(med mitt personlige rot i bakgrunnen; )

torsdag 21. april 2011

Å gape over for mykje på ein gong ..

Var innpå  Puttelull sin blogg og såg. Eg e ofte innom tilfeldige bloggar for å finne inspirasjon : )
Ho skal lage konfirmasjonskort, men: da blir det bestillinger og da blir det mer plikt, og da er det ikke så morsomt!!!! Akkurat DET må eg sei meg enig i. Det e kjekkare å lage kort, når man sjølv kan bestemme utsjånad. Og ikkje masseprodusere, som eg skal til med no ..
Eg trur eg må tenkje meg beire om neste gong eg seier ja takk til å lage kort. Kun eitt av kver sort!
No har eg bestilling på 5 like jentekort og 3 like guttekort. Og eg har mest lyst å lage flaskekort til Katrine (niese) ..
*sukk*

tirsdag 12. april 2011

Min aller fyste Award : D


Med awarden fylgjer det ei oppgåve.
Skriv 8 ting om deg sjølv og gje den vidare til 8 bloggara
(men sidan eg ikkje har so månge følgjare å *fråtse* i, plukkar eg ut 5.)
E det eit ok nuk kompromi??

Here goes:
  1. Når eg kjøper diverse mønsterark, må eg kjøpe to, so eg har eit å *klemme* på
  2.  Eg e utdanna gartner i park & annlegg, men jobbar med mykje anna. 
  3. Kattar e mitt favoritt-dyr
  4. men hundar e ein god nummer 2 ; )
  5. E ufatteleg barnsleg til å nett vere fylt 35 år
  6. Synest clear-stamps e ei brilljant oppfinning
  7. E yngst av 5 sysken
  8. Den største gleda man kan ha, det e å gjera andre gla.
  • Det siste puktet, e grunnen til at eg lagar kort : )
So va det dei 5 heldige:

Det e so månge flotte bloggar rundt om kring : )
 

torsdag 7. april 2011

Dåpskort til jente

I går fekk eg bestilling på eit dåpskort til jente.
Egentleg hadde eg ikkje tida, pga skal på tur med Gloppen Janitsjar til Trondheim i dag.
Men fekk nuk ein gong bevist for meg sjølv, at arbeid under press, gjev godt resultat ; )
Her e det:

 Vart litt skugge på høgre side, men jenta heiter Alida
Og det er eit staffeli-kort.
Kunne kanskje vore meir pynt inni kortet, men faren e at det vert for mykje.

Det mønstrete papiret er
  • Maja Design: Antligen! Syrenen blommar.
  • Bildet har eg funne på nett.
  • Bokstavane har Silhouette sd printa ut.

Mor, far og brørne mine ♥

Mor, far og brørne mine ♥

Marie-syster mi og meg jula 1976

Marie-syster mi og meg jula 1976

Picture perfect ♥

Picture perfect ♥